lørdag 2. juli 2011

...den siste af Stiftets Biskopper der residerede i Stavanger...

Minnetavla for Christian Tausan i Stavanger
domkyrkje. Biletet er henta frå Commons og
er tatt av Arnstein Rønning.
Syftesok høver det å ta turen til St. Svithun sin katedral i Stavanger. Det er ei vakker kyrkje med mykje flott å sjå på. Vi skal imidlertid ikkje stoppe opp med det mest spetakulære, altså ikkje preikestolen, fasaden eller dei fantastiske glasa bak alteret, men vi stoppar med eit epitafium som heng langt bak i kyrkja, om eg ikkje hugsar feil.

Eit epitafium i ei kyrkje er ei minnetavle for døde personar, oftast biskopar eller tilsvarande. I Stavanger domkyrkje heng det fem slike. Den aktuelle minnetavla er for Christian Tausan som var biskop i Stavanger frå 1661 til 1680. På biletet ser vi biskop Christian saman med sine to koner og borna han fekk med desse to. Alle står, som seg hør og bør, med hendene prektig samla. Alt ser rett så fredleg ut for han som var den siste biskopen som heldt til i Stavanger på rundt 250 år.

Ting tyder derimot på at det kanskje ikkje var heilt roleg rundt Christian. Eg har ikkje klart å finne så mykje om karen, men det lille eg fann pirra lysta til å lese meir. Han kom frå København og tok som vaksen etternamnet Tausan, noko ein reknar med var for å signalisere slektskap med den danske reformatoren Hans Tausen. Christian vart god ven med Fredrik III og var tilstades ved kroninga av Christian V. Han hadde altså gode kontaktar og fekk bispesetet i Stavanger på grunn av dette, kan det verke som. Eitt eller anna må ha skjedd medan han var biskop. Det har tydlegvis vorte bestemt at bispesetet skulle flyttast til Kristiansand, utan at Christian nokon gong flytta, kanskje på grunn av problema han var oppe i. Dansk biografisk Lexikon fortel med pirrande dårlege forklaringar:
At han blev udsat for heftige Overfald af en Adelsmand, Bernt Orning, kunde paa den Tid ikke forundre, heller ikke, at han i Kapitelet fik se adskillige Prøver paa den Raahed, der endnu herskede i mange Præstegaarde, eller at der blev stor Møje med Skolen i den nyoprettede Stiftsstad, Christianssand. Der blev for ham ikke Tale om at flytte Bispesædet, og han var saaledes den siste af Stiftets Biskopper der residerede i Stavanger

Eg skulle gjerne visst meir her, kjenner eg. Kvifor kunne det ikkje forundre at han vart angrepe av ein adelsmann? Kva skjedde eigentleg i prestegardane på Nordjæren? Og kvifor kunne han ikkje flytte? Om nokon sit inne med oppklarande opplysningar om mannen som var den siste «residerande biskopen» i Svithuns katedral på 243 år tar eg gjerne imot.

3 kommentarer:

Gjerulf sa...

Hm. Det fikk meg til å lure. Biskop Svithun døde 2. juli, men i Storbritannia feirer de St. Svithunsdag den 15. juli ifølge Wikipedia:

According to tradition, the weather on his feast day (15 July) will continue for forty days.

Forslag? :)

Gjerulf sa...

Det må nesten være det at de flyttet restene av ham inn i katedralen på den datoen... Merkelig.

Steinar Sneås Skauge sa...

Det stemmer at det er derfor dei feirar 15. juli. Katolsk.no kan fortelje at dei også feirer 29. oktober i Winchester, då dette er ordinasjonsdagen hans. Minnedagar vert ofte lagt slik at ikkje minnedagane for det som er viktige helgenar for ein by, eit land, ein orden o.l. kjem på same dag. Det kan kanskje liggje nokre slike tankar bak dei ulike datovala?

Uansett er det 2. juli som er avmerka som syftesok på norske primstavar, trass i at no er Den katolske kyrkja si norske minnedag også er 15. juli. Forvirrande greier...

Legg inn en kommentar