torsdag 19. august 2010

Ting er mykje det same...

19. august er i den katolske kyrkja minnedag for ein kar eg aldri hadde høyrt om før. Johannes Eudes var ein fransk prest og kyrkjereformator som levde på nesten heile 1600-talet.Om han står det at han reiste rundt på misjonsturar, og at dette gjorde sterkt inntrykk på folk "i den eksisterende slappe atmosfæren". Tilstanden for kyrkja var ikkje bra. Folk oppførte seg dårleg, og Johannes ville endre på dette. For å gjere dette står det at "[a]ll slags tiltak ble brukt for å trekke så mange mennesker som mulig: prosesjoner, andakt for korset, pantomime."

Dette høyrast eigentleg ut som slik mange vil skildre samtida no, og også korleis dei ofte vil meine at ein skal gjere noko med det. "Verda er i krise. Vi må bruke alle midler for å fortelje om Jesus."

Det er sjølvsagt greit at folk tenkjer slik, men kanskje det kan vere på sin plass å sjå på historia og slå seg til ro med at verda ikkje er noko særleg verre eller betre no enn før? Det var rot og tull på 1600-talet. Det var rot og tull før reformasjonen. Det var rot og tull på 1800-talet som førte til m.a. fråhaldsrørsla, det var rot og tull i oldkyrkja med heresi og kva det måtte vere, det var rot og tull i middelalderen med krosstog og andre mindre gode idear. Det har alltid vore rot og tull, og ser einpå historia er det vanskeleg å finne ein "gullalder" då alt var så mykje betre enn no. Dette gjeld samfunnsmoral, det gjeld gudstenesteoppmøte, det gjeld kyrkjedemokrati og stort sett kva det måtte vere. Det er kanskje rot og tull no, men det har det jammen vore før også.

Det kan vere verdt å hugse dette. Samfunnet vårt, og kyrkja vår, er sikkert ikkje på høgda no, men det er heller ikkje slik at det no er på sitt lågaste punkt og alt berre er krise. Ting er mykje det same...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar