fredag 29. juli 2011

Domedag på Karmøy

Olavskyrkja på Avaldsnes.
Biletet er henta frå Commons.
Verda går heldigvis vidare etter forferdelege hendingar, og underteikna tar turen til Karmøy og bryllaup. Vigsla skal haldast i Olavskyrkja på Karmøy, så sidan det er olsok i dag får kyrkja ein bloggpost dagen før eg skal gå inn i ei nesten 800 år lang rekkje av prestar for alteret i Avaldsnes kirke.

Eg har gått i lukkeleg ignoranse om at denne kyrkja skal stå heilt sentralt i verdshistoria, og at vi faktisk kan takke kløktige byggmeistarar og snartenkte prestar på Karmøy for at vi er her den dag i dag.

På austsida av kyrkja finn vi nemleg det som skal vere den høgste bautasteinen i Norge. Den har fått det velklingjande namnet Jomfru Marias synål og er no på 7,2 meter. Steinen skal ha vore endå høgare, men skal ved fleire høve ha blitt frisert.

Synåla i trugande positur.
Biletet er henta frå Commons.
Eit gamalt sagn kan nemleg fortelje oss at "Når Jomfru Marias synål berører kirkeveggen, er det dommedag". Dette er ein dag både presteskap og proletariat har gjort så godt dei kunne for å halde på avstand. Austveggen er bygd så han heller innover for ikkje å kome borti steinen, og sidan slike store steinar som står planta i jorda har ein tendens til å flytte på seg, har han tydlegvis kome nærare kyrkjeveggen enn det folk har sett pris på. Prestane i kyrkja skal derfor fleire gongar ha klatra opp på steinen og hogge av toppen. Sjølvsagt i teneste for det gode; dei har utsett domedag. Siste måling seier at vi i skrivande stund er 9,2 cm frå domedag!

Steinen skal no stå støtt, så til og med utan å pirke på truverdet til sagnet kan vi med fordel planleggje både bryllup og andre ting utan å kalkulere med at domedag skal starte på Karmøy med det aller første.

Interesserte kan sjå ein finfin liten filmsnutt om dette laga av Cathrine Glette for Nordvegen Historiesenter på Avaldsnes. Filmen heiter passande nok "9,2 cm til dommedag" og tar deg under 3 minutt å sjå. Vel brukte minutt!

lørdag 23. juli 2011

Birgitta av Vadstena

Birgitta får ein openberring.
Illustrasjon frå Nordisk familjebok som no ligg på Commons.
I dag er det minnedagen for den mest kjente av alle dei nordiske helgenane, Birgitta av Vadstena, noko som er verdt å markere.

Birgitta vart født av rike foreldre rundt 1303, og som 13, 14-åring vart ho gifta bort til ein ung mann. Ho skal allereie ha hatt fleire visjonar på dette tidspunktet, og ville eigentleg helst gå i kloster. Ekteparet busette seg i nærleiken av Vadstena, og skal ha levd avhaldande dei første åra av ekteskapet, men fekk etterkvart åtte born og skal ha hatt eit godt ekteskap. Birgitta skal ha hatt "great influence over her noble and pious husband", og i heimen hadde ho ansvar for det religiøse livet til familien med fellesbøner og valfartar, mellom anna til Nidaros. Ho var tett knytt til hoffet og jobba for dei fram til ho drog på pilegrimsferd saman med mannen sin etter at dei hadde mista ein son i 1341.

Pilegrimsfreda gjekk mot Santiago de Compostela, og skulle verte svært viktig for det vidare livet hennar. På turen gjekk både ho og mannen i tankar om å gå i kloster og då dei kom attende drog mannen på vitjing til Alvastra cistercienserkloster der han døydde i 1344.

Dette vart det store vendepunktet for Birgitta. Ho gav vekk alt ho eigde til borna sine og ulike kyrkjer og gav seg askesen i vald. Dei første åra budde ho i klosteret i Alvastra. Der starta ho å få openberringane sine og gjekk også med planar om å grunnleggje sitt eige kloster. Grunnlaget for avgjerda om å starte eit nytt liv i kloster i staden for å vere saman med borna sine og dei kontaktane ho hadde i dei høgare samfunnslaga skal ha vore mykje i den såkalla kallsvisjonen hennar. Der skal ho ha høyrd Jesus seie følgjande:
Jeg taler ikke bare for din skyld, men for alle kristnes frelse... Du skal bli min brud og mitt talerør, du skal høre og se åndelige ting og himmelske hemmeligheter og min Ånd skal hvile over deg like til døden.
                                                                                 Den Hellige Birgitta og hennes verk, side 10.
Med dette i ballasten lagde ho ein klosterregel i 1345 og fekk kong Magnus til å gje tomt, pengar og arbeidskraft til eit nytt kloster. Kongen var villig til dette, men hjelpa gjekk over etter som kongen vart lei av kritikken frå Birgitta.

I 1349 fekk ho ei openberring om at ho skulle dra til Roma og vente på at paven skulle kome att frå Avignon og godkjenne klosterregelen hennar. I Roma fekk ho ganske snart selskap av dattera Katarina (seinare kjent som den salige Katarina av Vadstena) Dei fekk fatt i eit hus ved Piazza Farnese, og der vart Birgitta buande resten av livet, bortsett frå når ho var på valfart. I Roma levde ho eit asketisk, klosterliknande liv saman med dei andre folka i huset. Ho skal ha hatt særskilde helbredande evner og fekk framleis openberringar, mellom anna om at paven skulle kome attende til Roma. Dette skjedde i 1368 då Urban V kom attende. Han godkjente i 1370 klosterregelen for klosteret i Vadstena etter ein relativt grundig revisjon av den originale regelen. Birgitta var ikkje nøgd med revisjonen, men ein fekk ikkje godkjent ein ny regel før etter at ho var død.

I 1371 drog Birgitta på sin siste valfart. Ho drog til Det heilage landet og vitja Betlehem, Golgata, Jordanelva og andre stadar ein kjenner frå Jesu liv. Attende i Roma døydde ho 23. juli 1373. Liket vart tatt til Vadstena for å gravleggjast, og var ikkje i jorda før 4. juli 1374. På vegen nordover skal kista ha samla mange menneske og fleire teikn skal ha skjedd rundt kista. Vel framme vart ho gravlagt i klosterkyrkja som var under oppføring og Katarina tok over leiinga av klosteret. I oktober 1391 vart Birgitta heilagkåra av Bontifatus IX og 1999 utpeika til ein av fleire skytshelgenar for Europa av Johannes Paul II

Italiensk utgåve av Birgitta sine openberringar.
Biletet er henta frå Commons.
Birgitta hadde openberringar gjennom heile livet. Desse var stort sett i form av dialogar mellom henne og Jesus, Maria, englar eller helgenar som Frans av Assisi. Innhaldet i visjonane var variert. Tidebønene for klosteret vart diktert av ein engel, ho fekk informasjon om sonen og profetiar om paven i tillegg til Kristusmystikk og liknande. Eg vil avslutte med ei openberring Birgitta hadde i Betlehem på valfarten dit. Visjonen ligg trygt planta i middelaldersk tradisjon rundt Jesu fødsel, men står som ein artig kontrast til det ein høyrer om fødselen frå norske preikestolar rundt juletid.
Da jeg befant meg ved Herrens krybbe i Betlehem, så jeg en meget vakker gravid jomfru, kledt i en hvit kåpe og en tynn kjole, som lot meg tydelig se hennes jomfruelige kropp. Hennes underliv var meget hovent, for hun var allerede beredt til å føde. Med henne var det en meget prisverdig gammel mann, og de to hadde en okse og et esel med seg. Da de var kommet inn i grotten, bandt den gamle mannen oksen og eselet ved krybben, gikk ut og kom tilbake til jomfruen med et tent lys som han festet i veggen. Siden gikk han atter ut, for han skulle ikke selv være tilstede ved fødselen.
          Jomfruen tok skoene av sine føtter, tok av seg den hvite kåpen som hun bar, og dro sløret av sitt hode og la klærne ved siden av seg. Hun hadde altså kun kjolen på seg, og hennes vidunderlige gullskinnende hår var slått ut over hennes skuldre. Hun tok frem to små lin- og ullplagg, meget rene og fine; dem hadde hun bragt med seg for å svøpe barnet i, og også to andre små linplagg, ment for barnets hode, og hun la disse barneplaggene ved siden av seg for å han dem for hånden når hun trengte dem. Da alt var ferdig, falt jomfruen ærbødig på kne for å be, snudde ryggen mot krybben og løftet sitt hode; og med blikket festet på himmelen stod hun liksom i meditasjon og henrykkelse, beruset av guddommelig skjønnhet. Mens hun var nedsenket i bønn på denne måten, så jeg barnet bevege seg i hennes skjød, og i samme stund, ja på et øyeblikk, fødte hun sin sønn, og fra ham strålte et slikt vidunderlig lys at man ikke kunne sammenligne selve solen med det. Det vokslyset som den gamle mannen hadde satt der, spredte ikke noe skinn, for i det guddommelige lyset kom helt og holdent vokslysets skinn til å drukne. Og så snar og øyeblikkelig var denne fødsel at jeg ikke kunne iaktta eller merke hvordan eller med hvilken kroppsdel jomfruen fødte. Men jeg så straks det ærverdige barnet ligge klart skinnende på marken. Dets kropp var helt ren og fri fra enhver urenhet... Og jeg hørte vidunderlig klingende sang av engler. Den var meget skjønn...
          Og da hun kjente at hun hadde født, tilba hun gutten meget høvisk og med bøyet hode og sammenfoldede hender, og hun sa: "Vær velkommen min Gud, min Herre, min Sønn!" Da begynte gutten å gråte og liksom skjelve på grunn av kulden og det harde gulvet hvor han lå, han snudde seg sakte, strakte ut lemmene og søkte sin mors omsorg, og moren tok ham i sine hender, trykket ham mot sitt bryst og varmet ham ved kinnet og brystet med stor glede og mild moderlig medlidenhet. Sittende på gulvet la hun sin sønn i sitt fang og tok med fingrene om hans navlestreng, som straks ble avskåret. Siden begynte hun å svøpe ham omhyggelig, først i lin- og deretter i ullklærne... Siden svøpte hun barnets hode i de to linplaggene som hun hadde for hånden for formålet. Da dette var gjort, kom den gamle mannen inn, falt på kne på marken, tilba gutten og gråt av glede. Og ved fødselen skiftet jomfruen ikke farge og ble syk eller mistet sin kroppskraft, som det pleier å skje med andre barselskvinner... Siden reiste hun seg med gutten i sine armer, og hun og Josef la ham i krybben, og knelende tilba de ham med umåtelig glede og fryd.
                                                                        Den Hellige Birgitta og hennes verk, side 23-24.

Dei to sitata er henta frå Den Hellige Birgitta og hennes verk av Klara Mørkeset, Maximilian Kolbe Utgivelser, Oslo, 1997.

onsdag 20. juli 2011

Abraham Gebremichael må få bli!

Eitiopisk kristusbilete.
Henta frå Wikimedia Commons.
Vårt Land melder i dag at presten for den etiopisk-ortodokse kyrkjelyden i Oslo, Abraham Gebremichael, vert utvist frå Norge fordi han ikkje har mastergrad.

Dette er endå eit absurd utslag av politikken som vert ført i landet vårt, der det er viktigare å halde folk ute av landet enn å halde fokus på kva som er til det beste for folk og samfunn. Det tener ikkje det norske samfunnet på nokon som helst måte å sende ut av landet ein som innehar ein spesialkompetanse som innbyggjarane i landet vårt etterspør, ja faktisk er avhengig av. At eit firkanta system ikkje er i stand til å fange opp tusenårige kyrkjetradisjonar eller andre læringstradisjonar som står utanfor eit vestleg utdanningssystem bør vere eit soleklart signal om at ein på nytt må sjå på korleis ein vurderer dei som søkjer om opphald i Norge. Her gjeld det fagfolk, men det er brennande naudsynt at det også må verte lettare for andre, heilt vanlege folk, å få opphald i Norge.

Norges Kristne Råd og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn har heldivis engasjert seg i saka, men det er inga grunn til å tru at det vil hjelpe. Styresmaktene har fått eit meir og meir framtredande behov for å tekkast stadig meir aggresive innvandringsmotstandarar, så dispensasjon eller oppmjuking av reglementet er nok ein utopi. Å tru at eit slikt meiningslaust vedtak vil verte snudd av eit maktapparat som ikkje tar omsyn til konvertittar sin situasjon eller verker å forstå den rolla religion speler i mange sitt liv er ikkje realistisk. Samstundes kan ein jo spørje seg kva som ville skjedd om ein hadde sendt ut ein fagperson som jobba for ei etninsk norsk gruppe?

Det er også eit paradoks at dei som snakkar om «islamisering av Norge» og vil ha fokus på «kristne verdiar» burde vere glade for å få fleire prestar til landet...   

torsdag 14. juli 2011

Flat firkantverd

Ei forteljing som går i bloggosfæra for tida er om korleis Library of Congress skal få eit kart som vart laga av ein Orlando Ferguson frå South Dakota i 1893. Kartet skal vere hans framstilling av korleis jorda er, og viser at den på ingen som helst måte er rund, men flat, firkanta og vakta av ein engel i kvar av dei fire hjørna til verda, sansynleg innspirert av bibelstader som Markus 13, 27.  Kartet har også ein festleg teikning av to karar som klamrar seg til ein roterande klode på stor fart gjennom verdsrommet.

Biletet av kartet er henta frå The History Blog som er ein av dei som skriv om dette.
Trykk på kartet for å sjå ein større utgåve. 
Ferguson skal også ha skreve ei bok om dette. Nede i høgre hjørne av kartet kan vi lese følgjande:
Send 25 Cents to the Author, Prof. Orlando Ferguson, for a book explaining this Square and Stationary Earth. It Knocks the Globe Theory Clean Out. It will Teach You How to Foretell Eclipses. It is Worth Its Weight in Gold.
Kartet Library of Congress no får fingrane i skal vere eitt av to eksemplarar av dette kartet. Det andre er hjå Pioneer Museum i Hot Springs i South Dakota, men skal vere i dårleg stand.

Eg må innrømme at eg er skeptisk til om dette kartet er det det vert hevda. Eg tvilar i og for seg ikkje på at ein skrulling kan ha laga eit slikt kart,  men det at det plutseleg dukkar opp eit slikt kart der ingen av historienerdane på nettet har klart å finne spor av verken opphavsmann eller boka hans gjer at eg vert skeptisk. Eg har heller ikkje funne noko om dette i nyhendeseksjonen til Library of Congress, utan at eg har leita for hardt. Både kreasjonstar og flat-jord folk stiller seg lagleg til for parodiar og falskneriar som vil gjere narr av dei, samstundes som dei jo sjølve også kjem opp med såpass mykje pussig at ein det kan vere vanskeleg å skilje parodien frå det ekte. Uansett er kartet artig nok, om det er ekte eller falskneri og det kan minne folk om å friske opp kunnskapen om at ein ikkje trudde jorda var flat verken i middelalderen eller seinare.

Kommentar: Eg vart tipsa om diskusjonstråden under bloggposten til The History Blog, og der viser det seg at ein både har klart å grave fram boka, ein del historie om mannen som stod bak dette i tillegg til fleire utgåver av kartet. Skepsisen min var altså utan grunn. Kartet er nok ekte og eit godt døme på at folk har hatt skrullete idear til alle tider.

tirsdag 12. juli 2011

Det store kvite flokken

Den anglikanske kyrkja hadde i forrige veke eit stort kyrkjemøte i York. Ein av tinga dei drøfta var den etniske samansetninga i kyrkja. Hjå dei engeske anglikanarane er kun 1,1% av biskopar, erkediakonar og domprostane "ikkje-kvite", medan i enkelte kyrkjelydar er opp til 90% av forsamlingar frå etniske minoritetsgruppar.  Det seier seg nesten sjølv at dette er noko dei må ta tak i.

Den engelske kyrkja drøftar dette, noko vi i Den norske kyrkje også bør gjere. Hjå oss held vi oss heller ikkje med eit presteskap som er prega av stor etnisk variasjon. Om vi ser vekk frå prestar frå andre nordiske land og ein og anna tyskar kjem eg ikkje på mange prestar med anna etnisk bakgrunn enn norsk. Det er ein japanar på Stord, og dei fleste vil hugse Joseph Mobia som til slutt måtte slutte som prest i Oppdal på grunn av at folk ikkje godtok ein afrikansk prest. Det kan godt vere at det er fleire, men det er uansett ikkje snakk om mange.

Ein kan kanskje seie at dette ikkje er eit stort problem for Den norske kyrkja, for med tanke på medlemsmassen vår er kanskje den etniske samansetjinga av presteskapet representativ? Det viser seg nemleg også at innvandrarar ikkje vert med i Den norske kyrkja, men vel seg andre kyrkjelydar, gjerne kyrkjelydar for ei særskild etnisk gruppe.

Resultatet er at medan Kyrkja i Norge vert meir og meir etnisk variert, er Den norske kyrkja i stor grad like etnisk einsretta som innvandrarkyrkjelydane. Kanskje er ikkje dette eit stort problem, kanskje er det heilt greit og naturleg at folk vil samlast saman med si eiga etniske gruppe. Personleg skulle eg derimot ynskje det ikkje var slik. Eg ynskjer meg ei Kyrkje der dei etniske grensene vert brote ned og vi samlast i kyrkjelydar der menneske frå ulike etniske grupper bidreg på likefot i ein lovprising som er prega av dei ulike bakgrunnane folk har.

Paulus seier at "her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han." (Rom 10,12) Den norske kyrkje bør også ta den store og viktige diskusjonen om korleis dette kan få vise att i presteskap og kyrkjelydar.

torsdag 7. juli 2011

On Tong / Anton Wiese

On Tong, Ontong, Anton.
Kjært barn har mange namn...
Biletet er eit fotografi av eit maleri som
skal ha forsvunne frå Bergen Museum[5].
I 1808 starta det som må vere ein av dei meir pussige forteljingane frå Hordaland dei siste hundreåra. Då søkte eit hollandsk skip nødhamn i Bergen og ombord i skipet var mellom anna den hollandske guvernøren på Java. Medan skipet var i Bergen vart guvernøren ramma av vattersott, det vi i dag kallar ødem, og hadde behov for medisinsk hjelp. Den som kom for å hjelpe han var den tyske legen Wilhelm Johannes Schwindt. Han hadde busett seg i Bergen og var kjent som ein av landets fremste kirurgar og legar. Schwindt gjorde sakene sine godt, og som betaling fekk han mellom anna ein slavegut som gjekk undet namnet On Tong.[1]

On Tong vart fødd i Batavia 8. august 1799[2]. Dette gjer han i så fall indonesisk såvidt eg kan skjøne, men fleire kjelder omtalar han som malayisk. On Tong hadde vore slave for guvernøren og kona hans, og skal mellom anna ha vorte brukt som skammel for guvernørkona når ho skulle gå inn i vogner.

On Tong vart altså gjeven i gave til dr. Schwindt som tok seg godt av guten og gav han opplæring i kirurgi. Han hadde allereie gjeve ein annan fosterson opplæring som kompanikirurg slik at han kunne bruke ein rett desse kirurgane hadde til å få seg universitetsutdanning i medisin utan dei vanlege eksamenane ein hadde bruk for for å kome inn på universitetet. Dette var også planen hans for On Tong, men på grunn av at han hadde mangelfull grunnutdanning vart dette aldri noko av. Han fekk aldri høgare utdanning enn kompanikirurg i løpet av yrkeskarriera si.[3]

On Tong fekk etterkvart det fornorska namnet Anton og fekk etternamnet Wiese. Han byrja som kompanikirurg i 1818, altså som 19-åring, og 6. april same år vart han døypt i Tyskerkirken, altså Mariakirken, i Bergen. Ein av fadderane hans var ingen ringare enn biskopen i Bjørgvin, Claus Pavels. Pavels var ein ivrig dagbokskrivar og han brukte heile innføringa for 6. april på dåpen som han opplevde som svært gripande. Vi kostar på oss å lese heile dagbokinnføringa hans for 6. april, og får også med nokre vurderingar av ulike medlemmer av presteskapet i Bergen på 1800-talet.


Ved en Handling, jeg kun engang før i mit Liv har
bivaanet: Proselytdaab, var jeg idag Vidne. En afgaa-
ende hollandsk Guverneur fra Batavia, der kom herind med
et Skib 1808, og blev af Schwindt indtil videre cureret for
Vattersot, forærede ham foruden Ducater, indianske Fugle-
reder og andre Rariteter, en lille Slave paa 8 -- 9 Aar, der
med 2 -- 3 andre behandledes ret hundsk af Herren og Fruen.
Schwindt gjorde ham først til Opvarter og en Slags Viser-
dreng, men lod ham siden oplære i allehaande nyttige Ting,
tilsidst i Chirurgie, hvor han har gjort saadan Fremgang,
at han alt er ansat som Companiechirurg. Idag blev han
døbt i Tydskekirken, og jeg var en af Fadderne. Christiansen
har dannet sig efter Marezoll, men er dog ikke som denne
og Clausen bleven staaende, hvor han stod i den saakaldte
Oplysningsperiode, men hylder Aabenbaringstroen, uden der-
for at være Grundtvigianer. Efterat Overhøringen var endt
og en Psalme afsunget, oplæstes den Del af Daabsformu-
laren, som kunde passe paa et voxent Menneske, Fadderne
traadte frem, Katechumenen knælede, Christiansen døbte ham,
og han fik Navnet Anton Wiese. Dette var mig virkelig
rørende, dog ikke saa meget med Hensyn paa, hvad mit Øie
saae og mit Øre hørte. Mine Tanker tog en fjernere Flugt:
jeg mindedes, hvad jeg i denne Tid har læst og daglig læser
i de engelske Missionsberetninger; jeg følte saa ganske, at
denne dog er den rette Vei, som fører til Dyd og Roe, og
at den, som ringeagter de Bevæggrunde og Opmuntringer,
Religionen skjænker, ikke kjender sit eget Bedste. Jeg følte
mig saa glad og salig i min Troe og i mit Haab, at mit
Legeme fra den Stund heller ikke mere leed.[4]

Anton Wiese gifta seg og fekk mange born i Bergen der han jobba som kompanikirurg, men også som privatpraktiserande lege. I tillegg til dette jobba han også som ambulerande lege på landsbygda rundt Bergen, då betalt av stiftamtmannen. Ein farga lege på strilelandet på midten av 1800-talet må mildt sagt ha vore eit oppsiktsvekkande syn. Då, som no, hadde eksotiske menn ein særskild tiltrekningskraft på kvinner. Når Anton i tillegg skal ha vore ein vakker mann er det ikkje overraskande at han også etterlot seg ein del born ute i distrikta. 

Ei av dei som vart sjarmert av den eksotiske legen var ei kvinne i Masfjorden. Kvinna i Masfjorden vart mi tipp-tipp-tipp oldemor og den lille slaveguten On Tong som vart gjeven som betaling for godt utført legehandtverk i 1808 er altså min tipp-tipp-tipp oldefar. 

Dette er det eg har klart å finne om ein av mine stamfedre på nettet, men om nokon sit inne med utfyllande opplysningar dei vil dele, er eg takksam. 

Referansar
[1] Hogne Sandvik og Jørund Straand, «Fra bartskjærlaug til legeforening - et 400 årsjubileum»
[2] Geni.com, «Anton (Ontong) Wiese (1799 - 1860)»
[3] Torstein Bertelsen: «Om kirurgiske candidater, medisinske examinater og de kirurgiske elever» i Bergensposten desember 2003.
[4] Claus Pavels dagbok frå 1818.
[5] «Etterlysning», brev til Tidsskrift for Den norske legeforening


Andre stadar på internett som nemner On Tong
- Historien om bildet av skuespiller Proms barn og våtammen, av Solveig Greve og Torill Endresen


tirsdag 5. juli 2011

Stiklestad - Utspringet for kristendomen?

Kulisteinen hevdar å vere frå tolv år etter at
kristendomen kom til Norge, men hadde stått
ei stund då dei kriga på Stiklestad.
Biletet er henta frå Commons.
Gunnar Stålsett har kome med eit forslag om å bruke Stiklestad som eit senter for religionsdialog. Dette meiner eg er eit godt forslag frå Stålsett si side, men Vebjørn Selbekk er absolutt ikkje einig i dette. Han kjem med mange utsegn eg ikkje vil henge meg særlig opp i, men ein ting han seier eg vil eg kommentere.

Vebjørn Selbekk skal, om han er riktig sitert, ha sagt mellom anna at «Norge er et kristent land, og kristendommen har sitt opphav på Stiklestad.» For å ta ting i beste meining får vi rekne med at Selbekk meiner kristendomen i Norge har sitt opphav på Stiklestad og ikkje andre stader, men stemmer no dette?

Om vi ser vekk frå det som skjeddemed nordmenn og i norske område utanfor det vi i dag reknar som Norge, ser vi vekk frå alle dei sjøfolka som traff på kristendomen ute i Europa og som vi veit vart påverka av denne religionen. Vi ser også vekk frå at det var døypte, norske kongar, muligens Olav Kvite men sikkert Olav Kvardan, i Irland allereie på 800-900-talet. Vi kan også sjå vekk frå korleis norske rikfolk gifta seg inn i keltiske, kristne familiar i Irland, på Hebridane og på Island i den same perioden og korleis ein finn steinkrossar i dei norske buområda på Man på 900-talet, sjølv om desse har ein særskild type runer som også ble brukt på Jæren på denne tida. Men det kan vere greit å sjå vekk frå dette, og også sjå vekk frå ting som sporadiske gudstenester langs kysten, og heller sjå på dei meir konkrete spora av kristendom vi har i det som no er Norge.

Steinkross på Kvitsøy som kan
vere frå så tidleg som 800-talet.
Biletet er henta frå Commons.
Der ser vi at det var keltiske steinkrossar spreidt over heile Vestlandet på denne tida, og at Adam av Bremen i 1070 fortel om korleis det ligg nokre folk i ei hule ved havet langt i nord, og at ein konge ved namn Olav hadde bygd ei kyrkje der. Det er sjølvsagt Selja han snakkar om, og ein reknar med at Seljumannamesse var utbreidt over heile landet på 1000-talet. Det skal også ha kome irske eremittar til området på 900-talet. Alt i alt kan ein slå fast at Vestlandet hadde sterke kristne impulsar allereie på 800-talet.

I 831 sende biskop Ansgar i Hamburg sine misjonærar for å drive misjon i nord. Samstundes veit vi at det var misjonsforsøk frå Viken og til Lindesnes av to såkalla «misjonsjarlar» som heitte Urguthriotr og Brimiskjarr. Dette må ha virka, for frå omtrent 950 forsvinn omtrent gravene etter gamal skikk i Agder og det kjem kristne i staden.

I 2005 oppdaga dei ei kyrkje i Skien som var mykje eldre enn nokon anna kyrkje ein har funne i Norge. Kyrkja vart datert til 1010-1040, men med to kristne graver som kan vere opp til 125 år eldre.

Frå Nordmøre har vi Kulisteinen der det står rissa inn: «Tore og Hallvard reiste denne steinen etter Ulv(ljot?)... Tolv vintre hadde kristendomen vori i Noreg» Steinen er ikkje datert til 1042, men til 900-talet.

Slaget på Stiklestad av Halfdan Egedius.
Biletet er henta frå Commons.
Av dette veit vi altså at allereie på 900-talet hadde kristninga av Norge kome så langt at det til og med påverka gravskikkene, noko av det siste som endrar seg ved religionsskifte.[1]

Slaget på Stiklestad var heller ingen svart-kvitt sak. Det var kristne på begge sider i slaget, og strengt tatt tapte han vi feirer i ettertid. Slaget handla heller ikkje om religion, men om kongemakt. Ting skjedde sjølvsagt i ettertid, men etterspelet etter slaget er utenkjeleg utan ei forutgåande kristningsprosess over lang tid.

Kan ein så seie at den norske kristendomen har sitt opphav på Stiklestad? Absolutt ikkje. At Norge vart kristna på Stiklestad er like mykje ein nasjonal-mytologisk konstruksjon som ei sanning. Det er kanskje enklare å fortelje dette til skuleelevar og i 17. mai-talar enn det er å fortelje den meir presise sanninga, nemleg at det var ein lang prosess der dette slaget kan sjåast på som eit slags høgdepunkt, men eit høgdepunkt som er heilt avhengig av den lange prosessen som allereie hadde starta.

Eg sa at eg ikkje skulle kommentere så mykje det Selbekk sa, då eg ikkje er einig i noko av det, men eg vil kome med ein tanke ut frå noko Stålsett sa. Han sa «Historien rundt Stiklestad er fascinerende og viser relasjonen mellom religion og makt, og misbruk av religion. Historien rundt slaget på Stiklestad viser også religionenes janusansikt» Kunne ikkje dette vore eit godt inngangspunkt også for Selbekk? Mange religionar, også vår, er plaga av valdlege element og ei valdeleg historie. Om Stiklestad, kanskje det største symbolet for kristendom og vald i Norge, vert samlingspunktet for religionsdialog kan det tjene som eit godt utgangspunkt for samtalar rundt religion og vald, noko ein som har følt desse problema på kroppen burde settje pris på...  

[1] Alle opplysningar (Bortsett frå om kyrkja i Skien) henta frå Tolv vintre hadde kristendommen vært i Norge av Fritjov Birkeli

lørdag 2. juli 2011

...den siste af Stiftets Biskopper der residerede i Stavanger...

Minnetavla for Christian Tausan i Stavanger
domkyrkje. Biletet er henta frå Commons og
er tatt av Arnstein Rønning.
Syftesok høver det å ta turen til St. Svithun sin katedral i Stavanger. Det er ei vakker kyrkje med mykje flott å sjå på. Vi skal imidlertid ikkje stoppe opp med det mest spetakulære, altså ikkje preikestolen, fasaden eller dei fantastiske glasa bak alteret, men vi stoppar med eit epitafium som heng langt bak i kyrkja, om eg ikkje hugsar feil.

Eit epitafium i ei kyrkje er ei minnetavle for døde personar, oftast biskopar eller tilsvarande. I Stavanger domkyrkje heng det fem slike. Den aktuelle minnetavla er for Christian Tausan som var biskop i Stavanger frå 1661 til 1680. På biletet ser vi biskop Christian saman med sine to koner og borna han fekk med desse to. Alle står, som seg hør og bør, med hendene prektig samla. Alt ser rett så fredleg ut for han som var den siste biskopen som heldt til i Stavanger på rundt 250 år.

Ting tyder derimot på at det kanskje ikkje var heilt roleg rundt Christian. Eg har ikkje klart å finne så mykje om karen, men det lille eg fann pirra lysta til å lese meir. Han kom frå København og tok som vaksen etternamnet Tausan, noko ein reknar med var for å signalisere slektskap med den danske reformatoren Hans Tausen. Christian vart god ven med Fredrik III og var tilstades ved kroninga av Christian V. Han hadde altså gode kontaktar og fekk bispesetet i Stavanger på grunn av dette, kan det verke som. Eitt eller anna må ha skjedd medan han var biskop. Det har tydlegvis vorte bestemt at bispesetet skulle flyttast til Kristiansand, utan at Christian nokon gong flytta, kanskje på grunn av problema han var oppe i. Dansk biografisk Lexikon fortel med pirrande dårlege forklaringar:
At han blev udsat for heftige Overfald af en Adelsmand, Bernt Orning, kunde paa den Tid ikke forundre, heller ikke, at han i Kapitelet fik se adskillige Prøver paa den Raahed, der endnu herskede i mange Præstegaarde, eller at der blev stor Møje med Skolen i den nyoprettede Stiftsstad, Christianssand. Der blev for ham ikke Tale om at flytte Bispesædet, og han var saaledes den siste af Stiftets Biskopper der residerede i Stavanger

Eg skulle gjerne visst meir her, kjenner eg. Kvifor kunne det ikkje forundre at han vart angrepe av ein adelsmann? Kva skjedde eigentleg i prestegardane på Nordjæren? Og kvifor kunne han ikkje flytte? Om nokon sit inne med oppklarande opplysningar om mannen som var den siste «residerande biskopen» i Svithuns katedral på 243 år tar eg gjerne imot.

fredag 1. juli 2011

KM i galskap II

Biletet av Simeon er henta frå
biografien på katolsk.no.
I KM i galskap ha vi i dag kome til Simeon. Simeon var ikkje ringare enn at han fekk tilnamnet Simeon den gale. Simeon døydde rundt år 590 og vert minna 1. juli. Han kom eigentleg frå Syria, men budde i 29 år som eremitt i Sinaiørkenen i Egypt. Medan han budde der bestemte han seg for å dra attende til heimbyen for å ta seg av dei utstøtte, og då særleg horene.

For å kjenne seg att i forakta dei som stod på utsida av samfunnet vart møtt med, byrja han å oppføre seg som ein idiot. Til dømes brann han røykelse rett i hendene sine og tissa der det måtte passe, gjerne midt på torget i den travlaste tida, han braut skikk og bruk med tanke på korleis ein mann oppførte seg mot kvinner og han brukte ei streng med pølser som diakonstola (noko ala ein slik stola som prestar har utanpå prestekjolen sin) på søndagane. Medan han hadde på seg pølsene dyppa han dei i sennep og åt.

Med slik oppførsel var det ikkje rart at også han sjølv vart utstøtt, noko som førte til at han kom på innsida hjå dei ustøtte. Der skal han ha forkynt og verka mellom dei på ein særeigen måte. Kun for ein diakon i byen, Johannes, skal han ha stått fram som «frisk» og forklara kvifor han gjorde det han gjorde.

Etter at han var død kom det fram at han hadde spela gal, og også kvifor han hadde gjort dette. Då vart det etterkvart rapportert om fleire mirakel, og han vart etterkvart rekna som ein helgen. I dag vert han rekna som skytshelgen for alle dei heilage idiotane, i tillegg til dukkeførarane.

Simeon sin biograf, Leontios av Neapolis, seier dette om den gale:
the all-wise Symeon’s whole goal was this: first, to save souls, whether through afflictions which he sent them in ludicrous or methodical ways, or through miracles which he performed while seeming not to understand, or through maxims which he said to them while playing the fool; and second, that his virtue not be known, and he receive neither approval nor honor from men.
Henta frå Symeon the Holy Fool av Derek Krueger. Heile boka, inkludert hagiogarfien om Simeon, kan lesast på nett.
Sjølv om eit slik liv som Simeon levde ikkje er å anbefale, har ein kanskje noko å lære av Simon også i dag? Trass i, eller kanskje på grunn av, at han er garantert ein god plassering i KM i galskap kan nok dei fleste lære eitt og anna av Simeon sitt mål slik det blir skildra over.