mandag 22. desember 2014

Har du hugsa denne karen i julekrybba?

Frå ei julekrybbe i Barcelona.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Jula nærmar seg, og med det vert også julekrybba fylt opp av dei ulike personane som skal møte opp for å ta i mot den nyfødde frelsaren. Heime hos meg er det kun det lille barnet vi ventar på. Kanskje er det slik også i fleire julekrybber?

Det eg ikkje har i krybba mi, som eg kanskje burde skaffe meg, er ein figur ein har i julekrybber i Catalonia og nærliggande område, nemleg ein caganer. «Caganer» er katalansk for «dritar», og figuren er akkurat det det høyrast ut som. Det er ein mann som sit på huk og gjer det det høyrast ut som om han gjer. Dette skal vere ein viktig del av einkvar julekrybbe i Catalonia, noko det har vore sidan seksten-syttenhundretalet. Som oftast sit fyren eit stykke vekke frå sjølve krybba der Jesus ligg med gjetarar og vismenn rundt seg, men han er framleis ein del av julekrybba.

Akkurat kvifor dei har denne fyren der, veit ein ikkje, men det er ein så sterk tradisjon at også Den katolske kyrkja godtek han, og då ein i Barcelona prøvde seg med ei offentleg julekrybbbe utan ein dritar i 2005, møtte krybba så sterke protestar at fyren kom attende året etter.

Ein tradisjon for Norge? Kanskje ikkje....

Julekrybbefirgur frå Barcelona.
Biletet er tatt av Roeland P. og
 er henta frå Wikimedia Commons,
(CC-BY-SA 3.0)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar