|
Kulisteinen hevdar å vere frå tolv år etter at
kristendomen kom til Norge, men hadde stått
ei stund då dei kriga på Stiklestad.
Biletet er henta frå Commons. |
Gunnar Stålsett har
kome med eit forslag om å bruke Stiklestad som eit senter for religionsdialog. Dette meiner eg er eit godt forslag frå Stålsett si side, men Vebjørn Selbekk er absolutt ikkje einig i dette. Han kjem med mange utsegn eg ikkje vil henge meg særlig opp i, men ein ting han seier eg
vil eg kommentere.
Vebjørn Selbekk skal, om han er riktig sitert, ha sagt mellom anna at
«Norge er et kristent land, og kristendommen har sitt opphav på Stiklestad.» For å ta ting i beste meining får vi rekne med at Selbekk meiner kristendomen i Norge har sitt opphav på Stiklestad og ikkje andre stader, men stemmer no dette?
Om vi ser vekk frå det som skjeddemed nordmenn og i norske område utanfor det vi i dag reknar som Norge, ser vi vekk frå alle dei sjøfolka som traff på kristendomen ute i Europa og som vi veit vart påverka av denne religionen. Vi ser også vekk frå at det var døypte, norske kongar, muligens Olav Kvite men sikkert Olav Kvardan, i Irland allereie på 800-900-talet. Vi kan også sjå vekk frå korleis norske rikfolk gifta seg inn i keltiske, kristne familiar i Irland, på Hebridane og på Island i den same perioden og korleis ein finn steinkrossar i dei norske buområda på Man på 900-talet, sjølv om desse har ein særskild type runer som også ble brukt på Jæren på denne tida. Men det kan vere greit å sjå vekk frå dette, og også sjå vekk frå ting som sporadiske gudstenester langs kysten, og heller sjå på dei meir konkrete spora av kristendom vi har i det som no er Norge.
Der ser vi at det var keltiske steinkrossar spreidt over heile Vestlandet på denne tida, og at Adam av Bremen i 1070 fortel om korleis det ligg nokre folk i ei hule ved havet langt i nord, og at ein konge ved namn Olav hadde bygd ei kyrkje der. Det er sjølvsagt Selja han snakkar om, og ein reknar med at Seljumannamesse var utbreidt over heile landet på 1000-talet. Det skal også ha kome irske eremittar til området på 900-talet. Alt i alt kan ein slå fast at Vestlandet hadde sterke kristne impulsar allereie på 800-talet.
I 831 sende biskop Ansgar i Hamburg sine misjonærar for å drive misjon i nord. Samstundes veit vi at det var misjonsforsøk frå Viken og til Lindesnes av to såkalla «misjonsjarlar» som heitte Urguthriotr og Brimiskjarr. Dette må ha virka, for frå omtrent 950 forsvinn omtrent gravene etter gamal skikk i Agder og det kjem kristne i staden.
I 2005
oppdaga dei ei kyrkje i Skien som var mykje eldre enn nokon anna kyrkje ein har funne i Norge. Kyrkja vart datert til 1010-1040, men med to kristne graver som kan vere opp til 125 år eldre.
Frå Nordmøre har vi Kulisteinen der det står rissa inn:
«Tore og Hallvard reiste denne steinen etter Ulv(ljot?)... Tolv vintre hadde kristendomen vori i Noreg» Steinen er ikkje datert til 1042, men til 900-talet.
Av dette veit vi altså at allereie på 900-talet hadde kristninga av Norge kome så langt at det til og med påverka gravskikkene, noko av det siste som endrar seg ved religionsskifte.
[1]
Slaget på Stiklestad var heller ingen svart-kvitt sak. Det var kristne på begge sider i slaget, og strengt tatt tapte han vi feirer i ettertid. Slaget handla heller ikkje om religion, men om kongemakt. Ting skjedde sjølvsagt i ettertid, men etterspelet etter slaget er utenkjeleg utan ei forutgåande kristningsprosess over lang tid.
Kan ein så seie at den norske kristendomen har sitt opphav på Stiklestad? Absolutt ikkje. At Norge vart kristna på Stiklestad er like mykje ein nasjonal-mytologisk konstruksjon som ei sanning. Det er kanskje enklare å fortelje dette til skuleelevar og i 17. mai-talar enn det er å fortelje den meir presise sanninga, nemleg at det var ein lang prosess der dette slaget kan sjåast på som eit slags høgdepunkt, men eit høgdepunkt som er heilt avhengig av den lange prosessen som allereie hadde starta.
Eg sa at eg ikkje skulle kommentere så mykje det Selbekk sa, då eg ikkje er einig i noko av det, men eg vil kome med ein tanke ut frå noko Stålsett sa. Han sa
«Historien rundt Stiklestad er fascinerende og viser relasjonen mellom religion og makt, og misbruk av religion. Historien rundt slaget på Stiklestad viser også religionenes janusansikt» Kunne ikkje dette vore eit godt inngangspunkt også for Selbekk? Mange religionar, også vår, er plaga av valdlege element og ei valdeleg historie. Om Stiklestad, kanskje det største symbolet for kristendom og vald i Norge, vert samlingspunktet for religionsdialog kan det tjene som eit godt utgangspunkt for samtalar rundt religion og vald, noko ein som har følt desse problema på kroppen burde settje pris på...
[1] Alle opplysningar (Bortsett frå om kyrkja i Skien) henta frå Tolv vintre hadde kristendommen vært i Norge av Fritjov Birkeli