lørdag 4. mai 2013

Romfolket sin skytshelgen

Ceferino Giménez Mall, romfolket sin skytshelgen.
Biletet er henta frå denne nettsida, og ser ut til å vere
til fri bruk.
Få folkeslag har blitt hata så mykje som romfolket, så det som skjer i Norge i dag er ikkje noko oppsiktsvekkande, men heller noko som går inn i ei lang, trist historie. Naturlegvis er det meir med romfolket enn det hatpropagandaen skal ha det til. Dei har til dømes fostra ein person som er erklært salig, nemleg Ceferino Giménez Malla som har minnedag i dag.

El Pelé, som han vart kalla, vart født inn i ein spansk romfamilie i 1861 og levde sjølv som nomade i førti år. Han gifta seg utan å få barn. Saman med kona si bygde han hus og slo seg ned i Barbasto der dei adopterte ei niese av kona hans.

Ceferino gjekk ofte i kyrkja og kunne Bibelen godt, sjølv om han ikkje kunne lese. Han dreiv opplæring i kristen tru både til rombarn og spanske barn, og då han vart enkemann i 1922 byrja han som ein slags kateket i kyrkja. Han skal også ha tatt seg av fattige barn og mekla mellom romfolk og spanjolar.

I 1936 var Spania råka av borgarkrig. Ceferino forsøkte då å beskytte ein katolsk prest frå republikanske soldatar som ville arrestere han. Det heile endte med at dei begge to vart henretta. Soldatane skal ha spurt han om han hadde våpen, og han svara «Ja» og heldt fram rosenkransen sin. Den skal han framleis ha hatt i hendene då han døydde. Han døydde som martyr medan han ropte «Lenge leve Kristus, kongen!»

Ceferino Giménez Malla vart som første rom saligkåra av Johannes Paul II i 1997 og vert minna 4. mai. Han vert rekna som romfolket sin skytshelgen. Eg vonar både han og andre har med romfolket i Norge i forbøn no for tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar