tirsdag 7. september 2010

Slaget ved Borodino

I dag, 7. september, er det årsdagen for eit av dei største slaga i historien. 7. september 1812 stod slaget om Borodino, nokre mil utanfor Moskva. Slaget stod mellom Napoleon som var på langtur og Tsaren i Russland, som var langt meir på heimebane enn han satte pris på. Tilsaman kjempa rundt 250 000 mann i dei to hærane. Napoleon vann sjølve slaget, men dei store tapa han leid djupt inne i russisk territorium skulle vise seg å verte katastrofale, og felttoget hans enda i ruin for den franske hæren.

I ein framstilling av dette slaget, ser ein her tydeleg korleis kyrkja kan blande seg med den politiske og militære makta på uheldige måtar. Eg vil sitere litt frå Herman Lindqvist si glitrande bok Napoleon.
Om kvelden før slaget hadde Kutuzov kalt inn prester, poper og arkimandritter. Iført den russiske kirkens flotteste antrekk, og med all tenkelig pomp og prakt svingte de sine røkelseskar og messet bønner. De holdt opp det mirakuløse ikonet «Gudsmodersken fra Smolensk», og stenket vievann på de russiske soldatene, som knelende tok imot velsignelsene mens de slo korsets tegn. Herman Lindqvist, Napoleon, 2008.  Side 369
Slik var den russiske opptrappinga til slaget. Den franske oppladninga var morsomt nok at troppane defilerte forbi eit maleri av Napoleon sin son, Kongen av Roma. Maleriet viste den lille tassen som låg naken på ein grøn fløyelspute og leikte med ei rangle av eifelbein.

Den russiske hæren vart altså støtta aktivt av kyrkja som var der saman med dei og gjorde det dei kunne for at troppane skulle gjere ein betre jobb. Eller drepe betre, for å bruke reine ord.

Det er lett å slå dette vekk med at den russiske kyrkja alltid har hatt eit usunt forhold til styresmaktene og at noko slikt aldri kunne skjedd med oss. Men dette er alt for enkelt. I Vårt Land 19. mai i år sa forsvarssjefen, Harald Sunde, at han hadde vorte «mer oppmerksom på betydningen av feltprestens arbeid ved å møte soldatene våre i utenlandsoperasjoner». Han seier at feltprestane gjer ein god og viktig jobb, og at det er ein forventning om at dei skal «bidra til å styrke den militære effektiviteten i de væpnede styrkene». Eller sagt med reine ord: Dei skal gjere norske soldatar betre til å drepe.

Sjefen for det norske forsvaret meiner altså at situasjonen for Den norske kyrkje i dag er lik det den var for den russiske kyrkja under slaget ved Borodino i 1812. Våre prestar har i oppgåve å gjere dei norske soldatane til betre drapsmenn i den krigen dei til ein kvar tid måtte vere utplasserte i.

Feltprestinstitusjonen er ei skam for Den norske kyrkje. Det at kyrkja lar seg verte brukt som ein del av militære operasjonar er ein flekk det vil ta lang tid å vaske vekk. Det at vi har prestar med i styrkene verkar også som ei legitimering av krig, noko som ikkje på nokon som helst måte samsvarar med Jesu ord og lære. I ein ofte gløymt liten tekstbolk i Lukasevangeliet kan vi lese at Jesus og læresveinane vert avviste i ein samaritansk landsby. Jakob og Johannes spør då Jesus om dei skal «by eld fara ned frå himmelen og fortæra dei». Jesus snur seg då til dei, og seier mellom anna at «Menneskesonen er ikkje komen for å ta menneskeliv, men for å frelsa» (Luk 9, 51-56). Jesus avviser her vald på eit heilt grunnleggjande nivå, men framleis vel ein å sjå vekk frå dette, og andre utsegn frå Jesus som seier det same, og held seg med feltprestar som både er med på å legitimere ein instutisjon som handlar grunnleggjande mot Jesu lære og samstundes faktisk har ein funksjon som gjer soldatane meir skikka til dei oppgåvene dei vert sett til frå dei militære leiarane. Eg kan ikkje tenkje meg noko som er lenger frå kyrkja sitt oppdrag.

Det er nesten to hundre år sidan slaget med Borodino byrja med at dei russiske prestane gjorde troppane klare for strid. Dette kunne ha vore eit historisk skråblikk om ei kyrkje på ville vegar, men i staden vert det ein grell påminning om vår eiga kyrkje sine feilsteg.

Biletet av slaget er henta herfrå, «Gudefødersken frå Smolensk» herfrå, medan biletet av feltgudstenesta, som rett nok er både amerikansk og katolsk, kjem herfrå. Alle er frå Wikimedia Commons.

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Jau, jau. Send dette som ein link til Torbjørn Olsen og få kvalifisert motstand!

Legg inn en kommentar