mandag 2. januar 2012

Kristen-Norge

Etter at den materialistiske delen av kristmessefeiringa gjorde at eg satt att med to utgåver av ei og same bok, vart eg ein av dei som gjorde sitt til at tredje juledag levde opp til sitt rykte som den store byttedagen. Boka eg då kom heim med var Kristen-Norge. En oppdagelsesreise av Didrik Søderlind.

Didrik Søderlind er nok ikkje i utgangspunktet den ein forventa skulle levere ei bok om dei ulike avskuggingane av det kristne Norge, all den tid han arbeider i Human-Etisk Forbund og tidlegare har levert litteratur om mellom anna den norske svartmetallscena. Men boka kom altså ut i 2010, og vart møtt med til dels særs gode kritikkar. Sidan ho kom, har boka stått på leselista mi, men sneik seg altså ikkje inn før som den desidert siste boka i 2011.

Plottet i boka er enkelt og smått genialt. Søderlind brukte eitt års tid på å reise rundt i Norge og vitje ulike kyrkjelyda. Han skulle finne ut kva kristennorge bestod av, kva som skilde dei ulike samfunna og kva som band saman. Korleis dei ulike praktiserte trua trua si og kva ein trudde på. Og han stilte seg open for å verte overtydd om at nokon hadde rett.

Det må seiast at Søderlind absolutt ikkje er av dei mest religionsfiendlege ein kan støte på i HEF, hadde han vore det hadde ikkje denne boka blitt så god som ho er. Og når sant skal seiast hadde ho nok heller ikkje blitt så god om nokon av oss på innsida av kristennorge skulle ha skreve henne. Søderlind vert ein stad i boka utfordra på korleis han som ateist kan skildre kristne kyrkjelydar på ein rettvis måte, og gjev som svar (fritt parafrasert etter hukommelsen) at det er jo det han gjer når han skildrar andre truande, så då må det gå her også. Og det går strålande godt.

Dette er ei bok det absolutt er bruk for. Til Klassekampen sa Søderlind at det er ei katastrofe kor lite folk kan om kristendomen. Det han han rett i. Men denne boka kan rette opp i dette, for det er ei flott innføring i ulike konfesjonar, i ein del kristen grunnteologi og i den norske kristenheita. Det er sjølvsagt ikkje komplett, det er ikkje heilt systematisk, det er heller ikkje heilt utan feil, men alt i alt er det svært bra. Det er informativt, det er underhaldande, det er pirrande, det er nyttig. Boka burde vere obligatorisk lesning for alle som er interessert i kristendomen, anten for å finne ein andeleg heim i religionen eller for å kritisere han, for i denne enkle boka finn ein mykje informasjon alt for mange folk manglar.

Sjølv likte eg svært godt kapittelet der han var på vitjing hjå læstadianarane i Tromsø. Det var spanande å lese ei skildring av ein del av den kyrkja eg sjølv høyrer til som eg ikkje har nokon erfaring med. Det eg derimot har erfaring med er vanlege gudstenester i Den norske kyrkje. Eg var sjølvsagt spent på kva Sønderlid meinte om den gudstenesta han var på, men eg trur både eg og han vart positivt overraska. Men kvifor er det eigentleg med eit kapittel om new-age i boka? Det verka malplassert på meg. Særleg sidan kapittelet om adventistane då vart ståande litt på utsida.

Dette er uansett ikkje noko som trekk særleg ned inntrykket av ei særs god bok. Det gjekk ei stund før eg fekk somla meg til å lese boka, men boka er absolutt like aktuell om vi no skriv 2012 og ikkje 2010. Kristen-Norge. En oppdagelsesreise er ei av dei beste, om ikkje den beste, bøkene eg las i 2011. Anbefalast på det sterkaste!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar