Viser innlegg med etiketten MDG. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten MDG. Vis alle innlegg

tirsdag 27. august 2013

«Meir enn overraskande» med kristne i MDG?

Det følgjande er sendt som lesarbrev til BT, men det ser ikkje ut som BT finn plass til det i valkampinnspurten. Derfor legg eg det ut her. 

Torill Selsvold Nyborg frå KrF går i BT 21. august kraftig til angrep på slike som oss: Prestar som er med i MDG. Ho finn det «meir enn overraskande» at vi, og andre kristne, er med i eit parti som «sterkt devaluerer dei kristne verdiane landet vårt byggjer på». Måten vi visstnok gjer dette på er ved å forfekte ein livssynsnøytral skule og ved at partiprogrammet vårt ikkje nemner orda «kristen» eller «kristendom».

At vi er med på nokon devaluering av kristendomen, er sjølvsagt det reinaste sprøyt. Vi kan ikkje snakke for andre enn oss sjølve, men i MDG sitt partiprogram finn vi eit menneskesyn og ein samfunnsanalyse som ligg nær opp til det vi sjølve står for. Meiningane våre er resultat av impulsar frå ulikt hald, men kristen tru er for oss den viktigaste av desse. At spesifikke ord ikkje er nemnt i programmet, seier ingenting om innhaldet i programmet. I MDG finn kristne, muslimar, nyandelege, nyateistar og andre saman, og det kan vi gjere nettopp fordi vi ikkje er eit religiøst parti. MDG er eit parti for oss som ynskjer å byggje eit samfunn basert på grøne grunnprinsipp som solidaritet både med denne og dei komande generasjonane, ikkje-vald, økologisk berekraft og likeverd. Verdiar som ikkje er spesifikt kristne, men gode grunnverdiar vi kan einast om på tvers av livssyn.

Å forkynne og sikre kristendomen sin plass i samfunnet er kyrkja si oppgåve, og både vi og dei andre prestane i MDG gjer alt vi kan for å fremje det vi trur på. Men kyrkja kan ikkje ha nokon form for særstilling i politikken eit multireligiøst samfunn byggjer på. Denne politikken skal ikkje gje éin religion eller eitt trussamfunn særrettar. Den skal vere allmenn og lik for alle, noko som mellom anna vil seie at skulen må vere livssynsnøytral. KrF ser dessverre ikkje ut til å skjøne dette, og vil til dømes ta ein krampeaktig omkamp om RLE-faget. For å vere klokkeklare på kva vi meiner: Trusopplæring er kyrkja si oppgåve, og skulen skal vere ein livssynsnøytral arena for elevar av alle livssyn.

Nyborg avsluttar med nærmast å hevde at det er ein kristenplikt å stemme KrF. Det er det ikkje. Det er like lite ein kristenplikt å stemme KrF som det er ein kristenplikt å stemme MDG eller noko anna parti som stiller liste i valet. Alle må ta eit sjølvstendig val, og desse vala bør ein ha nok respekt for til å avstå frå slike utspel som det Nyborg her kom med.

Steinar Sneås Skauge og Marianne Støylen Skauge. Prestar og MDG-medlemer.

tirsdag 17. april 2012

Ola Borten Moe totalt på villspor!

Vi treng Miljøpartiet Dei Grøne på Stortinget for å tale mot
oljemanien som rår der.
Ola Borten Moe har igjen kome med eit hårreisande utspel som viser at han ikkje på nokon som helst måte har forstått den klimakrisa vi i er midt inne i. Samstundes som vi veit at klimagassutsleppa må kraftig med i løpet av kort tid, seier han til Stavanger Aftenblad at han vil at oljeselskapa skal ha «fokus på økt oljeutvinning, og jeg skal gi noen svært tydelige signaler til industrien. Selskapene på norsk sokkel har et ansvar og en plikt til å beholde fokus på å hente ut så mye som mulig fra feltene, og å øke utvinningsgraden».

Det er så mykje å ta tak i i dette, at det er vanskeleg å vite kvar ein skal byrje. I staden vil eg heller vise til den eine resolusjonen vi vedtok på landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne i helga.
Senk oljeutvinningstempoet! 
Regjeringen Stoltenberg vil om kort tid legge fram sin klimamelding. Vi er redd for at regjeringen vil fortsette å gi oljeindustrien alt den peker på og at klimagassutslippene dermed ikke reduseres. Miljøpartiet De Grønne vil jobbe for et samfunn der energiforsyningen er hundre prosent fornybar. Et viktig virkemiddel er energieffektivisering og reduksjon i forbruket av elektrisitet og petroleumsprodukter. Miljøpartiet De Grønne går ikke inn for tiltak som elektrifisering av sokkelen hvis det innebærer å fortsette dagens høye tempo på utvinning av olje og gass. Det er behovet for å redusere alvorlige klimaendringer som må avgjøre hvor mye av oljen og gassen på norsk sokkel som kan utvinnes og brukes. Den høye aktiviteten i norsk olje og gassektor utgjør også en alvorlig trussel mot landbasert industri. Det vanlige næringslivet kan i dag ikke konkurrere med oljesektorens høye lønninger for ingeniører og teknisk personell. Dette hinder også norsk industri i å komme i gang med nødvendig innovasjon og nyskapning for å snu om til lavutslipps energi og grønne arbeidsplasser. Regjeringens politikk vil gjøre det vanskelig å etablere et bærekraftig samfunn for kommende generasjoner. Miljøpartiet De Grønne arbeider for å komme inn på Stortinget i 2013. Vi vil bidra til å snu utviklingen, på samme måte som våre søsterpartier har klart, både i Sverige, Finland og Tyskland.
Borten Moe sitt utspel viser nok ein gong at den noverande regjeringa ikkje har nokre planar om å gjere noko for å møte dei klimautfordringane vi no møter. Det er eit stort behov for Miljøpartiet Dei Grøne si stemme på Stortinget. Heldigvis er ikkje dette ein urealistisk draum, men noko som med hardt arbeid kan skje. Motivasjonen for å jobbe hardt for å få grøne representantar inn på Stortinget i 2013 vert i alle fall ikkje mindre av slike utsegn som det Borten Moe kjem med.

søndag 5. juni 2011

Dagen i dag bør verte ny fridag

Logoen til
Miljøverndagen 2011.
I dag er det den internasjonale miljøverndagen. Dette er ein dag som vart stifta av SN i 1972 for å få auka merksemd på miljøsaker. Vårt Land hadde i papirutgåva i går ei sak om at Tom Sverre Tomren, førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, tek til ordet for å gjere 5. juni til offentleg fridag på linje med 1. mai.

Dette meiner eg er eit godt forslag. 1. mai har sin misjon som ein dag der ein har markert arbeidarklassa sin kamp mot kapitalmakta. 5. juni kan verte ein dag der ein markerer miljøet sin kamp mot kapitalmakta. Der arbeidarkamp var den store og viktige kampen i dei to førre hundreåra er no miljøkampen den soleklart viktigaste kampen vi kjempar. Tapar vi denne er det ikkje sikkert dei andre kampane våre vil stå att som særleg viktige...

Samstundes som Vårt Land skreiv om dette, hadde dei også ei lita sak om korleis haldningane våre til miljøvern påverkar dagleglivet vårt. Det viser seg at dei med positive haldningar til miljøvern er flinke til å sortere avfall og liknande, men når det kjem til transport er ein ikkje like flink, sjølv om det faktisk er transporten vår som er det som gjev utslag.

Eg trur det er ein enkel grunn til dette. Slik ein har styrt landet vårt er ikkje det å reise kollektivt eit reelt alternativ til å køyre sjølv for svært mange, særleg i distrikta. Og medan ein har bygd ut flyplassane har ein late jernbanenettet råtne på rot, noko som gjer at det å ta toget mellom Oslo og Bergen kan vere ein langdryg og ukomfortabel affære, som i tillegg ofte er dyrare enn å fly.

Eg meiner at før ein brukar meir pengar på å bygge ut flyplassane i Norge må ein sørgje for at ein får eit moderne jernbanenett der det går lyntog mellom alle dei største byane våre. Gjer ein dette vil ein nok sjå at ein ikkje treng bygge ut flyplassane. Vert tog eit reelt alternativ til fly for den jamne reisande vil nok dei fleste velgje å reise raskt og komfortabelt frå sentrum til sentrum.

Miljøpartiet Dei Grøne stiller til val i alle fylker i haust. I tillegg stiller vi i mange kommunar. Sjølv står eg på lista til Miljøpartiet Dei Grøne Lindås, og er faktisk også listefyll på fylkeslista, den lista Tom Sverre Tomren toppar. Sjå etter lista frå Miljøpratiet Dei Grøne når du skal stemme i haust!