tirsdag 12. juli 2011

Det store kvite flokken

Den anglikanske kyrkja hadde i forrige veke eit stort kyrkjemøte i York. Ein av tinga dei drøfta var den etniske samansetninga i kyrkja. Hjå dei engeske anglikanarane er kun 1,1% av biskopar, erkediakonar og domprostane "ikkje-kvite", medan i enkelte kyrkjelydar er opp til 90% av forsamlingar frå etniske minoritetsgruppar.  Det seier seg nesten sjølv at dette er noko dei må ta tak i.

Den engelske kyrkja drøftar dette, noko vi i Den norske kyrkje også bør gjere. Hjå oss held vi oss heller ikkje med eit presteskap som er prega av stor etnisk variasjon. Om vi ser vekk frå prestar frå andre nordiske land og ein og anna tyskar kjem eg ikkje på mange prestar med anna etnisk bakgrunn enn norsk. Det er ein japanar på Stord, og dei fleste vil hugse Joseph Mobia som til slutt måtte slutte som prest i Oppdal på grunn av at folk ikkje godtok ein afrikansk prest. Det kan godt vere at det er fleire, men det er uansett ikkje snakk om mange.

Ein kan kanskje seie at dette ikkje er eit stort problem for Den norske kyrkja, for med tanke på medlemsmassen vår er kanskje den etniske samansetjinga av presteskapet representativ? Det viser seg nemleg også at innvandrarar ikkje vert med i Den norske kyrkja, men vel seg andre kyrkjelydar, gjerne kyrkjelydar for ei særskild etnisk gruppe.

Resultatet er at medan Kyrkja i Norge vert meir og meir etnisk variert, er Den norske kyrkja i stor grad like etnisk einsretta som innvandrarkyrkjelydane. Kanskje er ikkje dette eit stort problem, kanskje er det heilt greit og naturleg at folk vil samlast saman med si eiga etniske gruppe. Personleg skulle eg derimot ynskje det ikkje var slik. Eg ynskjer meg ei Kyrkje der dei etniske grensene vert brote ned og vi samlast i kyrkjelydar der menneske frå ulike etniske grupper bidreg på likefot i ein lovprising som er prega av dei ulike bakgrunnane folk har.

Paulus seier at "her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han." (Rom 10,12) Den norske kyrkje bør også ta den store og viktige diskusjonen om korleis dette kan få vise att i presteskap og kyrkjelydar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar