mandag 8. april 2013

Løysing på problemet med vigselsliturgi(ar)?

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det største ordningsmessige problemet vi har i kyrkja i dag er nok det som skjer eller ikkje skjer når det kjem til ein eventuel vigselliturgi for likekjønna par. Dette er ei viktig sak for begge sidar i saka, og etter mitt syn er det få som verkar å ta alvoret den andre sida ser på alvor. For nokon dreier det seg om brot på Bibelen sine bod, for andre dreier det seg om korleis vi som kyrkje handlar mot menneske. For meg personleg er det viktigaste argumentet i denne saka det økumeniske perspektivet. Innfører vi eit slikt vigselrituale vil vi samstundes stenge oss ute for store delar av den verdsvide kyrkjefellesskapen. Eg ynskjer ikkje dette, samstundes som eg heller ikkje ynskjer at vi ikkje skal be for dei ekteskapa som ynskjer det.

Min eigen konklusjon på spørsmålet om kva vi bør gjere i denne saka er derfor langt frå klar, men ein kort tekst frå Martin Luther har fått meg til å fundere på om den følgande skissa kunne ha løyst problemet på ein smidig, men ganske unnvikande måte.

Det første vi må gjere er å seie frå oss vigselretten. Det er noko vi uansett bør gjere, og har ikkje noko med denne saka å gjere, så det bør vere ein relativt ukontroversiell sak.

Deretter må vi kutte vigselritualet vi har som bindande rituale. Gjer vi det har vi ikkje nokon formel liturgi for inngåing av ekteskap, verken for den eine eller den andre typen. Mange prestar vil sikkert meine at dette er greit, då dei då står meir fritt til å forme seremoniane slik dei ynskjer, medan det sjølvsagt vert vanskelegare å halde att for alt mogeleg fjas folk vil ha med. Den gamle liturgien er framleis noko ein kan bruke, og Norges Kristelige Studentforbund har til dømes laga eit forslag til ny liturgi, så det burde ikkje vere umogeleg å snekre saman nokre greie seremoniar for den enkelte prest. Gjer ein det på denne måten gjer ein det likt for alle, utan å lage ein ny liturgi og med det utforme lærepunkt som vil skape økumeniske problem. Alle prestar som vil kan allereie be for likekjønna ekteskap, så denne ordninga vil ikkje føre noko nytt inn i kyrkja, men ordne det på ein litt annan måte.

Kva har Martin Luther med dette å gjere? Jo, i En liten bok om brudevielser med den innbydande undertitelen «For de enfoldige sogneprester» kjem han med eit forslag til vigselliturgi. Men denne liturgien er ikkje bindane. Den går «ut til de unge sogneprestene som ikke kan noe bedre, for at de endrektig sammen med oss kunne bruke denne form og måte.

De andre, som kan det bedre, det er de som vel ikke kan alle ting, men som gjerne vil gi inntrykk av at de kan alle ting. De har ikke bruk for denne tjenesten min [...] Man kunne ellers tenke at de lærte noe av andre, og det ville jo være en stor skam.»[1]

Luther seier altså at vi ikkje treng ein fast liturgi for vigsler. Kan vi ikkje følge han på dette?

Kva så med kyrkja si lære om ekteskapet? Vi treng kanskje ei skikkeleg lære om ekteskapet? Her har eg ikkje noko godt svar, men eg konstaterer at vi har ei skral lære om krig med ei historie med delvis pasifistiske utsegn  på den eine sida, via feltprestinstitusjonen til nesten krigshissande utsegn på den andre sida. Kan vi leve med dette kan vi kanskje leve med ei uklar ekteskapslære?

No vil eg nok med dette gå inn under dei «som kan det bedre, [...] de som vel ikke kan alle ting, men som gjerne vil gi inntrykk av at de kan alle ting.», men eg vil likevel tru at lurare hovud enn mitt har vore inne på desse tankane tidelegare. Luther sine tankar vert mellom anna trekt fram i «Sammen – samliv og samlivsordninger i et kirkelig perspektiv» som nyleg kom. Likevel vert denne løysinga sjeldan eller aldri tatt fram som eit alternativ. Eg forstår ikkje kvifor.

[1] Sitatet er henta frå Martin Luther, En liten bok om brudevielse. For de enfoldige sogneprester. omsett av Terje Ellingsen, Verbum 1990, side 122

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar