søndag 2. desember 2012

Johannes Suenonis' advent

Vadstena klosterkyrkje, der preika vart halde.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Om nokon har sett dagens første bloggpost, har dei kanskje undra seg over tittelen på posten, «De adventu Domini in carne», eller på at bloggposten utelukkande inneheld dagens evangelietekst og eit bilete. Planen min er at det skal kome ein liknande bloggpost kvar søndag i adventstida. Titlane på dei fire søndagane er frå ei preike Johannes Suenonis hadde i klosteret i Vadstena på slutten av 1300-talet:
Første søndag i advent handler om Herrens komme i kjød (de adventu Domini in carne), andre søndag i advent omhandler Kristi komme til dom (de adventu Domini ad judicium), tredje adventssøndag handler det om hvordan Guds sønn kommer til menneskesjelen (adventus filii Dei in humanam mentem), og på den fjerde søndagen, som også innbefatter Herrens fødselsfest, feirer vi Guds sønns komme til verden (adventus filii Dei in mundum).[1]
Eg har ikkje sett etter korleis tekstane i tredje tekstrekke for Den norske kyrkje i tekstrekkene som vart introdusert første søndag i advent 2011,  passar saman med overskriftene den svenske presten gav dei ulike dagane på 1300 talet. Det kan kanskje vere interessant å sjå.

Johannes Suenonis døydde i 1390 og var prest i klosteret i Vadstena. Han var ein dyktig preikeskrivar, og tok med seg nye impulsar til Vadstena frå utlandet, særleg Praha. Johannes hadde studert i Bologna og Praha og var prest i Sverige før han byrja som prest i klosteret i Vadstena i 1387. Dette var i og for seg underleg, sidan han var sekulærprest, men til dømes det at han hadde preiker på gudstenester tyder på at han vart rekna som ein ordensprest. I 1390 skulle han reise til Roma for å overtale paven til å kanonisere Birgitta, men han døydde før han kom fra.

Ein har ein del skrifter etter Johannes, og det er særleg preiker han har etterlate til oss, sjølv om det også er andre kyrkjelege skrifter som han enten har skrive sjølv eller kopiert. Preikene hans skal vere tunge greier som ikkje er rekna for vanlege folk, men som preikeopplæring for prestar. Det er sikkert i den samanhengen ein må forstå sitatet over.[2]

Dette er altså bakgrunnen for postane som kjem til å kome dei fire søndagane i advent. Velsigna adventstid!

[1] Jan Henrik Schumacher, Kirkehistorisk latinleksikon, Spartacus, Oslo, 2002. Side 17
[2] Informasjonen om Johannes Sunonis er henta frå denne artikkelen som Roger Andersson har skrive for Universitetet i Bergen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar