![]() |
| Denne stakkaren fekk nasa si stole frå naturhistorisk museum i Göteborg. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
I byrjinga på mars stakk nokon av med, av alle ting, hjarta til Lauretius O'Toole, Dublin sin skytshelgen, som låg i Christ Church Cathedral i Dublin. Lenge har ein ikkje høyrd noko nytt om denne sære saka, men no har det irske politiet kome med nyhende som gjer det heile endå rarare.
Irsk politi meldar at dei ser saka i samanheng med omsetjing av horn frå nashorn. Dei meiner at ein gjeng som sel pulverisert nashornhorn som medisin også kan stå bak dette, mest truleg som ei ny nisje.
Det er berre å vone at det er ei ny nisje mellom dei med for mykje pengar og for få skruplar, og at det ikkje er snakk om ein ny form for eksentrisk medisinering.
Pulverisert nashornhorn skal verte brukt som potensmiddel og mot fyllesjuke. Kanskje oppmalt helgenhjarta kan verke for betre moral?
Voneleg finn ein hjarta uskadd hjå ein samlar som burde ha lært ein ting eller to av den han har kjøpt hjarta til.
Uansett har ein no fått endå ein god grunn til å finne dei som står bak dette. Sal av kroppsdelar frå truga dyr som humbugmedisin er noko skikkeleg svineri som ein må ta knekken på. Om ein får gjeve denne handelen eit slag samstundes som ein finn att det sakna hjarta slår ein to store floger i den same smekken.




