torsdag 2. september 2010

ELCA slår eit slag for skandinavisk salmetradisjon

Eg har tidlegare vore innom Evangelical Lutheran Church in America sin kyrkjeårskalender. I motsetnad til dei fleste slike lutherske oversiktar, har denne med ein oversikt over folk dei minnast i løpet av kyrkjeåret. Nokon er dei gode, gamle helgenane som Frans av Assisi og Bernhard og slike folk medan andre er folk ELCA sjølv har sett på lista si, som Hans Nielsen Hauge, Jan Hus, Calvin og fleire. Eg har ikkje heilt klart å forstå om dei har sin eigen kanoniseringsprosess eller om dei berre finn folk dei likar godt i kyrkjehistoria og minnast dei ein dag, men kalenderen er uansett verdt ein kikk.

I dag er det minnedag for ein av dei med uklår helgenstatus. 2. september, på dødsdagen hans, minnast ELCA den danske presten, salmediktaren, skulemannen, politikaren og diverse anna N.F.S. Grundtvig. Mannen hadde ein ekstrem produksjon av det eine og det andre, og skreiv mellom anna rundt 1500 salmar og ein haug med bøker om ulike tema som mytologi, historie og politikk. Han stod også bak den første folkehøgskulen og kvar den teologiske strauminga grundtvigianismen har fått namnet sitt frå er ikkje så vanskeleg å høyre. Masseproduksjonen av salmar gjorde at han framleis er den mest representerte diktaren i den danske salmeboka som kom ut i 2003, og med rundt 40 salmar har han åleine skreve bortimot ti prosent av alle salmane i Norsk Salmebok.

Eg veit ikkje kva som har gjort at amerikanarane har trykka denne mannen til sitt hjarta, men det er vel ikkje ein veldig framand tanke å tru at alle dei "danske" lutheranarane i USA, kanskje til og med nokre av dei "norske", har teke med seg salmar over havet. Dei vel uansett å minnast Nikolai Frederik Severin Grundtvig i dag, og i dette høvet kan vi kanskje lære noko frå våre utflytta landsmenn.

Iver Kleive og Knut Reiersrud har spelt inn ein fantastisk versjon av Grundtvig sin salme "Kyrkja ho er eit gamalt hus". Den er på plata Himmelskip som kom ut i 1996, ei plate det ikkje er orsakingar for å mangle i CD-hylla si. Uheldigvis, og litt rart ettersom den faktisk har blitt framført på TV, ligg ikkje denne på YouTube. Det gjer derimot eit dårleg opptak av noko grundtvigjamming dei gjer saman med Povl Dissing i Holmens Kirke i København. (Flott artikkel på dansk Wikipedia.) I mangel på noko betre, legg eg ut det opptaket.



Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar