lørdag 22. desember 2012

Det mirakuløset teppet i Meland kyrkje

Slik ser det heilage teppet ut.
St. Isidors minne er ein blogg som ikkje er framand for det obskure eller det spektakulære, særleg ikkje om dette kan finnast innan kyrkja. Vanlegvis tar dette oss langt avgarde både i tid og rom. Vi tar gjerne turen innom ølskummande, norske dåpspraksisar i middelalderen, knelande kamelar i Midtausten på 300-talet eller  gullbelagte buddhistmunkar i Hong Kong. Denne gangen er ikkje det sensasjonelle og spektakulære langt vekke verken i tid eller rom. Vi skal til Meland kyrkje 21. desember 2012 og det mirakuløse golvteppet som ligg i kyrkja.

Historia er denne: For to år sidan fann organisten i kyrkja ut at golvteppet som går opp midtgangen måtte fiksast på. Han rulla då teppet saman for å rette det opp, men då han rulla det ut att var det plutseleg for langt for kyrkjegolvet. Ein fann ikkje anna råd enn å kutte litt av lengda på teppet. Eitt år seinare, etter skulegudstenestene i fjor, låg plutseleg teppet i faldar att. Det hadde med eit vorte for langt for kyrkja att, og på ny vart løysinga å kutte av den overskytande delen av teppet. I år har vi tradisjonen tru hatt dei påkrevde skulegudstenestene, og som vanleg måtte teppet i midtgangen få ein aldri så liten vask. Endå ein gong hadde teppet vakse. Denne gangen var det naudsynt å kutte av rundt fem centimeter i enden på teppet for at det skulle passe inn på golvet.

Dette er i sanning eit verkeleg mirakel! Onde tunger vil kanskje ha det til at slikt er naturleg slitasje på eit gamalt teppe. Slike tåpelege, reduksjonistiske og skeptiske forklaringar høyrer heime i Teppeland saman med alle dei som teppe kan. Endå ondare tunger vil hevde at dette skjer også med tepper i andre kyrkjer i Nordhordland. Dette må dei lenger ut på landet med. Ut til Manger, til dømes. Forklaringa ligg sjølvsagt på eit heilt anna plan.

Kommunevåpenet til Meland. Alle som ikkje ser at
dette heilt klart er eit feminint fruktbarheitssymbol,
må få grunnleggjande anatomiopplæring.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I Lukas 23,45 kan vi lese at i det Jesus anda ut på krossen rivna forhenget inn til Det høgheilage i tempelet i to. Den mest nærliggande forklaringa er at teppet i Meland kyrkje er vevd av stoffet frå dette forhenget. Korleis dette stoffet havna i Meland er førebels ikkje kartlagt av forskarar, men det er naturleg å tru at det vart redda frå tempelet av Tempelridderane, før det vart ført til Nordhordland av etterkomarar av merovingarane. Motivet dei har hatt for å gjere dette kan synast underleg, heilt til ein ser kommunevåpenet til Meland kommune. Navaren i våpenet er eit klassisk, merovingsk symbol. Navaren er forma som eit tverrsnitt av dei indre delane av eit kvinneleg kjønnsorgan, noko ein ikkje treng å vere ein symbololog som Robert Langdon for å forstå at viser oss at Maria Magdalena har vore i Meland. Plasseringa av kyrkja i Meland er eit mysterium for dei fleste, midt oppe på fjellet som ho ligg, heilt utan samanheng med tidlegare hov eller anna heidenskap. Alle indisiar peikar mot at Meland kyrkje er bygd på grava til Maria Magdalena.

Dei reduksjonistiske og skeptiske lesarane mine vil nok spørje seg om kvifor teppet ikkje har gjort slike mirkalar tidlegare. Det har jo trass alt vore i kyrkja i mange år før det tok til å vekse. Verdsvevorakelet Wikipedia kan fortelje oss at merovingane vart kalla «reges criniti» eller «dei langhåra kongane» i samtida si. Kjelder nær denne skrivaren kan informere om at det vart sett inn ein langhåra prest i teneste i Meland kyrkje kort tid før desse mirakla byrja å utspele seg. Kan hende er den merogvinske løyndomen snart moden for å offentleggjerast for alt folket?

Dette må få konsekvensar for Meland kyrkje. I første omgang må det byggjast eit monter for den delen av teppet som vart skore av i går. Denne må ha kneleskammel, plass for bønelys og bør ikkje vere mindre enn 2x2x3 meter. Helst bør det byggjast av gull med vindauge av bömisk krystall. I april skal det vere bispevisitas i kyrkja. Biskopen må då vigsle monteret til pilegrimsmål og gjennomføre eit relikviegodkjenningsrituale der teppebiten offisielt vert anerkjent som eit relikvie etter Maria Magdalena og forhenget i tempelet i Jerusalem. Deretter må Kristelig Folkeparti insistere på at det er ei alvorleg utelating frå styresmaktene om det ikkje vert løyvd svært mange milionar på å etablere ei pilegrimslei til kyrkja. Sidan kyrkja då vert ubrukeleg til kyrkjelydsarbeid på grunn av dei milliardane med valfartande som vil kome ditt kvart år må det deretter byggast ei arbeidskyrkje på Frekhaug.

Dette er sansynlegvis det største som har skjedd for Meland, ja heile Nordhordland-regionen, i alle fall sidan dei bygde bru over Alverstraumen!

Ein vaskeekte relikvie. Teppebiten frå Meland kyrkje.
Så vaskeekte at han vart oppdaga under vasking!
 

2 kommentarer:

Asbjørn sa...

Hahaha, no lo eg godt :)

Latmann sa...

Du glemte det viktigste: Suvenirkioskene, spisestedene, overnattingsstedene. Det er mye penger i et godt pilegrimsmål. Det er derfor det er så mange av dem.

Legg inn en kommentar