søndag 12. september 2010

Nei til Nammo!


Aftenposten, VG og diverse andre meldte før helga at landslaget til hoppkvinnene har fått våpenprodusenten Nammo som hovudsponsor. Dette provoserte meg til å skrive dette lesarinnlegget som eg har sendt til nokre aviser. Kanskje kjem det på trykk, men eg legg det i alle fall ut her, så kan mine svært få eksklusive lesarar her lese det.


Før helga kom det fram at kvinnene sitt landslag i skihopping har fått den norske våpenprodusenten Nammo som hovudsponsor. NRK Hedmark og Oppland kunne på sine nettsider 21. august i år melde at Nammo sidan 2004 har seld våpen og ammunisjon for 12,5 millionar norske kroner. Samstundes medgjev adm. dir. i bedrifta at det utstyret dei sel utan tvil vert brukt i USA sine krigar i Irak og Afghanistan. NRK har tidlegare vist at våpna også vert brukt av Israel. Pengane Nammo tener kjem altså rett frå nokre av dei mest omtala krigane i verda, og våpna dei produserer vert brukte av to hærar der det gong på gong har vorte avslørt brot på krigen sine reglar.

No brukar Nammo nokre av desse pengane på å knytte til seg ei av dei gruppene i idrettsnorge det er mest positive assosiasjonar til. Hoppkvinnene har kjempa seg fram til merksemd og respekt, og har fått mykje velfortent sympati. Dette vil Nammo utnytte, og Norges Skiforbund (NSF) let dei få denne moglegheita.

I praksis vil dette seie at hoppkvinnene sine økonomiske rammer kjem som konsekvens av det sivilbefolkninga i land som Irak, Afghanistan og Palestina vert utsette for. Dei kulene som vert skotne mot folka i desse landa gjev pengar til Nammo, som dei igjen gjev til NSF og hoppkvinnene.

Dette er ikkje noko vi som hoppnasjon kan finne oss i! Når hoppkvinnene våre er i aksjon, skal vi kunne juble når dei vinn, utan ein flau smak i munnen fordi vi veit at treningsleirar og utstyr indirekte er betalt med blodpengar. Vi skal heller ikkje finne oss i at den mørkaste delen av norsk industri freistar å gjere seg akseptable på denne måten.

Eg vil oppmode alle som er medlemmer i NSF til å melde seg ut av organisasjonen i protest. NSF skal arrangere VM på ski no i vinter. Lat oss halde oss vekk frå dette arrangementet i protest. Lat oss gjere det slik at billettane vert uselde og TV-sendingane ikkje får sjåarar. Lat oss vise NSF at vi ikkje finn oss i at dei skitnar til nasjonalsporten vår med blodpengar!

1 kommentar:

Steinar Sneås Skauge sa...

Innlegget kom faktisk på trykk også. Bergens Tidende lot det få trykksverte 15. september.

Legg inn en kommentar