fredag 31. mai 2013

Kvar er sentrum på jorda?

Vi held oss gjerne med kart som på underleg vis plasserer Europa, og med det også Norge omtrent på midten. Vi vert dermed eit sentralt midtpunkt for alt som skjer på jorda, og andre stader er eigentleg berre avkrokar, langt vekke frå det naturlege sentrum. Det er sjølvsagt ikkje slik, men slik kan det fort verke om ein ser på eit kart.

Jorda er ei kuleforma sak, der det ikkje er slik at noko punkt eigentleg er eit naturleg sentrum. Kva som er sentralt er avhengig av kvar ein er. Dette kinesiske kartet frå 1600-talet viser dette tydeleg.
Sidan kartet er kinesisk, passar det greit å plassere Kina som sentrum for verda.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Men med ei kule er det heller ikkje så greit å seie kva som er opp og ned. Vi har den kjekke tanken att nord er opp. Dette har på hendig vis sett oss på toppen av verda. Alle andre kjem under oss. Slik treng det sjølvsagt ikkje å vere. Ta ein kikk på dette satelittbiletet.
Norge har havna på midten her også, men ting ser anneleis ut...
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Eller kva med dette arabiske kartet frå 1100-talet? Det vart laga på bestilling til ein konge av Sicilia, noko ein kanskje kan ane om ein ser litt på proposjonane. Men nord er ned, og sør er opp. Det er jo eigentleg ikkje nokon god grunn til noko anna...
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Kombiasjonen av desse to måtane å endre sentrum på kartet på, altså å ha sentrum omtrent i Stillehavet med sør opp vil gje oss eit kart vi ikkje ser så ofte. Her vert Norge ein absolutt utkant i verda.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Har dette noko å seie? Nei, det treng det ikkje å ha, men det kan sjølvsagt få oss til å tenke litt over korleis karta vi ser på formar synet vårt på verda, noko vi sikkert ikkje har vondt av. I ei ideell verd skal sjølvsagt ikkje dette ha noko å seie, men kanskje vert måten vi ser på verda på meir forma av karta vi brukar enn det vi trur? Då kan det kanskje ha noko å seie, sjølv om nokre små kartglimt sikkert ikkje vil revolusjonere verdsbiletet vårt.

Artig er det uansett!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar