lørdag 11. mai 2013

George Psalmanazar

Den vidunderlege svindlaner George Psalmanazar.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne har tidlegare vore innom finfine svindlarar som Kaspar Hauser og Wilhelm Voigt. Denne gangen skal vi ta for oss ein endå større meister i faget enn desse to. Vi skal til George Psalmanazar.

Kva som var det eigentlege namnet hans er usikkert, men han vart kanskje født i Sør-Frankrike ein eller annan gang rundt 1680. I følge han sjølv var han flink på skulen, særleg med språk, noko ein nok bør tru han på. Han hoppa etterkvart av skulen for å gje seg ut i verda. Målet hans var i første omgang Roma, og han lærte seg engelsk, forfalska eit pass og stal pilegrimsutstyr. Deretter la han ut på vandring som ein irsk pilegrim. Han fann raskt ut at å utgje seg for å vere frå Irland var vanskeleg, då folk i Europa kjente til Irland. Ein stund hevda han derfor at han var ein japanar som hadde omvendt seg til kristendomen, I 1702 hadde han havna i Nederland, og hevda no at han kom frå det eksotiske landet Formosa, det vi i dag kjenner som Taiwan. Og med dette byrjar det å ta av. Den falske asiaten snakka no eit språk han hadde dikta opp sjølv og han dyrka sola og månen. Same år traff han den skotske presten William Innes, noko som skulle bli viktig for den vidare utviklinga.

Innes tok han med seg til London og presenterte han for biskopen i London i 1704. Dei hevda at mannen var ein omvendt hedning frå Formosa, eit land stort ingen engelskmenn kjente til, hendig nok. Innes hadde omvendt han og gjeve han det kristne namnet George Psalmanazar.

Den eksotiske George var vakker og hadde stor utstråling, og han vart ein attraksjon i sosieteten i London. Saman med Innes hevda han at han kom frå ein adelsfamilie på Formosa. Han skulle ha blitt lurt vekk frå øya av Jesuittar og forsøkt tvangsomvendt til katolisismen, men stått i mot fram til han møtte den anglikanske kyrkja, ei historie som sjølvsagt vart ein hit i det sterkt anti-katolske England.

Tittelbladet på boka hans.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I 1704 gav George ut boka An Historical and Geographical Description of Formosa, an Island subject to the Emperor of Japan, der han gav detaljerte skildringar av dei underlege skikkane på Formosa, av geografien, språket og religionen. Alt var sjølvsagt det reinaste vås, sidan han aldri hadde vore i nærleiken av denne staden. Boka vart ein kjempesuksess, og kom i to utgåver på engelsk, på nederlandsk i 1705 og seinare også på tysk.

Biskopen i London sendte han til Oxford for å halde forelesingar om Formosa sin historie, og av den anglikanske kyrkja fekk han i oppgåve å oversette Bibelen til formosisk. Forelesinga i Oxford hadde Psalmanazar med ein slange kveila rundt halsen, noko han hevda var ein gamal skikk frå Formosa.

Nokon var sjølvsagt skeptiske til det heile, noko som berre skulle mangle. Det var ein og anna jesuitt som kjente til landet og kunne fortelje at Psalmanazar for med løgn, men dei var jo katolikkar og vart avfeid utan vidare. At han var kvit i huda, kunne George forklare med at overklassen på Farmosa budde under bakken og ikkje vart utsett for sollys.

Det heile kunne jo ikkje vare. Etter som interessa for Formosa auka, fann ein ut meir om landet. Og etter som ein fann ut meir om landet, såg eit at det Psalmanazar sa ikkje var riktig. I 1706 måtte han legge korta på bordet og tilstå at han aldri hadde vore på Formosa. Då hadde Innes sett kva som var i ferd med å skje, og fått jobb som feltprest i Portugal. Med seg hadde han ei formue han hadde tjent på svindelen.

Ein skulle jo tru at historia om George Psalmanazar slutta der, men det gjer ho ikkje. Han hadde fått seg mektige vener i London, og nokre prestar betalte slik at han skulle kunne studere teologi. Han vart ven med boktrykkaren og forfattaren Samuel Palmer og skreiv boka The General History of Printing saman med han. Han skreiv også for eit historisk tidsskrift og til og med delar av ei bok om geografien på Formosa. Dette var ei seriøs bok, der han skreiv fakta om landet han før hadde dikta opp ting om.

Alfabetet på Formosa, i følge
Psalmanazar.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
Som teolog var han også relativt vellukka. Han gav ut ei samling teologiske essay i 1753, og skal også ha publisert ei utgåve av Salmane med noter.

Språket han dikta opp er eit av dei første døma på slike oppdikta språk, og var godt nok til å blir brukt som døme av tyske gramatikarar i lang tid.

George Psalmanazar døydde i 1763. Han hadde som sagt vener høgt på strå, og den store engelske diktaren Samuel Johnson  sa då om han at «his piety, penitence and virtue exceeded almost what we read as wonderful in the lives of the saints».

Historia var heller ikkje slutt med dette, for i 1765 kom Memoirs of ****, Commonly Known by the Name of George Psalmanazar ut. Dette var sjølvbiografien hans der han skreiv om kvar han kom frå og korleis han utførte svindelen sin. I alle fall kvar han hevda han kom frå. Namnet sitt sa han aldri...

Flottare svindelhistorie er det vanskeleg å tenke seg, men eg tar gjerne imot tips om nokon kjenner til fleire slike historier.

Kjelder
William Donaldson, Brewer's Rogues, Villains and Eccentrics. An A-Z of Rougish Britons Through the Ages, 2002. Side 519-520.
George Psalamanzar - Wikipedia på engelsk
George Psalmanazar, the famous fraud of Formosa - mutantfrog.com. (Her kan ein også laste ned bøkene hans)
The Native of Formosa - museumofhoaxes.com

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar