Folkefrelsar, til oss kom,
fødd av møy i armodsdom!
Heile verdi undrast på
kvi du såleis koma må.
Herrens under her me ser,
ved Guds Ande dette skjer.
Livsens ord frå himmerik
vert i kjøt og blod oss lik.
Utan synd han boren er
som all synd for verdi ber.
Han er både Gud og mann,
alle folk han frelsa kan.
Frå Gud Fader kom han her,
heim til Gud hans vegar ber,
ned han fór til helheims land,
oppfór til Guds høgre hand.
Du som er Gud Fader lik,
ver i vanmakt sigerrik!
Med din guddoms velde kom,
styrk oss i vår armodsdom!
Klårt di krubbe skina kan,
ljoset nytt i natti rann,
naud og natt til ende er,
trui alltid ljoset ser.
Lov og takk, du Herre kjær,
som til verdi komen er!
Fader god og Ande blid,
lov og takk til evig tid!
Koreansk framstilling av juleevangeliet. Biletet er henta frå denne bloggen, og mala av Kim Gi-chang. |
«Folkefrelsar til oss kom» er skrive av Ambrosius av Milano. Vi syng han i norsk omsetjing gjort av Bernt Støylen med melodi frå 1524. Salmen finn vi som nummer 1 i Norsk Salmebok.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar