Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.
Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.
(Matt 1, 18-25)
søndag 23. desember 2012
lørdag 22. desember 2012
Det mirakuløset teppet i Meland kyrkje
![]() |
| Slik ser det heilage teppet ut. |
Historia er denne: For to år sidan fann organisten i kyrkja ut at golvteppet som går opp midtgangen måtte fiksast på. Han rulla då teppet saman for å rette det opp, men då han rulla det ut att var det plutseleg for langt for kyrkjegolvet. Ein fann ikkje anna råd enn å kutte litt av lengda på teppet. Eitt år seinare, etter skulegudstenestene i fjor, låg plutseleg teppet i faldar att. Det hadde med eit vorte for langt for kyrkja att, og på ny vart løysinga å kutte av den overskytande delen av teppet. I år har vi tradisjonen tru hatt dei påkrevde skulegudstenestene, og som vanleg måtte teppet i midtgangen få ein aldri så liten vask. Endå ein gong hadde teppet vakse. Denne gangen var det naudsynt å kutte av rundt fem centimeter i enden på teppet for at det skulle passe inn på golvet.
Dette er i sanning eit verkeleg mirakel! Onde tunger vil kanskje ha det til at slikt er naturleg slitasje på eit gamalt teppe. Slike tåpelege, reduksjonistiske og skeptiske forklaringar høyrer heime i Teppeland saman med alle dei som teppe kan. Endå ondare tunger vil hevde at dette skjer også med tepper i andre kyrkjer i Nordhordland. Dette må dei lenger ut på landet med. Ut til Manger, til dømes. Forklaringa ligg sjølvsagt på eit heilt anna plan.
| Kommunevåpenet til Meland. Alle som ikkje ser at dette heilt klart er eit feminint fruktbarheitssymbol, må få grunnleggjande anatomiopplæring. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Dei reduksjonistiske og skeptiske lesarane mine vil nok spørje seg om kvifor teppet ikkje har gjort slike mirkalar tidlegare. Det har jo trass alt vore i kyrkja i mange år før det tok til å vekse. Verdsvevorakelet Wikipedia kan fortelje oss at merovingane vart kalla «reges criniti» eller «dei langhåra kongane» i samtida si. Kjelder nær denne skrivaren kan informere om at det vart sett inn ein langhåra prest i teneste i Meland kyrkje kort tid før desse mirakla byrja å utspele seg. Kan hende er den merogvinske løyndomen snart moden for å offentleggjerast for alt folket?
Dette må få konsekvensar for Meland kyrkje. I første omgang må det byggjast eit monter for den delen av teppet som vart skore av i går. Denne må ha kneleskammel, plass for bønelys og bør ikkje vere mindre enn 2x2x3 meter. Helst bør det byggjast av gull med vindauge av bömisk krystall. I april skal det vere bispevisitas i kyrkja. Biskopen må då vigsle monteret til pilegrimsmål og gjennomføre eit relikviegodkjenningsrituale der teppebiten offisielt vert anerkjent som eit relikvie etter Maria Magdalena og forhenget i tempelet i Jerusalem. Deretter må Kristelig Folkeparti insistere på at det er ei alvorleg utelating frå styresmaktene om det ikkje vert løyvd svært mange milionar på å etablere ei pilegrimslei til kyrkja. Sidan kyrkja då vert ubrukeleg til kyrkjelydsarbeid på grunn av dei milliardane med valfartande som vil kome ditt kvart år må det deretter byggast ei arbeidskyrkje på Frekhaug.
Dette er sansynlegvis det største som har skjedd for Meland, ja heile Nordhordland-regionen, i alle fall sidan dei bygde bru over Alverstraumen!
![]() |
| Ein vaskeekte relikvie. Teppebiten frå Meland kyrkje. Så vaskeekte at han vart oppdaga under vasking! |
Kategoriar:
Historiske kuriositetar,
Humor,
Kristendom,
Nordhordland,
Reisebrev
søndag 16. desember 2012
Adventus filii Dei in humanum mentem
![]() |
| Johannes peikar på Jesus. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg.
(Joh 5, 31-36)
Kategoriar:
Advent,
Johannes Suenonis' advent,
Kristendom,
Merkedagar,
Sitat
torsdag 13. desember 2012
St. Guinefort
![]() |
| Denne hunden heiter Grace. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Vi fortel historia slik inkvisitøren Stefan av Bourbon fekk han fortalt då han kom til Lyon ein gong på 1200-talet. Han fekk høyre frå fleire kvinner at dei bar dei sjuke barna sine til St. Guinefort. Sidan han aldri hadde høyrd om denne helgenen før, vart han nyskjerring og ville finne ut kven dette var. Dette er det han fann ut.
Guinefort var ein greyhound som levde i Frankrike på 1200-talet. Eigaren hans var ein rik mann som budde i slottet sitt i nærleiken av Lyon. Ein dag var både han, kona hans og barnepika ute samstundes medan babyen hans låg og sov i vogga si. Då kom det ein diger slange inn i huset og for rett mot den sovande babyen. Den einaste som var att med babyen var hunden Guinefort, og han såg kva som var i ferd med å skje. Han kasta seg over slangen, og i kampen velta han vogga slik at babyen for avgarde. Hunden og slangen hadde ein durabeleg kamp, der hunden til slutt drap slangen. Både hunden og vogga var då oversprøyta med blod.
Guinefort stilte seg no opp med den blodige vogga, og stod der då barnepika kom inn. Ho såg den blodige vogga og hunden med blod over heile seg, særleg rundt munnen og var sikker på at hunden hadde drepe babyen. Ho sette i eit hyl, noko som fekk mora til babyen inn. Ho trakk den same konklusjonen og slutta seg til hylinga. No kom faren til babyen inn for å sjå kva som hendte. Han trudde og hunden hadde drepe bornet, og drap hunden med sverdet sitt. Først då fann dei babyen som var i tipp-topp stand og låg og sov på golvet. Dei oppdaga etterkvart slangen og forstod kva som hadde skjedd.
For å heidre hunden gravla dei han i ein brønn, la ei steinrøys over brønnen og planta fleire tre rundt steinrøysa, som eit monument over den tapre hunden.
Stefan fortel at slottet og landet rundt no vart lagt øyde «by divine will». Folk som budde i området hadde fått høyre historia om den tapre hunden, og byrja å heidre han som ein martyr. Særleg kvinner med små barn såg på han som ein slags skytshelgen for spedbarn. Det utvikla seg derfor ein kult rundt gravplassen til Guinefort.
Inkvisitøren skriv at då han hadde fått høyre forteljinga om Guinefort, gjekk han til grava hans, samla folk der og gav dei inn for det dei gjorde.
We then had the dead dog dug up and the grove of trees cut down and burned along with the dog's bones. Then we had an edict enacted by the lords of the land threatening the spoliation and fining of any people who gathered there for such a purpose in future.Forbodet kan ikkje ha hatt den heilt store effekten, for i følgje Wikipedia skal kulten ha fortsatt heilt fram til 1930-talet, trass i fleire forbod frå Den katolske kyrkja.
Kategoriar:
Helgenar,
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie
søndag 9. desember 2012
De adventu Domini ad judicium
![]() |
| Maleri av Jacek Andrzej Rossakiewicz. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn. Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Be, så skal de få, slik at gleda dykkar kan vera fullkomen.
Joh 16, 21-24
Kategoriar:
Advent,
Johannes Suenonis' advent,
Kristendom,
Merkedagar,
Sitat
Gud vår Far
Dette lesarbrevet av Marianne Støylen Skauge stod på trykk i Vårt Land 4. desember 2012. Det vert også lagt ut på St. Isidors minne.
I intervju med Vårt Land torsdag 29.november hevdar Gyrid Gunnes at «det må da være et problem at for Den norske kirke når kvinner ikke orker å være prester på grunn av det patriarkalske gudstjenestespråket.» Samtidig seier ho at ho ikkje har noko godt svar på kor utbreidd hennar syn på dette er blant kvinnelege prestar i Den norske kyrkje. Det er det nok vanskeleg å svare på for dei fleste av oss, men som prest og kvinne ynskjer eg å understreke at Gunnes i alle fall ikkje talar på vegne av alle kvinnelege prestar i Den norske kyrkja når ho er skuffa over mangelen på kjønnsinkluderandre språk i den nye liturgien og karakteriserer dette som eit kjønnspolitisk tilbakeslag. Eg er tvert i mot svært glad for at den nye liturgien held fast på Bibelen sine ord, slik som Far og Son og Heilag Ande, når vi talar om og til Gud.
Eg veit heldigvis ikkje om mange andre i Den norske kyrkje som ynskjer å byte ut treeiningsformelen «Faderen og Sonen og Den heilage ande» i dåpsliturgien, men eg synst likevel at det er urovekkjande mange som brukar, eller kan tenkje seg å bruke, det ein må sjå på som alternative treeningsformlar, slik som Gunnes sitt døme, «i Skaperens, Forløserens og Livgiverens navn», eller på andre måtar seier at vi må kunne bruke andre ord for Gud enn dei vi finn i Bibelen. Etter kva slags kriterier skal vi kunne lage og bruke andre namn på Gud?
Vi tiltalar Gud som Far, men å poengtere at Gud ikkje er mann, og utanfor våre kjønnskategoriar vil eg seie er å slå inn opne dører. Å omtale Gud som mann er blasfemisk hevdar Gunnes. Her er det viktig å halde tunga rett i munnen. Å omtale Gud som «Far» er kristent språk, men å seie at Gud er mann er blasfemisk. Akkurat dette er neppe særleg kontroversielt. Men at Gud ikkje er mann, tyder det at vi like godt kan tiltale han som «mor» eller andre feminine eller upersonlege nemningar? Det er ikkje vi som namngjev Gud. I den kristne trua er det eit heilt sentralt punkt at Gud har gjeve seg til kjenne for oss menneske, og openberra seg og sitt namn for oss.
Eg tykkjer det er interessant å sjå korleis nettopp det tradisjonelle kristne språket om Gud faktisk kan fungere som ein kritikk av det patriarkalske samfunnet. Teologen Jane Williams har i boka «The Forgotten Trinity» peika på at «Far» i Bibelen vert brukt på ein slåande ikkje-patriarkalsk måte. I Det gamle testamentet ser vi døme på dette i Jer 31,9 der vi høyrer om faren som ser etter barnet og leiar det slik at det ikkje snublar og i Jes 64,7-8 der Israel kan be Gud om å syne miskunn i staden for harme, fordi Gud er far for dei. Som Williams seier er det som dei her appellerer til Gud si «mjukare» side. I Joh 14,9 seier Jesus: «Den som har sett meg, har sett Far» og i Matt 11,27 «Ingen kjenner Sonen utan Far; og ingen kjenner Far, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.» Dette viser oss at det er Jesus åleine som kjenner Far, og farskap vert definert for oss av Jesus som kom og tok på seg ein tenars skapnad og døydde på krossen. Det er ikkje vi sjølve som skal ta våre biologiske eller sexistiske bilete av «far» og henge desse på Gud. Kyrkja har aldri kalla Gud berre «Far». Dette har alltid vore ein kortversjon av «vår Herre Jesu Kristi Far», uttrykket som vi finn så ofte i brevlitteraturen i NT. Vi forstår «Far» på bakgrunn av den nemnte Sonen, Jesus Kristus, han som er den einaste som kjenner Far og som byd oss inn i fellesskapet dei deler og lærer oss å be «Vår Far».
Marianne Støylen Skauge
Prostiprest i Nordhordland

Gjestebloggarar,
Kristendom,
Liturgi
fredag 7. desember 2012
Folkefrelsar til oss kom
![]() |
| Den heilage Ambrosius. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Folkefrelsar, til oss kom,fødd av møy i armodsdom!Heile verdi undrast påkvi du soleîs koma må.
Herrens under her me ser,ved Guds Ande dette skjer.Livsens ord frå himmerikvert i kjøt og blod oss lik.
Utan synd han boren erSom all synd for verdi ber.Han er både Gud og mann,alle folk han frelsa kann.
Frå Gud Fader kom han her,heim til Gud hans vegar ber,Ned han fór til helheims land,upp fór til Guds høgre hand.
Du som er Gud Fader lik,Ver i vanmakt sigerrik!Med din guddomsvelde kom,styrk oss i vår armodsdom.
Klårt di krubbe skina kann,ljoset nytt i natti rann,naud og natt til ende er,trui alltid ljoset ser.
Lov og takk, du Herre kjære,som til verdi komen er!Fader god og Ande blid,lov og takk til evig tid!
Kategoriar:
Advent,
Helgenar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Musikk,
Poesi,
Sitat
søndag 2. desember 2012
Johannes Suenonis' advent
![]() |
| Vadstena klosterkyrkje, der preika vart halde. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Første søndag i advent handler om Herrens komme i kjød (de adventu Domini in carne), andre søndag i advent omhandler Kristi komme til dom (de adventu Domini ad judicium), tredje adventssøndag handler det om hvordan Guds sønn kommer til menneskesjelen (adventus filii Dei in humanam mentem), og på den fjerde søndagen, som også innbefatter Herrens fødselsfest, feirer vi Guds sønns komme til verden (adventus filii Dei in mundum).[1]Eg har ikkje sett etter korleis tekstane i tredje tekstrekke for Den norske kyrkje i tekstrekkene som vart introdusert første søndag i advent 2011, passar saman med overskriftene den svenske presten gav dei ulike dagane på 1300 talet. Det kan kanskje vere interessant å sjå.
Johannes Suenonis døydde i 1390 og var prest i klosteret i Vadstena. Han var ein dyktig preikeskrivar, og tok med seg nye impulsar til Vadstena frå utlandet, særleg Praha. Johannes hadde studert i Bologna og Praha og var prest i Sverige før han byrja som prest i klosteret i Vadstena i 1387. Dette var i og for seg underleg, sidan han var sekulærprest, men til dømes det at han hadde preiker på gudstenester tyder på at han vart rekna som ein ordensprest. I 1390 skulle han reise til Roma for å overtale paven til å kanonisere Birgitta, men han døydde før han kom fra.
Ein har ein del skrifter etter Johannes, og det er særleg preiker han har etterlate til oss, sjølv om det også er andre kyrkjelege skrifter som han enten har skrive sjølv eller kopiert. Preikene hans skal vere tunge greier som ikkje er rekna for vanlege folk, men som preikeopplæring for prestar. Det er sikkert i den samanhengen ein må forstå sitatet over.[2]
Dette er altså bakgrunnen for postane som kjem til å kome dei fire søndagane i advent. Velsigna adventstid!
[1] Jan Henrik Schumacher, Kirkehistorisk latinleksikon, Spartacus, Oslo, 2002. Side 17
[2] Informasjonen om Johannes Sunonis er henta frå denne artikkelen som Roger Andersson har skrive for Universitetet i Bergen.
Kategoriar:
Advent,
Johannes Suenonis' advent,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Sitat
De adventu Domini in carne
![]() |
| Jesus i tempelet. Maleri av Quentin Matsys. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:
Frå munnen på småborn og spedborn
har du late lovsong lyda!»
Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.
(Matt. 21, 10-17)
Kategoriar:
Advent,
Johannes Suenonis' advent,
Kristendom,
Merkedagar,
Sitat
Abonner på:
Kommentarer (Atom)