fredag 12. desember 2014

Adventslabyrint

Labyrinten i 2012.
Biletet er tatt av Urmelbeauftragter og ligg på Wikimedia Commons.
(CC-BY-SA 3.0)
Eg kom over nokre vakre bilete på Wikimedia Commons, Dei er av ein adventslabyrint i Heilig Kreuz , ei kyrkje som vert brukt som senter for kristen meditajon i Frankfurt am Main. Det ser ut som om bileta er frå tre ulike år (2011, 12 og 13), men labyrinten ser i hovudsak ut til å vere lik.

Labyrinten er eit gamalt reiskap for kristen bøn, som har fått ein ny vår dei siste tjue åra. Labyrintar var brukt i middelalderen og var vanlege i kloster, i tillegg til at dei var prega inn i golvet i nokre kyrkjer, mellom anna i Chartreskatedralen i Frankrike. Labyrintar kan brukast som ein del av, eller som ein symbolsk, pilegrimsferd, eller det kan brukast som hjelpemiddel i kontemplativ bøn. Sjølv har eg prøvd det siste nokre gonger, og har svært gode erfaringar med konteplativ bøn i ein labyrint.

Sentrum i labyrinten i 2013.
Biletet er tatt av Urmelbeauftragter og ligg på Wikimedia Commons.
(CC-BY-SA 3.0)
Å bruke ein labyrint i adventstida, gjerne ein lyslabyrint som på bileta, er ein strålande ide. Der kan ein få tid og ro til å gå inn i adventstida. Som det står i eit hefte som er laga til ein annan adventslabyrint:
The purpose of the labyrinth is to slow us down to explore and think about the themes of Advent. We are not yet ready for Christmas, we are still getting ourselves to be part of the Kingdom and looking forward to the Second Coming of Christ.
Eg skulle gjerne hatt eit kyrkjerom der det var mogeleg å lage ein slik labyrint, både no i adventstida og ellers. Det er ein truspraksis eg gjerne skulle ha hatt som ein regelmessig del av livet. Grunnen til dette står godt oppsummert i ein artikkel av Kjersti Gautestad Nordheim i Bård Erik Hallesby Nordheim si bok Kan tru praktiserast? Teologi for kristent ungdomsarbeid.
Labyrinten i bruk i 2013.
Biletet er tatt av Urmelbeauftragter og ligg på Wikimedia Commons.
(CC-BY-SA 3.0)

Uansett på hvilken måte labyrinten brukes, handler det om helt fysisk å la seg lede inn mot sentrum av labyrinten, mot Kristus - på veier som slynger seg både utover og innover og som ikke alltid er helt logiske. Det handler om å finne hvile i midten, i Guds nærhet før vi sendes ut igjen samme veien, men med motsatt retning, ut i verden med det gode budskapet. Å vandre en labyrint er en god øvelse som også fungerer utmerket som øvelse på den gudstjenestelige bevegelse med inngang, samling og utsendelse. Det er en øvelse, en bønn, som leder oss tilbake til sentrum i vårt liv, til Kristus selv. Han som er vår tro, vårt håp og vår kjærlighet. Labyrinten leder oss tilbake til dåpen, til korset midt i vårt liv, og til løftet om Kristi nærvær i oss, og midt iblant oss. Og det er en øvelse i å bli sendt ut, ut i verden med evangeliet om Jesus Kristus, om Gud som kom til oss og ble hos oss. 
Ei øving som tar oss til sentrum av trua og ut att med evangeliet om Jesus Kristus som kom til oss. det er ei flott øving i adventstida!

Kjelder
Sitatet er henta frå  Kjersti Gautestad Nordheim "Labyrint" i Bård Erik Hallesby Nordheim, Kan tru praktiserast? Teologi for kristent ungdomsarbeid, Tapir Akademisk Forlag, 2008. s 255 
Sjå fleire bilete på Wikimedia Commons.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar