søndag 5. juni 2011

Dagen i dag bør verte ny fridag

Logoen til
Miljøverndagen 2011.
I dag er det den internasjonale miljøverndagen. Dette er ein dag som vart stifta av SN i 1972 for å få auka merksemd på miljøsaker. Vårt Land hadde i papirutgåva i går ei sak om at Tom Sverre Tomren, førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, tek til ordet for å gjere 5. juni til offentleg fridag på linje med 1. mai.

Dette meiner eg er eit godt forslag. 1. mai har sin misjon som ein dag der ein har markert arbeidarklassa sin kamp mot kapitalmakta. 5. juni kan verte ein dag der ein markerer miljøet sin kamp mot kapitalmakta. Der arbeidarkamp var den store og viktige kampen i dei to førre hundreåra er no miljøkampen den soleklart viktigaste kampen vi kjempar. Tapar vi denne er det ikkje sikkert dei andre kampane våre vil stå att som særleg viktige...

Samstundes som Vårt Land skreiv om dette, hadde dei også ei lita sak om korleis haldningane våre til miljøvern påverkar dagleglivet vårt. Det viser seg at dei med positive haldningar til miljøvern er flinke til å sortere avfall og liknande, men når det kjem til transport er ein ikkje like flink, sjølv om det faktisk er transporten vår som er det som gjev utslag.

Eg trur det er ein enkel grunn til dette. Slik ein har styrt landet vårt er ikkje det å reise kollektivt eit reelt alternativ til å køyre sjølv for svært mange, særleg i distrikta. Og medan ein har bygd ut flyplassane har ein late jernbanenettet råtne på rot, noko som gjer at det å ta toget mellom Oslo og Bergen kan vere ein langdryg og ukomfortabel affære, som i tillegg ofte er dyrare enn å fly.

Eg meiner at før ein brukar meir pengar på å bygge ut flyplassane i Norge må ein sørgje for at ein får eit moderne jernbanenett der det går lyntog mellom alle dei største byane våre. Gjer ein dette vil ein nok sjå at ein ikkje treng bygge ut flyplassane. Vert tog eit reelt alternativ til fly for den jamne reisande vil nok dei fleste velgje å reise raskt og komfortabelt frå sentrum til sentrum.

Miljøpartiet Dei Grøne stiller til val i alle fylker i haust. I tillegg stiller vi i mange kommunar. Sjølv står eg på lista til Miljøpartiet Dei Grøne Lindås, og er faktisk også listefyll på fylkeslista, den lista Tom Sverre Tomren toppar. Sjå etter lista frå Miljøpratiet Dei Grøne når du skal stemme i haust!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar