onsdag 29. april 2015

Sirkus Gud

Facebookstraumen min har jamnlege innslag der entusiastiske folk fortel om korleis dei har opplevd mirakel. Korleis dei har sett at nokon dei bad for vart friske der og då eller at dei var på eit eller anna møte der alle mogelege formar for sjukdom og handicap forsvann som dogg for sola. Som oftast vert desse vitnesbyrda avslutta med ei lovprising som «Gud er god!», «Jesus lever» eller liknande.

Dette er problematisk. Det er ikkje problematisk fordi eg ikkje trur at Gud kan gjere folk friske eller gripe inn i verda på ein måte vi vil kalle eit mirakel. Eg tenkjer heller ikkje no på at praksisane rundt dette ofte er djupt problematiske, enten det er snakk om forbøn for framande på gata eller i møtesamanheng - det får eventuelt bli ein seinare bloggpost. Det er problematisk fordi eg ikkje trur på dei og fordi eg er redd for at dei skadar kyrkja gjennom det dei driv med.

Når eg i innleiinga sa at «alle mogelege formar for sjukdom og handicap» forsvinn som dogg for sola, er det eigentleg ikkje sant. For det er stort sett eit svært snevert felt med mirakuløse helbredingar desse grupperingane er omgjevne av. Det er typiske placebohelbredingar som at hovudverk forsvinn, syn blir betre, angst vert vekke, folk får sove godt etter mange år med dårleg søvn og slikt. Og så er det det klassiske beinet. Skal ein tru facebookstraumen min og folk eg har snakka med, må Vestlandet ha vore befolka av enorme skarar av menneske med bein i ulik lengde, for det er ikkje grenser for kor mange bein eg har høyrt om som har vakse ut. Det er minst ein fot i veka i snitt, vil eg tru. Det er kanskje derfor eg så sjeldan møter nokon med ulik lengde på beina? Dei har kanskje alle saman blitt helbreda i den storslåtte folkehelseaksjonen Gud tydlegvis har på gang.

Også dette er faktisk ein form for placebohelbreding, sjølv om det kanskje ikkje verkar slik med ein gong vi tenkjer på det. Men når folk blir bedt for og trur dei skal bli friske, er det ein tendens til at dei, utan at dei sjølv er klar over det, vrir på hofta, noko som gjer at beina framstår som like lange. Både dei sjølve og dei som ber for dei vil derfor tru at beinet har vakse, utan at det eigentleg har det.

No er det ikkje noko gale i seg sjølv med placebohelbreding. Om det er placeboeffekten som gjer at hovudverken forsvinn, så er jo hovudet betre, og det er jo flott. Det som ikkje er like flott er at dette vert lagt på Gud.

Skal ein tru på desse fortejingane driv Gud med helbreding av småtteri i stor stil. Men dei store helbredingane høyrer vi sjeldan om. Og når vi gjer det, er det som oftast ikkje frå dei same miljøa.

Eg har ikkje noko problem med å tru at Gud grip inn og gjer folk friske frå tid til anna. Eg har blitt fortalt om dette frå folk eg stolar på. Eg skulle nesten ønske eg hadde problem med å tru dette, for med å tru at det skjer, melder det seg store, vanskelege spørsmål utan gode svar. Kvifor skjer det ikkje oftare? Kvifor ikkje med dei eg er glade i? Kvifor gjorde ikkje Gud noko i Nepal? Det er nesten så eg må seie «Desverre, så trur eg Gud av og til grip inn.»

Men eg trur ikkje Gud grip inn i småtteri på gata. Eg trur ikkje Gud vil la seg reduserast til eit sirkusnummer på Torgallmenningen eller til eit trekkplaster for forkynnarar med glinsande dress og høg stemme. Eg trur Gud jobbar i det stille.

Derfor er det problematisk med desse forteljingane. Det er problematisk fordi eg ikkje trur dei er sanne. Og eg har mange med meg i dette. Det er problematisk fordi eg trur mange avskriv Gud fordi dei koblar det manglande truverdet desse forteljingane har til Gud. Det er problematiske fordi eg trur mange ikkje vil kalle seg kristne fordi dei ikkje vil bli satt i bås med dei som held fram desse forteljingane. Det er problematisk fordi dei verkelege helbredingane ikkje blir tatt på alvor då dei blir sausa saman med slike forteljingar. Det er problematisk fordi Gud blir redusert til ein sirkusartist som jobbar på bestilling. Det er problematisk fordi det skadar kyrkja og Gud.

Eg veit det er godt meint. Eg veit at det vert sagt med eit ynskje om at fleire skal bli kjent med Jesus, men eg trur det verkar mot si hensikt. Derfor håpar eg at nokon kanskje les dette og tenkjer seg om ein gong eller to før når dei vil legge ut slikt neste gong. Kanskje dei vil ta ei vurdering på om det dei seier vil føre folk til kyrkja eller skremme folk vekk frå kyrkja. Og kanskje dei etter vurderinga vil droppe å skrive om det på Facebook.  

2 kommentarer:

Arve Kjell Uthaug sa...

«SKRÅBROTSHARE» skal visst nok vera i bruk i Hardanger om folk som er kortare i eine foten enn den andre. Om eg har oppfatta det rett, er det snakk om folk som er så godt tilpassa, eventuelt hardt prega av, det bratte landskapet at det eine beinet er lenger enn det andre. Så kanskje er det eit spesielt stort behov for å utlikna ujamne bein frå dei vestlandske fjordbygdene? ... Eg håpar folk med ulik beinlengd allereie har tilgitt meg, anten dei er blitt helbreda eller ikkje.

Det er heilt grunnleggjande at det faktisk er sant det som blir fortalt om helbredingar. Eg er litt spørjande når det blir proklamert på eit møte at nokon nettopp er blitt lækt frå det eine eller det andre. To litt skeptiske tankar snik seg inn. Varer dette? Går det i det minste ikkje an å venta eit år, eller kanskje eit par månader, og sjå om effekten framleis er der. Tanke nummer to: Det hadde vore veldig interessant om nokon forska på personar som opplever, eller hevdar å ha opplevd, å bli friske på overnaturleg vis. Eg trur, som Steinar, at slike ting skjer. Men det er viktig å vita kva som er sant og truverdig. Eg vil tru Gud ikkje treng lite truverdig reklamemakeri.

«Det er typiske placebohelbredingar som at hovudverk forsvinn, syn blir betre, angst vert vekke, folk får sove godt etter mange år med dårleg søvn og slikt. Og så er det det klassiske beinet.» Det er mitt inntrykk òg at visse problem og skavankar er overrepresenterte, medan vi svært sjeldan høyrer om helbredingar av ein del andre og svært alvorlege tilstandar. Men er det placebo likevel? Kanskje i ein del tilfelle, men det kan vera vanskeleg å vita. Dersom slike endringar varer ei tid, eller blir permanente, kan det bety ei dramatisk betring i livet til folk. Å bli kvitt hovudverk, å sleppa slita med angst eller å bli fri frå søvnproblem er ikkje småtteri for dei som har problemet. Eg skjønar veldig godt at dei takkar Gud om noko slikt skjer etter forbøn.

Kvifor lækjer ikkje Gud oftare, kvifor ikkje dei eg er glad i, kvifor så sjeldan dei store og veldig alvorlege sjukdomane? Alt dette er svært gode spørsmål. Eg har ikkje møtt nokon som gjev fullgode svar, i alle fall ikkje gode nok forklaringar. Men eg synest ikkje dei helbredingane som faktisk skjer – om det så skulle vera ein fot som veks ut på Torgallmenningen – gjer desse spørsmåla meir vanskelege enn dei allereie er. Då Boko Haram kidnappa nesten tre hundre jenter, var det nokre som greidde å rømma. Det er det første (vondskapen) som er problemet, det siste (rømmingane) er trass alt eit lyspunkt. Og jordskjelvet kom i Nepal, og mange er døde. Vi veit ikkje kvifor Gud let det skje. Det er mange kristne i Nepal, og ein dag får vi gjerne høyra deira historie – om kva dei opplevde av sorg og tap. Men kanskje kan dei òg fortelja noko om bøn og underfull hjelp og kva det betydde for dei? Eg seier ikkje at du gjer det, Steinar, men av og til blir det nærast framstilt som om det mest rettferdige er at alle har det like vondt. Og skal det først vera så mykje sjukdom i verda, bør ikkje Gud gripa inn og helbreda ein her og ei der. Men eg ser det ikkje slik, eg ser det som lyspunkt.

«Men eg trur ikkje Gud grip inn i småtteri på gata. Eg trur ikkje Gud vil la seg reduserast til eit sirkusnummer på Torgallmenningen eller til eit trekkplaster for forkynnarar med glinsande dress og høg stemme. Eg trur Gud jobbar i det stille.» Trur eller ønskjer? Eg er heller ikkje glad i påtrengande gateevangelistar, eller glinsande dress i kombinert med høg stemme. Men kan Gud bruka forkynnarar med kjole og MF-stemme, kan han vel på forunderleg vis bruka dei glinsande dressane og dei høge røystene òg (her skulle det stått eit smileteikn, orsak). Så lenge det blir gitt ei ærleg framstilling av det som skjer, så lenge det er truverdig og etterprøvbart, så lenge folk ikkje blir manipulerte til å «framsnakka Gud» med ting som ikkje har skjedd – så ønskjer eg å ha eit positivt syn på det.

Eg følgjer deg vel halve vegen, Steinar.

giaonhanquocte sa...

Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

Công ty vận chuyển hàng nước ngoài FadoExpress hàng đầu chuyên vận chuyển, chuyển phát nhanh siêu tốc đi khắp thế giới, nổi bật là dịch vụ gửi hàng đi mỹ, gửi hàng đi nhậtgửi hàng đi đài loan và dịch vụ chuyển phát nhanh đi hàn quốc uy tín, giá rẻ

Legg inn en kommentar