Eg var i Nidarosdomen i helga. Eit besøk i katedralen i Trondheim er på mange måtar ei mektig oppleving. Den er storslått, vakker og har ei rik historie. Samstundes er det og ei amputert oppleving. For det manglar noko i kyrkja.
Nidarosdomen er på mange måtar ei tretten-på-dusinet-kyrkje i europeisk samanheng. Det er mange slike store katedralar rundt i Europa, men dei fleste av desse har noko Nidarosdomen manglar. Til og med i hovudkyrkja til vår nærmaste søsterkyrkje, Svenska kyrkan, har dei det vi manglar i vår hovudkyrkje. I domkyrkja i Uppsala har dei relikvier og dei har ei liste over erkebiskopar.
Trondheim domkyrkje har ikkje noko slikt. Ho har ikkje ein gong eit sentralt bilete av Olav, mannen som skal vere gravlagt ein stad i kyrkja. Trondheim domkyrkje framstår som bortimot ribba for historie. Det er som om ein går inn i ei kyrkje som eksisterer i ei historisk boble der det ikkje har skjedd noko frå Jesus stod opp frå grava og fram til i dag.
Rett skal vere rett. Det er ei lita plate til minne om Thomas von Westen og det er nokre helgenar på vestfronten. Og kven veit kven som er på alle glasmaleria? Og så er det eit sidekapell som er vigsa til minnet om dei som fall i krigen, ei liste over nokre av dei tidlege kongane i Norge og i eit anna sidekapell er det eit ikon med to menn på. Kanskje Olav og ein annan? I oktogonen er det også eit lite altar med bilete frå olavssoga som frontpanel, sjølvsagt med Olav sentralt plassert. Men alt i alt, er kyrkja ganske blotta for historie.
Nidarosdomen står, trass i sin majestetiske framtoning, som eit symbol på den lutherske historieløysa. Den står naken der vår norske kyrkjehistorie burde ha kledd kyrkja. Dei som har gått før oss i trua burde ha blitt med inn i gudstenestefeiringa, men i staden sit vi att med nakne veggar.
Nidarosdomen burde ha vore pryda med bilete, statuar og minneplatar for folk som St. Olav, St. Torfinn, St. Hallvard, St. Sunniva, St. Birgitta og St. Svithun og med evangelistar og profetar. Desse burde ha fått plass inne i kyrkja, ikkje berre i beste fall forvist til kulden på vestveggen. I tillegg burde kyrkja ha romma Martin Luther, Philipp Melanchthon, Petter Dass, Elias Blix, Hans Nielsen Hauge, Eivind Berggrav, Cathinka Guldberg, St. Trifon, N.F.S. Grundtvig, Lars Levi Læstadius og andre kjempar frå norsk og skandinavisk kyrkjehistorie. Hadde det ikkje vore for slike folk, hadde det ikkje vore ei kyrkje i Norge i dag.
I staden hoppar vi bukk over kyrkjehistoria og alle dei heilage. Vi stenger skyen av vitne ute, og latar som om ho ikkje er der. Som resultat får vi ei hovudkyrkje som kun framstår som hovudkyrkje for her-og-no. Ikkje frå-æve-til-æve. Det er beint fram trist!
torsdag 12. februar 2015
mandag 2. februar 2015
St. Simeons dag
Eit georgisk ikon som viser Josef, Maria, Jesus, Simeon og Anna. Lurar du på kven Anna er? Slå opp i Lukas 2 og finn det ut. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
I dag er det kyndelsmesse, dagen ein minnast då Jesus vart boren inn i tempelet av Maria og Josef. Dette er førti dagar etter jul, altså førti dagar etter at Jesus vart fødd, noko som vil seie at Maria si reinsingstid var over.
I tempelet traff dei på Simeon. Han venta på å sjå Messias. Gud hadde sagt at han ikkje skulle døy før han fekk sjå han. Lukas fortel at Simeon vart driven til tempelet av Den heilage ande samstundes med den heilage familie, og då han møtte dei såg han at den lille guten var han han venta på. Messias. Då tok han Jesus i hendene sine og sa fram orda vi kjenner som «Simeons lovsong» og gjer til våre eigne når vi ber kompletorium.
«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,Og som eit lite apropos: Det var ikkje berre i Israel for 2000 år sidan at kvinner kom til kyrkje for å bli reinsa førti dagar etter fødselen. Dette dreiv ein med i Danmark og Norge i lang tid. Den norske Altarbok for Den norske kyrkja som kom i 1920 og var i bruk fram til ny liturgi kom i 1977 har eit eige kapittel «Um inngangskonor».
slik som du har lova.
For mine auge har sett di frelse,
som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
eit lys til openberring for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.»
Ein eigen benk for «Kirkegans Koner» eller «Inngangskoner» og dåpsfylgjer i Mariager kyrkje i Danmark. Biletet har eg tatt, og det ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0) |
«Inngangskona skal møta med fylgjet sitt i vaapenhuset eller sakristiet i god tid fyre gudstenesta tek til, eller medan dei syng ein av salmane fyre preika.Når presten har halde ein kort tale om dette, (Korleis ein tale med så omfattande innhald kan bli kort er eit ope spørsmål) skal han seie:
I ein stutt tale minner han [Altså presten. Min merknad] henne fyrst um at ho skal takka Gud, som naadig hev hjelpt henne i trengsla og gjeve henne gleda yver at eit menneskje er født til verdi og endaa større gleda av di Gud hev laga til eit atterfødings-bad aat barnet hennar, so det skal sjaa Guds rike. So bed han henne visa seg takksam i gjerning og uppseda barnet sitt i sann otte for Herren og i alle maater gjeva det eit godt og kristeleg fyredøme.»
«Gakk inn i Guds kyrkjelyd med fred, og takka Herren, din Gud, som hev gjort vel imot deg. Han styrkje deg framleis paa sjæl og likam, og late din inngang og din utgang no og alltid vera velsigna for hans aasyn!»Så går inngangskona og følgjet inn i kyrkja.
Om dette var vanleg praksis i Norge etter 1920, veit eg ikkje, men ein hadde i alle fall ei ordning for det. I Danmark skal skikken ha forsvunne rundt 1900, men kanskje hang det lenger i her?
Det er verdt å merke seg at det ikkje er snakk om nokon reinsing, slik Maria gjekk til tempelet for. Dette var pålagt henne i Moselova, men i kristen tankegang er det umogeleg å hevde at kvinner kan vere «ureine» etter fødsel. Ritualet har derfor blitt endra til ein ganske underleg påminning om å vere takksam, glad og gjere barnet til ein god kristen.
Kategoriar:
Helgenar,
Historie,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Liturgi,
Merkedagar
onsdag 14. januar 2015
Oderik av Pordenone
I dag har ein av dei store reisande i historia minnedag. Vi skal sjå litt på reisa til Oderik av Pordenone.
Først må vi berre ha klart nokre korte biografiske detaljar om Oderik. Han vart født i siste halvdel av 1200-talet i det som då var Austerrike, no Italia. I ung alder vart han fransiskanar, og etterkvart kom misjonskallet. Fransiskanarane hadde fått i oppgåve å drive misjon i Asia, så då vart det den vegen Oderik dro då han i 1318 la i veg på ei reise som ikkje treng skamme seg i selskap med Marco Polo sine reiser til dei same områda. Berre høyr på dette.
I april 1318 dro han frå Padova i Italia til Venezia og vidare til Konstantinopel (no Istanbul). Så dro han til Egypt og vidare til Israel/Palestina før han gjekk gjennom Armenia og inn i Persia (no Iran) til Tauris (no Tabriz) og vidare til Soltanieh og Kashan, Yezd (no Yazd) og Persepolis. Så til områda som i dag vert kalla Kuwait og det sørlige Irak før han dro til Hormuz (no Hormozgan) i det som i dag er Iran. Der tok han båt til India.
Utanfor det som i dag er Mumbai fekk han redda med seg hovuda etter fire fransiskanarar som vart halshogd rett før han kom dit. Desse hovuda tok han med seg helit til Europa, men før han kom så langt gjekk turen vidare i Asia. Han dro lenger sør i på vestkysten av India før han kom til området som i dag er Madras i India. Der besøkte han grava til apostelen Thomas.
Som første europear dro han til øyane utanfor India. Han dro først til Sri Lanka, så til Nikobarane, Sumatra, Java og Borneo før han igjen kom til fastlandet i dagens Vietnam. Frå Vietnam dro han til Guangzhou i Kina.
Reisa gjekk vidare langs kysten av Kina, før han endeleg kom til Bejing. Kanskje var han også innom Japan på turen nordover i Kina. I Bejing var han i tre år og jobba saman med fransiskanarane som allereie var der. I løpet av desse åra, skal 20 000 menneske ha blitt døypte, og erkebiskopen der ville fortelje paven om det flotte arbeidet dei gjorde. Oderik fekk derfor beskjed om å dra attende til Italia.
No gjorde han det på ein litt kortare måte, men han gjekk heile vegen. Turen til Venezia tok tre år og gjekk gjennom det som i dag er Shanxi-provinsen i Kina til Lhasa i Tibet. Han var første europear i Lhasa, som då var setet til Dalai Lama, utan at han skreiv ikkje ned nokre detaljar om byen. Han skreiv heller ikkje detaljar om resten av turen, men truleg gjekk han gjennom dagens Afghanistan, til Tabriz i Iran, gjennom Armenia og til Venezia.
Tilbake i Italia kom han seg aldri til paven, som då var i Avignon, men han fortalde om reisa si til andre munkar som skreiv ned det han fortalde.
Oderik døydde 14. februar 1331. Han har aldri blitt heilagkåra, men vert rekna som salig og har minnedag i dag. Om han vert erklært for helgen, må han vere ein solkeklar skytshelgen for reisande!
Interesserte kan zoome på kartet for å sjå betre kvar Oderik dro. Hugs at på kartet er det rette linjer, medan det nok ikkje var slik han reiste.

Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar
søndag 4. januar 2015
Kyrkjeleg miljøvern anno 1849
Helga førte meg via omvegar innom Bergens Sjøfartsmuseum, eit museum som er langt frå så kjedeleg som det høyrast ut som. Det har mellom anna nokre snasne saker frå Slaget på Vågen i 1665.
Gøymt i ein krok på museet fann min beste halvdel ein plakat. Den viser korleis kyrkjeleg miljøkamp her i Lindås såg ut i 1849. Plakaten er eit opptrykk av delar av eit lesarinnlegg Peder Andreas Jensen som var kapellan og ordførar i Lindås hadde på trykk i Christiania-Posten 26. februar 1849. Han tok for seg dampskipa og korleis dei øydela kysten.
Innlegget fortener eit større publikum enn dei som ser i krokane på Sjøfartsmuseet i Bergen, så her er det.

Snart var det larmen fra hjulerne der bortskræmde fisken, snart var det den udkastede stenkulaske der anrettede ødeleæggelser i dybet, snart igjen var det røgen der lagde sig kvælende over det ganske hav (...) Eders potetsagre ere fordervede ved den, eders høagre maate ifjor føle begyndelsen, og eders kornagre, eders skove staar nu for tour (...) Hvem skulde tenke sig mulighetden af at et saadant nederdrægtigt vrøvl skule faa indpas hos den menneskelige forstand? Men det er dog skæt! En deputation af bygdens bedre mænd - flere repræsentanter og fattigtilsynsmænd deriblant - indfandt sig i hint formandskab og forlangte paa præstegjældets vegne af de nevnte grunde dampbaaden "afskaffet".
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Lesarbrev,
Miljøvern,
Nordhordland,
Politikk,
Samfunn,
Sitat
onsdag 31. desember 2014
Ein pioner
![]() |
John Wycliffe og Jan Hus i Dalhems kyrka i Gotland, Sverige. Biletet er tatt av Wolfgang Sauber og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0) |
John Wycliffe levde på 1300-talet i England. Han var ein lærd mann innan filosofi og teologi og skapte mykje debatt i lærde kretsar i og utanfor kyrkja i si levetid. Men for vår del er det kanskje viktigast at han var ein slags protoreformator. Han gjekk i klinsj med pavekyrkja, og utfordra henne på punkt som seinare reformatorar som Luther, Calvin og Wycliffe sin meir direkte etterfylgjar Jan Hus, tok opp att.
![]() |
I desse juletider passar det godt med Johannesprologen frå Wycliffebibelen. Biletet ligg på Wikimedia Commons. |
John Wycliffe fekk slag medan han feira messe 28. desember 1384, og døydde 31. desember same år. I 1415 vart han erklært for kjettar, noko vi protestantar har tradisjon for ikkje å ta så tungt. I dag minnast vi han, saman med Church of England som har han på sin helgenkalender i dag.
Kategoriar:
Helgenar,
Historie,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar
mandag 22. desember 2014
Har du hugsa denne karen i julekrybba?
![]() |
Frå ei julekrybbe i Barcelona. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Det eg ikkje har i krybba mi, som eg kanskje burde skaffe meg, er ein figur ein har i julekrybber i Catalonia og nærliggande område, nemleg ein caganer. «Caganer» er katalansk for «dritar», og figuren er akkurat det det høyrast ut som. Det er ein mann som sit på huk og gjer det det høyrast ut som om han gjer. Dette skal vere ein viktig del av einkvar julekrybbe i Catalonia, noko det har vore sidan seksten-syttenhundretalet. Som oftast sit fyren eit stykke vekke frå sjølve krybba der Jesus ligg med gjetarar og vismenn rundt seg, men han er framleis ein del av julekrybba.
Akkurat kvifor dei har denne fyren der, veit ein ikkje, men det er ein så sterk tradisjon at også Den katolske kyrkja godtek han, og då ein i Barcelona prøvde seg med ei offentleg julekrybbbe utan ein dritar i 2005, møtte krybba så sterke protestar at fyren kom attende året etter.
Ein tradisjon for Norge? Kanskje ikkje....
Julekrybbefirgur frå Barcelona. Biletet er tatt av Roeland P. og er henta frå Wikimedia Commons, (CC-BY-SA 3.0) |
Kategoriar:
Advent,
Historiske kuriositetar,
Humor,
Kristendom
fredag 12. desember 2014
Adventslabyrint
Labyrinten i 2012. Biletet er tatt av Urmelbeauftragter og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-SA 3.0) |
Labyrinten er eit gamalt reiskap for kristen bøn, som har fått ein ny vår dei siste tjue åra. Labyrintar var brukt i middelalderen og var vanlege i kloster, i tillegg til at dei var prega inn i golvet i nokre kyrkjer, mellom anna i Chartreskatedralen i Frankrike. Labyrintar kan brukast som ein del av, eller som ein symbolsk, pilegrimsferd, eller det kan brukast som hjelpemiddel i kontemplativ bøn. Sjølv har eg prøvd det siste nokre gonger, og har svært gode erfaringar med konteplativ bøn i ein labyrint.
Sentrum i labyrinten i 2013. Biletet er tatt av Urmelbeauftragter og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-SA 3.0) |
The purpose of the labyrinth is to slow us down to explore and think about the themes of Advent. We are not yet ready for Christmas, we are still getting ourselves to be part of the Kingdom and looking forward to the Second Coming of Christ.Eg skulle gjerne hatt eit kyrkjerom der det var mogeleg å lage ein slik labyrint, både no i adventstida og ellers. Det er ein truspraksis eg gjerne skulle ha hatt som ein regelmessig del av livet. Grunnen til dette står godt oppsummert i ein artikkel av Kjersti Gautestad Nordheim i Bård Erik Hallesby Nordheim si bok Kan tru praktiserast? Teologi for kristent ungdomsarbeid.
![]() |
Labyrinten i bruk i 2013. Biletet er tatt av Urmelbeauftragter og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-SA 3.0) |
Uansett på hvilken måte labyrinten brukes, handler det om helt fysisk å la seg lede inn mot sentrum av labyrinten, mot Kristus - på veier som slynger seg både utover og innover og som ikke alltid er helt logiske. Det handler om å finne hvile i midten, i Guds nærhet før vi sendes ut igjen samme veien, men med motsatt retning, ut i verden med det gode budskapet. Å vandre en labyrint er en god øvelse som også fungerer utmerket som øvelse på den gudstjenestelige bevegelse med inngang, samling og utsendelse. Det er en øvelse, en bønn, som leder oss tilbake til sentrum i vårt liv, til Kristus selv. Han som er vår tro, vårt håp og vår kjærlighet. Labyrinten leder oss tilbake til dåpen, til korset midt i vårt liv, og til løftet om Kristi nærvær i oss, og midt iblant oss. Og det er en øvelse i å bli sendt ut, ut i verden med evangeliet om Jesus Kristus, om Gud som kom til oss og ble hos oss.Ei øving som tar oss til sentrum av trua og ut att med evangeliet om Jesus Kristus som kom til oss. det er ei flott øving i adventstida!
Kjelder
Sitatet er henta frå Kjersti Gautestad Nordheim "Labyrint" i Bård Erik Hallesby Nordheim, Kan tru praktiserast? Teologi for kristent ungdomsarbeid, Tapir Akademisk Forlag, 2008. s 255
Sjå fleire bilete på Wikimedia Commons.
Kategoriar:
Advent,
Kristendom,
Kyrkjehistorie
Abonner på:
Innlegg (Atom)