Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg

søndag 6. november 2011

St. Isidors minne har funne seg ein heim

Mannen i profil er St. Melaine.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
6. november er minnedag for den heller obskure helgenen Melaine som var biskop i Rennes i Bretagne på femhundre talet. Melaine gjekk gradane som munk og abbed, og det er ikkje mykje spanande å fortelje om han, anna enn det som gjer han interessant for St. Isidors minne. St. Melaine skal ha hatt seg ein tur over Kanalen til Cornwall. På grunn av dette har han blitt skytshelgen for eit par plassar der, deriblant ein plass som heiter Mullion.

Mullion ligg på halvøya der St. Isidors minne frå no av finn sin geografiske heimstad, nemleg halvøya The Lizard. (Firfirsla eller øgla) The Lizard er det sørlegaste fastlandet i England, og har ein historie prega av skip som går på grunn og smugling. Skal ein tru turistkontoret, er det også svært vakkert der.

Som om ikkje det flotte namnet skulle vere nok, har The Lizard fleire ting som trekk St. Isidors minne til halvøya. Halvøya er i stor grad bygd opp av ein steinart som har det flotte namnet serpentinitt, noko som sjølvsagt gler ein herptilven som underteikna. Hadde det berre vore dei flotte øgletilknyttingane i namnet og grunnfjellet hadde det nok ikkje vore nok til å rekne halvøya som bloggen sin geografiske heimehamn, men det er meir med denne halvøya.

Ein del av The Lizard  går under namnet «Meneage». Dette er kornisk og skal tyde noko slikt som «Munkelandet».  I dette området låg det sansynlegvis ei rekkje små, keltiske kloster, noko som gav det flotte namnet. Akkurat kor stort dette området er, er eg ikkje sikker på, men det skal bestå av fire heile prestegjeld og delar av eit femte, så litt areal må det vere.

Så der har vi staden St. Isidors minne no soknar heim til. Serpentinitten stig opp av havet og dannar halvøya The Lizard der ein finn munkelandet Meneage. Der bur St. Isidors minne.

mandag 4. april 2011

St. Isidors minne minnast St. Isidor


Isidor av Sevilla i bispesetet.
Biletet henta frå Wikimedia Commons.
 I dag, 4.april, er det minnedag for Isidor av Sevilla, mannen denne bloggen har tatt namnet sitt frå. Fleire har spurt meg om kven denne Isidor var, og eg vil nytte høvet til å seie litt om dette i dag.

Isidor av Sevilla var biskop i Sevilla i over tre tiår i tidleg middelalder (rundt år 600). Han jobba for å samle kunnskap, og står bak det enorme encyklopediet Etymologiæ, der han freista å samle all kunnskap han kunne for ettertida. I dette verket, som var på 20 bind, samla han mange skrifter frå dei gamle filosofane som Aristoteles og andre. Gjennom fleire hundre år var det kun gjennom Isidor sitt arbeid at det kristne Europa hadde kjennskap til desse skriftene. Han skreiv også andre vikige verk, til dømes ei historie for den iberiske halvøya, biografiar for personar som vert nemnde i Bibelen, ei synonymordbok og ei astronomisk avhandling.


Ei side frå Etymologiæ med eit typisk
T-O-kart som viser den bebudde verda.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
 Han oppretta også eit institutt og bibliotek i Sevilla så både presteskap og andre skulle få utdanning. Dette leia han sjølv, og han fekk også gjennomslag for at alle bispedøme skulle ha slike institusjonar. I desse skulane, som vart forløparar for dei seinare universiteta innførte han også faga medisin, jus, hebraisk og gresk i tillegg til dei vanlegare allmenne faga og latin.

Som biskop og teolog var han også viktig. Han jobba hardt for å overvinne arianismen som var på frammarsj i Spania, og han var ein viktig person i å gje Filioque-tillegget i Nikenum aksept i vestkyrkja. Han gjorde også ferdig den såkalla mozarabiske liturgien, ein liturgi som i dag berre vert brukt i Toledo, han samla tidlegare kyrkjelege lover og vedak i samlinga Collectio Isidoriana og skreiv ei handbok i liturgi og kyrkjeleg embedslære.

Også for Isidor var dei fire elementa
sentrale i vitskapen.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
I 1598 vart Isidor kanonisert og i 1722 utnemd til kyrkjelærar, ei ære kun 33 personar har fått. Han har i seinare tid vorte fremja som skytshelgen for internett, noko han i praksis nok også kan seiast å ha vorte. Han har også gjeve namn til denne bloggen. Eg er ikkje i stand til å heidre minnet etter denne mannen på ein tilstrekkeleg måte med mine skriblerier, men eg kan i det minste minne folk om ei av dei verkelege kjempene i kyrkjehistoria.

mandag 17. januar 2011

Dagens bilete på Commons

Om ein ser nøye på bloggen min, vil ein sjå at dte har dukka opp eit nytt element i høgremargen. Kvar dag, om alt fungerar slik det skal, skal dagens bilete frå Commons dukke opp. Dette er eit av dei beste bileta som ligg på den enorme mediebasen til Wikimedia. Dei ligg på frie lisensar og kan brukast deretter, men best av alt er at dei er fabelaktige bilete. Ein kan sjølvsagt abonnere på dei på RSS eller e-post.

Eit tilfeldig bilde frå tidlegare utvalgte bilete. Dette var 12. november i fjor.
Detaljar her.

torsdag 18. november 2010

St. Isidors minne er eitt år!

Det har gått eitt år sidan eg skreiv det første innlegget på St. Isidors minne. Som seg hør og bør, var det ein kort presentasjon av planen for bloggen, og sjølvsagt nokre ord om St. Isidor. Eitt år seinare kan eg sjå at då eg omtale bloggen som «ein blogg som mest sansynleg kjem til å omhandle tema som kyrkje, wikipedia og samfunn», var eg ikkje så veldig langt frå sanninga. Eg har nok skreve mindre om Wikipedia enn eg hadde trudd, men noko har det då vorte.

Interessen for den mest leste artikkelen min kom som ei stor overrasking for meg. Det var artikkelen «Den gløymde tragedien i Europa» som omhandla romfolket i Europa. Via Twingly vart denne lenka til ei sak i VG, og dermed rann det inn med folk. Om eg hugsar rett hadde bloggen den dagen like mange lesarar som den hadde dei fire månadane tidelegare tilsaman. Kommentarane rann inn og rasismen florerte. Noko ligg ute for å demonstrere nivået, men mesteparten sletta eg.

Den rasistiske bermen var innom endå ein gong då eg la ut heile preika Eva Brunne hadde ved opninga av Riksdagen i Sverige. Eg kalte innlegget «Korleis jage 20 rasistar frå ei kyrkje», og det skulle vise seg at det også var ei god oppskrift på å trekke hundrevis av rasistar til bloggen min. Nokre av treffa har kome til meg frå den lukka Fedrelandsbloggen. Kanskje det kan seie noko om kven som vel å forsvare Sverigedemokratarna....

Eit anna innlegg som fekk mykje lesarar via Twingly i VG var «"Sannheten om soldatene i Afghanistan" - Toppen av soldatvrøvlet.». Dette innlegget handa strengt tatt meir om noko ein soldat sa til «Far og barn» enn det som stod i VG, og skapte ikkje nokon «lesarstorm» i kommentarfeltet mitt. Eg mistenkjer at rasistar i Norge medvite skriv massevis av vrøvlete innlegg på bloggar og nettaviser for å fremstå som fleire enn dei er, og at det mellom anna er derfor dei innlegga rasistane bryr seg om får langt fleire kommentarar.

Dei to neste innlegga på topplista mi er «KRF på ville vegar» som folk har funne via Twingly og vl.no, og ,svært overraskande, «Hurra for Bjørgvin bispedømme!» der eg gratulerer Anna Bæckström Hovda med jobb i Johanneskirken. Det mest overraskande med dette er at treffa på denne bloggposten kjem så jamnt. Den vert lese nesten kvar dag, gjerne av folk som søkjer på hennar namn. Ho er tydlegvis ei populær dame!

Eit anna innlegg som er høgt oppe blant dei mest leste er «Ateismens ignorante - Opplevingar på Kvarteret». Dette har skjedd i løpet av ganske kort tid, og det har ikkje vore lenka frå nokon nettavis, så dei som har lese dette har stort sett kome frå Twitter eller vore faste lesarar. Kjekt at folk kjem innom via slike kanalar også.

Kommentarfeltet har vore lite brukt. Eg veit ikkje heilt kvifor folk heller vel å kommentere bloggpostane mine på Twitter eller Facebook, men det er mogeleg det er ein lågare terskel der? Det er uansett lov å kommentere her også.

Konklusjonen er at St. Isidors minne sitt første år har gått bra. Eigentleg betre enn venta, om eg skal tenkje på lesartal. Det er stor sjangs for at det vert fleire år med blogging.