Vi snakkar ikkje så mykje om
John Wycliffe, trass i at eitt av dei punkta som vi ofte trekk fram som heilt sentralt for vår kyrkje og vår historie, nemleg det å få
Bibelen på sitt eige morsmål, er eit punkt der vi i stor grad går i hans fotspor. At vi ikkje snakkar så mykje om han, er kanskje ikkje så rart, for han hadde ein del meiningar det er vanskeleg for ein lutheranar å dele, mellom anna stod han for synspunkt på nattverd, predestinasjon og eit kyrkjesynet han bygger på predestinasjonslæra si som står langt frå våre læresetningar. Andre ting kan vi nikke meir nøgd til, som til dømes synet hans på skilnaden mellom presteskap og legfolk og ikkje minst Skrifta, sjølv om vi nok heller ikkje der er heilt samde.
John Wycliffe levde på 1300-talet i England. Han var ein lærd mann innan filosofi og teologi og skapte mykje debatt i lærde kretsar i og utanfor kyrkja i si levetid. Men for vår del er det kanskje viktigast at han var ein slags protoreformator. Han gjekk i klinsj med pavekyrkja, og utfordra henne på punkt som seinare reformatorar som Luther, Calvin og Wycliffe sin meir direkte etterfylgjar
Jan Hus, tok opp att.
|
I desse juletider passar det godt med Johannesprologen frå Wycliffebibelen. Biletet ligg på Wikimedia Commons. |
Eitt av desse punkta var som sagt at han ivra for å få
Bibelen på lesaren eller tilhøyraren sitt morsmål i staden for latin. Ikkje berre ivra han for dette, men han fekk i stand ei omsetjing av Vulgata til engelsk. Han gjorde i alle fall ikkje alt av omsetjing, men kanskje fekk noko av NT engelsk språkdrakt frå hans hand. Han vart i til slutt kreditert omsetjinga som går under namnet
Wycliffe's Bible. Denne omsetjinga dukka opp mellom 1382 og 1395. Boka er den mest tallrike av engelske middelaldertekstar, og over 250 manuskript eksisterer framleis. Den vart svært viktig for
lollardane, ei kyrkjeleg protestrørsle sterkt influert av Wycliffe si lære. Sidan omsetjinga vart gjort frå
Vulgata og ikkje dei greske og hebraiske grunntekstane, sette ho ikkje spor i dei første omsetjingane etter reformasjonen, men via omvegar fekk ho påverke den omsetjinga som har fått nærast guddommeleg status i enkelete miljø:
King James-Bibelen! Wycliffe sette altså djupe spor.
John Wycliffe fekk slag medan han feira messe 28. desember 1384, og døydde 31. desember same år. I 1415 vart han erklært for kjettar, noko vi protestantar har tradisjon for ikkje å ta så tungt. I dag minnast vi han, saman med Church of England som har han på
sin helgenkalender i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar