søndag 23. desember 2012

Adventus filii Dei in mundanum

Kinesisk framstilling av fødselen i stallen.
Biletet har eg lånt frå denne bloggen.
Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

     Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, 
     og dei skal gje han namnet Immanuel 
– det tyder: Gud med oss.
     Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.
     (Matt 1, 18-25)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar