|
Codex Gigas oppslått i Stockholm. Legg merke til storleiken mot folka i
bakgrunnen. Den hoppande glade karen på den høgre sida i boka kjem vi
attende til.
Biletet er tatt av Michal Maňas og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY 2.5) |
Det har vore stille på St. Isidors minne i det siste. Noko av grunnen er at eg har brukt mesteparten av mi tid på nettet til å fullføre eit
i overkant stort prosjekt på Wikipedia. Det passar derfor bra å snakke litt om eit anna prosjekt som kanskje var litt i overkant stort.
Vi skal til
Codex Gigas, det største mellomaldermanuskriptet vi har. Og då snakkar vi i fysiske mål, etter det eg har forstått. Codexen, eller boka, er 92 cm høg, 50 cm brei og 22 cm tjukk. Heile greia veg 75 kilo, og det skal ha gått med rundt 160 dyr for å skaffe skinn til dei 320 sidene. Solide greier, altså.
Så er det innhaldet i boka. Det er ikkje småtteri, det heller. Ho inneheld heile
Bibelen. Det vil i hovudsak seie
Vulgata, bortsett frå eit par bøker som er i ein eldre versjon.
Sidan det er
Vulgata, vil det seie at også
dei gamaltestamentlege apokryfane er med. I tillegg er det nokre bøker av
Josefus, bøker frå ulike filosofar, nokre magiske formlar, ei liste over brødre i klosteret der boka vart skrive, kalenderar og anna småplukk. Og så kjem noko som gjer at boka er umogeleg å gå forbi for St. Isidors minne. I
Codex Gigas finn ein også
St. Isidor si bok
Etymologiæ.
Dette verkar kanskje ikkje så imponerande på oss. Ein får jo lasta ned meir til lesebrettet sitt før formiddagsmat. Men ein må hugse på at alt dette var handskrive på pergament. Og som om ikkje det var nok: Heile greia var skrive av ein munk!
Det er same handskrift i heile boka, noko som gjer at ein reknar med at det var ein mann som skreiv alt, sjølv om ein då ikkje heng seg på
legenda om at han fekk hjelp av djevelen og skreiv heile boka på ei natt. Ein er ikkje sikker på kven som skreiv det eller kvar han budde, men ein veit at det må ha vorte skrive
i Tsjekkia mellom 1204 og 1230, og frå margnotatar trur ein kanskje munken som skreiv det var ein kar som bar namnet Herman.
Dette tok sjølvsagt tid. Nasjonalbiblioteket i Stockholm, som er dei som eig boka i dag,
skriv dette om tidsbruken:
Det är mycket svårt att bedöma hur lång tid skrivaren behövde för att skriva handskriften. Han kan ha skrivit en spalt med 106 rader på en dag. Om han arbetade sex timmar om dagen och skrev sex dagar i veckan kan handskriften ha fullbordats på omkring fem år. Om skrivaren var en munk kanske han bara kunde arbeta omkring tre timmar per dag, vilket innebär att handskriften kan ha krävt tio år. Eftersom skrivaren innan han började skriva kanske också drog upp stödlinjer, ett arbete som troligen tog åtskilliga timmar per blad, betyder detta att det antagligen tog minst tjugo år att fullborda handskriften, kanske till och med trettio.
No vil den observante lesar kanskje undre seg på kvifor boka ligg i Stockholm, og ikkje i Praha eller eit tsjekkisk kloster.
Den var der fram til 1649, då svenskane var på krigartokt i mellomeuropa. Kva dei skulle der, kan ein jo spørje seg, men dei kom i alle fall heim att med mellom anna denne boka. Og i dag ligg ho i Stockholm, noko eg riv meg i håret for at eg ikkje var klar over då eg var i byen for nokre år sidan...
Til no har vi altså etablert at vi har ein diger kloss av ei bok, ja faktisk det største mellomalder-manuskriptet i verda. Denne boka inneheld ei rekkje skrifter, og heile greia vart skrive ned av ein einaste mann i løpet av laaaang tid. For å gjere det heile endå litt meir interessant, stakk så svenskane av med heile greia og drog med seg kolossen over halve Europa.
Men det sluttar ikkje der! For ei bok av dette kaliberet var sjølvsagt illuminert. Altså utsmykka. Det heile ser ganske lekkert ut, faktisk. Nasjonalbiblioteket
sine bilete av kvar einaste side ser ikkje ut til å fungere, (det er nesten så ein må tru på karma) men ein kan sjølvsagt finne ein del (alt?) på
Wikimedia Commons sine serverar.
Når ein skulle utsmykke boka var det mellom anna plass til to heilsides bilete. Det var derfor harde prioriteringar som måtte til. Det eine ein valgte å satse på var ikkje så underleg. Ein gjekk for eit bilete av det nye Jerusalem. Traust og trygt. Deretter må det ha gått ein liten djevel i dei, for det andre heilsides bilete dei valgte å lage var nettopp av.... Djevelen. Ei heil side med det som for meg ser ut som ein hoppande glad djevel.
Kvifor? Tja... Kanskje nokon var lei av heile boka etter kvart? Det har i alle fall gjeve boka det klingande tilnamnet «Djevelens Bibel». Og det er vel berre å sjå sanninga i augene: Utan djevelen i storformat, hadde sikkert ingen brydd seg med eit digert manuskript frå 1200-talet....