torsdag 13. desember 2012

St. Guinefort

Denne hunden heiter Grace.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Midt i adventstida tar vi ein snartur inn i det meir obskure kyrkjelege landskapet. Denne gongen er det så obskurt at det er ein  «helgen» der kulten for helgenen fleire gonger har blitt forbode av Den katolske kyrkja, noko som ikkje er så rart sidan det er snakk om ein hund, heilt bestemt ein greyhound med namnet Guinefort.

Vi fortel historia slik inkvisitøren Stefan av Bourbon fekk han fortalt då han kom til Lyon ein gong på 1200-talet. Han fekk høyre frå fleire kvinner at dei bar dei sjuke barna sine til St. Guinefort. Sidan han aldri hadde høyrd om denne helgenen før, vart han nyskjerring og ville finne ut kven dette var. Dette er det han fann ut.

Guinefort var ein greyhound som levde i Frankrike på 1200-talet. Eigaren hans var ein rik mann som budde i slottet sitt i nærleiken av Lyon. Ein dag var både han, kona hans og barnepika ute samstundes medan babyen hans låg og sov i vogga si. Då kom det ein diger slange inn i huset og for rett mot den sovande babyen. Den einaste som var att med babyen var hunden Guinefort, og han såg kva som var i ferd med å skje. Han kasta seg over slangen, og i kampen velta han vogga slik at babyen for avgarde. Hunden og slangen hadde ein durabeleg kamp, der hunden til slutt drap slangen. Både hunden og vogga var då oversprøyta med blod.

Guinefort stilte seg no opp med den blodige vogga, og stod der då barnepika kom inn. Ho såg den blodige vogga og hunden med blod over heile seg, særleg rundt munnen og var sikker på at hunden hadde drepe babyen. Ho sette i eit hyl, noko som fekk mora til babyen inn. Ho trakk den same konklusjonen og slutta seg til hylinga. No kom faren til babyen inn for å sjå kva som hendte. Han trudde og hunden hadde drepe bornet, og drap hunden med sverdet sitt. Først då fann dei babyen som var i tipp-topp stand og låg og sov på golvet. Dei oppdaga etterkvart slangen og forstod kva som hadde skjedd.

For å heidre hunden gravla dei han i ein brønn, la ei steinrøys over brønnen og planta fleire tre rundt steinrøysa, som eit monument over den tapre hunden.

Stefan fortel at slottet og landet rundt no vart lagt øyde «by divine will». Folk som budde i området hadde fått høyre historia om den tapre hunden, og byrja å heidre han som ein martyr. Særleg kvinner med små barn såg på han som ein slags skytshelgen for spedbarn. Det utvikla seg derfor ein kult rundt gravplassen til Guinefort.

Inkvisitøren skriv at då han hadde fått høyre forteljinga om Guinefort, gjekk han til grava hans, samla folk der og gav dei inn for det dei gjorde.
We then had the dead dog dug up and the grove of trees cut down and burned along with the dog's bones. Then we had an edict enacted by the lords of the land threatening the spoliation and fining of any people who gathered there for such a purpose in future.
Forbodet kan ikkje ha hatt den heilt store effekten, for i følgje Wikipedia skal kulten ha fortsatt heilt fram til 1930-talet, trass i fleire forbod frå Den katolske kyrkja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar