fredag 27. august 2010

Trusopplæringsreforma og byråkratisering ute av kontroll

Trusopplæringsreforma i Den norske Kyrkja har mykje bra med seg, og det har kome mykje gode opplegg og erfaringar frå det arbeidet som har vorte gjort. Den har også ført til at det har vorte fokus på dette arbeidet i kyrkja, og mange har endeleg forstått at ein må vekk frå den utingen det er å satse på at skulen skal stå for trusopplæring. Nokre har kanskje til og med slutta å kjempe for dette, og forstått at det er grunnleggjande feil at skulen har stått for, eller skal stå for, kyrkja sin trusopplæring. Trusopplæring er eit av kyrkja sine kjerneområde, og ikkje noko vi skal stole på at andre skal gjere for oss. Det skal vi sjølv leggje vår ære i å gjere så godt som det er mogeleg å gjere. Skulen skal heller ikkje drive trusopplæring for ein einskild konfesjon innan ein einskild religion, men drive god, sakleg og objektiv religionsundervisning i alle religionar. (Dette var eit prinsipielt sukk som eg kjem til å gjennta i alle fora det er naudsynt heilt til ingen lenger seier "Men..." og kjem med argument for at denne utingen i historia til norsk trusopplæring skal takast opp att.)

Trusopplæringsreforma har altså gjort mykje bra, men den har også tatt byråkratiseringa til eit meiningslaust nivå. Eg driv for tida og skriv rapportar for kvart einaste tiltak vi har hatt som kan reknast for trusopplæring. Det viser seg nemleg at det er ikkje berre dei tiltaka som har vore ein del av prosjektet her i kyrkjelyden som skal rappporterast, nei ALLE tiltak skal rapporterast etter som ein kjem inn i gjennomføringsfasen av dette. Det vil seie at ein skal skrive rapportar om metode, mål, innhald og oppslutning om alle ting ein gjer, som konfirmantopplegg, utdeling av fireårsbok, samtalegrupper og så bortetter i det absurde.

I ein kvardag som ofte er hektisk nok, er slik rapportering ein av dei sikraste måtane å ta knekken på arbeidslysta på. Intensjonen er at dette skal samlast på nettsida http://www.stortsavalt.no/, slik at ein kan søkje i kva andre har gjort og lære av dette. Problemet er at søkemotoren på denne nettstaden er det reinaste søppel, og at det ikkje er eit brukbart kategoritre ein kan navigere i om ein er på jakt etter eitt eller anna ein kan bruke i sitt opplegg. Rapporten frå styringsgruppa for prosjektperioden Når tro deles har heller ikkje eit brukbart oppslagsverk over kva som har blitt gjort rundt i landet, men berre ramsar opp alle prosjekta etter geografisk plassering. Ein har altså gjort gode erfaringar over heile landet, men har ikkje makta å lage eit system som deler dette med andre på ein brukbar måte. Det er det same med alle rapportane ein skriv om det ein gjer. Dei er i praksis ikkje tilgjengelege for andre, og vert berre lese av den personen på bispedømmekontoret som skal gå gjennom det som skjer i dei ulike kyrkjelydane. Alle ressursane ein brukar på rapportering er så godt som nyttelause, då det ein skriv ikkje vert brukt til noko anna enn å konstatere att ein gjer noko rundt omkring.

Eg har mykje godt å seie om trusopplæringsreforma, men byråkratiet ein har lagt opp til rundt dette er heilt meiningslaust og fungerer som ein bremsekloss for arbeidet som skjer i kyrkjelydane!

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Yes! Slik er det. Einaste som nyttar er å jobbe med det som er fruktbart lokalt, og det er faktisk nokså mykje.
Rapportskrivinga kan "inn i det absurde" utsetjast for å seie det fint, eller saboterast for å tale sant. Så kan ein byråkrat sentralt få det som ei oppgåve å purre på rapportar som dei ikkje får inn i eit system likevel. Trur det funkar best slik! Sunt vit kjem ein eit bra stykke veg med.

Legg inn en kommentar