Viser innlegg med etiketten Lesarbrev. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lesarbrev. Vis alle innlegg

søndag 4. januar 2015

Kyrkjeleg miljøvern anno 1849

Helga førte meg via omvegar innom Bergens Sjøfartsmuseum, eit museum som er langt frå så kjedeleg som det høyrast ut som. Det har mellom anna nokre snasne saker frå Slaget på Vågen i 1665.

Gøymt i ein krok på museet fann min beste halvdel ein plakat. Den viser korleis kyrkjeleg miljøkamp her i Lindås såg ut i 1849. Plakaten er eit opptrykk av delar av eit lesarinnlegg Peder Andreas Jensen som var kapellan og ordførar i Lindås hadde på trykk i Christiania-Posten 26. februar 1849. Han tok for seg dampskipa og korleis dei øydela kysten.

Innlegget fortener eit større publikum enn dei som ser i krokane på Sjøfartsmuseet i Bergen, så her er det.
Snart var det larmen fra hjulerne der bortskræmde fisken, snart var det den udkastede stenkulaske der anrettede ødeleæggelser i dybet, snart igjen var det røgen der lagde sig kvælende over det ganske hav (...) Eders potetsagre ere fordervede ved den, eders høagre maate ifjor føle begyndelsen, og eders kornagre, eders skove staar nu for tour (...) Hvem skulde tenke sig mulighetden af at et saadant nederdrægtigt vrøvl skule faa indpas hos den menneskelige forstand? Men det er dog skæt! En deputation af bygdens bedre mænd - flere repræsentanter og fattigtilsynsmænd deriblant - indfandt sig  i hint formandskab og forlangte paa præstegjældets vegne af de nevnte grunde dampbaaden "afskaffet".   


tirsdag 8. oktober 2013

Lat oss slutte med skulegudstenester

Lesarbrev på trykk i Vårt Land i dag.

Den evige debatten om skulegudstenester er attende og slik det brukar å vere, ser det ut til å vere ei side med saka ein ikkje diskuterer. Er skulegudstenestene god reklame for kyrka? Eg meiner at at kyrkja bør slutte med desse gudstenestene for vår eiga skuld.

Kvart einaste år losast norske skuleborn inn til skulegudstenester, meir eller mindre frivillig. Kvart einaste år går for mange av desse borna ut frå gudstenestene med ei oppleving som gjer at dei ikkje vil kome att. For kva møter dei på desse gudstenestene? Dei møter prestar som veit dei har lågt motiverte tilhøyrarar og legg preika deretter. Dei møter innslag frå skulane som ofte vert dominerande i lengde. Dei møter ablegøyer frå venene sine og kjeft frå stressa lærarar som vil ha orden. Det dei ikkje møter er ei reell gudsteneste.

Dei møter ikkje ei gudsteneste med søndagsskule , ein kyrkjelyd som deltek naturleg i liturgien eller gleda folk viser over å samlast til gudsteneste. Dei møter kort sagt ikkje det meste av det ein gjer for at folk skal finne seg til rette i kyrkjelyden og kome attende søndag etter søndag.

Kyrkja bør ikkje utsette seg sjølv, eller dei unge, for dette kvart år. Vi bør i staden vise gudstenesta når den er på sitt beste og heller be inn klassar til å observere gudstenester på vanlege søndagar. Då vil dei sjå levande gudstenestefellesskap der truande frivillig kjem saman som kyrkjelyd. Som ein ekstra bonus vil dette truleg løyse mange problem rundt fritak og deltaking.

Først om elevane kjem på dei vanlege gudstenestene kan ein snakke om at dei gjennom desse besøka kan få ei forståing for tradisjonar eller kompetanse til å møte dette utanfor skulesamanheng. Å gå på ei særskild gudsteneste saman med skulen i skuletida er så lite likt det å samlast til gudsteneste saman med kyrkjelyden på ein søndag at det er lite ein kan ta med seg av kompetanse og tradisjonar.

I staden for å kjempe for skulegudstenestene bør derfor Den norske kyrkje avslutte denne praksisen og heller bruke kreftane på vanlege søndagsgudstenester, med eller utan skuleklassar på besøk.