mandag 6. juli 2015

«Sæle er dei som høyrer Guds ord»

I kyrkjene våre har det dei siste åra poppa opp fastmonterte lerret som augebetennelse i ein barnehage. Det er meint å skulle gjere det lettare for kyrkjelyden å følgje med på liturgien og salmane. Ein fin tanke. Kyrkjelyden skal kunne følgje med på liturgi og salmar.

For at kyrkjelyden skal kunne gjere dette - ein kan sjølvsagt spørje seg kvifor det kyrkjelydar gjennom to tusen år har klart utan lerret plutseleg er umogeleg for kyrkjelydar i dag - viser ein slike «powerpointar» på desse lerreta. Det er det dei heiter, desse straumane av lysbilete, sjølv om eg personleg helst brukar LibreOffice Impress for å skape slik magi, og kven veit kva eplefolket brukar....

Uansett. Slike «powerpointar» tiltrekk seg merksemd. Det er berre slik auget fungerar. Bilete som skiftar tiltrekk seg merksem. Nokre «powerpointar» er vellukka. Andre er ikkje like vellukka.... Nokre er keisame. Andre er... ikkje keisame.... Dei vellukka tiltrekk seg merksemda dei skal ha. Dei mindre vellukka er så altoppslukande at det ikkje er mogeleg å få dei vekk frå synsfeltet.

Ein kan sjølvsagt spørje seg kvar kyrkjekunsten har blitt av i dette. Den gjennomtenkte kyrkjekunsten som er blitt kjøpt inn, utforma og plassert for å gje eit heilskapleg uttrykk. Den blinkar ikkje så mykje, det skal seiast. Den er heller ikkje alltid like... dagsaktuell. Den har kanskje det ein kan kalle for «tidløyse». I alle fall den vellukka kyrkjekunsten. Eg ser no vekk frå svært mange grelle altartavler.

Og ein kan spørje seg kvar fokuset på altaret har blitt av. Der sakramentet er. Der fokuset for tilbedinga bør vere. Ein ser nemleg ikkje på altaret når ein framseier liturgien. Ein ser på eit lerret med ein «powerpoint». Og det lerretet, det heng der det er plass til det. På bakveggen, for alt eg veit.

Ord og sakrament. Der ligg kjerna i vår lutherske lære. Eller låg. No kan det ofte verke som ho ligg i clip-art og «powerpointar».

Det vart talande for meg då eg kom over desse orda i arbeidet med ein artikkel på Wikipedia. Dei er frå Fjotlandsrosa, ei nettside som driv med «Kulturhistorie frå Fjotland». Fjotland viser det seg at er ein plass i Kvinesdal. Som seg hør og bør for ei nettside som driv med kulturhistorie frå Fjotland, skriv Fjotlandsrosa om Fjotland kyrkje. Og her kjem det. Orda som ikkje treng kommentar, men som åleine illustrerer korleis «powerpointar» har blitt CA XXIX:

Den som legg turen til Fjotland kyrkje ein messesundag, vil ikkje oppleva å sjå det som på fleire måtar har vore ein gøymt skatt i det gamle gudshuset. Bak lerreftet (sic) som blir brukt til å visa tekstane til salmar og dei ulike ledda i gudstenesteliturgien for kyrkjelyden, finn ein nemleg eit bibelord skore ut med med store bokstavar, i eit språk dei færraste av oss skjønar. 
På tri samanføydde trefjøler som heng på høgre sida på korveggen framme i kyrkja, kan ein lesa: BEATI QUI AUDIUNT / VERBUM DEI ET CUSTO / DIUNT ILLUD : LUC 11 28. Orda finn ein som ein kanskje skjønar i Lukas 11, 28: «Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.»

2 kommentarer:

Per sa...

Til glede for alle som ønskjer at dei gamle kyrkjebygga skal takast vare på. No har me tatt ut lerretet i Fjotland kyrkje, og den gamle trefjøla har igjen kome fram slik at kyrkjelyden kan sjå han kvar gong dei kjem til kyrkja.

Steinar Sneås Skauge sa...

Interessant og spanande at de har valgt å gjere den vurderinga. Sjølv om det nok ikkje kom fram i innlegget mitt over, har eg inga grunn til å tru at Fjotland kyrkje er noko verre enn andre kyrkjer. Eg følte berre at teksten på Fjotlandsrosa vart så illustrerande, så derfor vart det Fjotland kyrkje som fekk uriasposten som illustrasjon.

Takk for oppdateringa på kva som skjer i Fjotland!

Legg inn en kommentar