søndag 19. mai 2013

Kyrkjehistora sett frå strilelandet

Pinsemessa vart feira i Lindås kyrkje i dag, og der kom eg over nokre interessante marmortavler. I kyrkja heng det fleire marmortavler med bilete av ulike personar frå kyrkjehistoria. I hovudsak er dette salmediktarar, men det er også bilete av mellom anna ein gamal prest i kyrkja.

Bileta er laga av Katharina Saltnes. Ho levde frå 1862 til 1945, og vart delvis invalidisert av poliomyelitt som fireåring. Likevel vart ho ei særs dugande treskjærar og kunstnar. Ho laga desse bileta til Lindås kyrkje til 70 års jubileet i 1935, noko ho fekk Kongens fortenstmedalje for. I søknaden frå soknerådet stod det mellom anna:
Ein fatig krypling, med mykje sjukdom, vanhelsa og kraftløysa og med mange såre vonbrot i livet, det er hennar beiske lagnad. Men ho ber ikkje agg korkje mot Gud eller menneskje og er attpå stor nok til, ueigennyttigt og sjølvgløymande å ofra mange års arbeid til prydnad av Guds hus, den kyrkja der ho er døypt og konfirmera, og som difor er hennar kyrkja.
Soga om Katharina er forsåvidt interessant, og om ein vil vite meir kan ein til dømes lese om henne her, men det som fanga mi merksemd var marmortavla det er bilete av under. På eit vis trur eg denne tavla seier mykje om korleis ein såg på kyrkjehistoria, ikkje berre på strilelandet, men i heile Norge på denne tida.

På toppen av tavla finn ein tre kyrkjelærarar: helgenpaven Gregor den store med ein av dei største teologane i kyrkjehistoria, Augustin, på den eine sida og ein av dei andre gigantane i kyrkjehistoria, Ambrosius, på den andre sida. Under desse tre, framheva både i storleik og posisjon finn vi dei store salmediktarane Thomas Kingo og H.A. Brorson. For all del: Desse to er ikkje smågutar i vår dansk-norske kyrkjehistorie, men ein må vel vere ganske så.... luthersk.... for å meine at Kingo og Brorson når heilt opp til Ambrosius, Augustin og Gregor den store? Det er mogeleg eg les for mykje inn i dette, men for meg vart dette biletet talande for det nærsynte kyrkjesynet vi har hatt og delvis har i Norge, både når det gjeld tid, stad og konfesjon.

Uansett kven ein meiner er toppteologen av Augustin og Brorson, vil eg anbefale eit tur til Elias Blix, Petter Dass, Johann Sebastian Bach, Dorothe Engelbrektsdatter, Erik Pontoppidan, Martin Luther og dei andre marmorbileta i Lindås kyrkje. Besøket kan med fordel kombinerast med ei messe.

Den eine marmortavla i Lindås kyrkje.
Augustin, Gregor den store, Ambrosius
Kingo og Brorson

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar