![]() |
Hapag ng pag-asa Henta frå kunstnaren si heimeside. |
torsdag 21. april 2011
Håpets bord
Det er skjærtorsdag. Vi markerer dagen med biletet Hapag ng pag-asa, Håpets bord, av den filipinske kunstnaren Joey Velasco. Biletet frå 2005 rysta Filipinane då det vart kjent for folk. Det minna folk på at også gateborna var menneske. Jesus kom også for dei. Vi treng også denne påminninga. Også for våre utstøytte er nattverden håpets måltid. Jesus kom også for dei vi ikkje vil ha noko å gjere med. Han kom også for dei vi går forbi på gata og latar som vi ikkje ser.
Kategoriar:
Bilete,
Kristendom,
Merkedagar,
Samfunn
lørdag 16. april 2011
Fin fyr, men ein norsk helgen?
![]() |
Magnus Orknøyjarl. Biletet er tatt av E.Dreier og ligg på Commons. |
Kanskje det er derfor vi reknar Magnus Orknøyjarl, som har minnedag i dag, for ein norsk helgen? Resten av verda ser visst på han som skotsk, sjølv om han rett nok levde i ei tid då Orknøyane var norsk.
Magnus vart født på Orknøyane i 1076 som son av ein norsk høvding. Ettersom han vart eldre hamna han i konflikt med søskenbarnet sitt, Håkon, som vart sendt til Norge for å skape ro på Orknøyane. I Norge knytta han band til Olav Kyrre og Magnus III Berrføtt, og fekk med seg kongen på å vinne kontroll over Orknøyane. Magnus Berføtt tok øyane og sette sonen sin som herskar der, medan vår Magnus måtte bli med søskenbarnet Håkon og bror sin i fylgjet til kongen.
Det vert sagt at han kjempa som dei andre i kampane på Orknøyane, men då han måtte dra på viking til Skotland og England saman med kongen ville han ikkje kjempe på same måte. Han sa at han ikkje ville slåst mot nokon han ikkje hadde noko uavklara med, og medan dei andre gjekk i land, heldt han seg i skipet og bad tidebøn.
Dette gjorde sjølvsagt at kongen og Magnus ikkje gjekk så godt saman, og ved høve hoppa Magnus over borde og søkte tilflukt hjå den skotske kongen Edgar den fredlege. Hjå Edgar vart den religøse krisa han hadde vore i på båten djupare, og han fekk også selskap som kunne lede han i kristentru. Han angra djupt på det han hadde gjort i ungdomen, og levde eit svært fromt liv.
I Skotland gifta han seg også. Ho han gifta seg med veit vi lite om, men ho heitte Ingarth. Desse to lova at dei skulle leve saman som bror og søster, og levde kyske heile livet.
I 1103 døydde Magnus Barfot, og sonen hans som då var på Orknøyane, drog til Norge for å verte konge. Håkon vart då gjort til jarl over heile Orknøyane. Magnus drog då frå Skotland til Orknøyane og gjorde krav på å verte jarl for halvparten av øyane. Dette var populært mellom bøndene der, og Håkon såg etterkvart at han måtte gje Magnus det han krevde, under visse krav.
Det var no fred på Orknøyane ei stund. Magnus styrte etter ein målestokk han fann i trua si. Han var hard mot valdsmenn og liknande, og freista å vere god og hjelpsam mot dei fattige. Samstundes var han hard mot stormennene som framleis drog på viking, noko som gav han uvenner mellom dei. Desse stormennene stilte seg på side med Håkon, og tilhøva vart etterkvart umogelege for Magnus.
Skjærtorsdag 1115 var det avtalt at dei to jarlane skulle møtast for å kome fram til ein avtale for å skape ro på øyane. Magnus møtte opp med så mange folk som avtalt, medan Håkon hadde med seg ein stor hær. Magnus gav beskjed om at dei ikkjeskulle kjempe, og mesteparten av hans menn drog frå staden. Så gjekk han inn i ei kyrkje, der han våka og bad heile natta, før han feira messe på langfredag. Han gjekk så ut for å møte Håkon.
![]() |
Magnuskatedralen i Kirkwall. Biletet er frå Commons. |
Liket hans vart gravlagt i Kristkirken i Birsay, og det vart snart eit pilegrimsmål. Han fekk raskt ry som ein heilag mann, og vart den viktigaste helgenen nord på dei britiske øyane. Liket hans må ha blitt flytta litt rundt, og ligg no mest sansynleg i Magnuskatedralen i Kirkwall. Han vart offisielt heilagkåra i 1898, og er med det den eianste norske helgenen som har blitt offisielt heilagkåra. Om han då er norsk...
![]() |
Slik ser etiketten ut. Biletet er henta frå destilleriet. |
Ein kan sjølvsagt sjå på namnet og hyllesten til Magnus som eit pr-triks frå destilleriet, men det fins verre ting ein kan minne oss om for å selgje eit produkt enn «Christian devotion and forgiveness».
Kategoriar:
Helgenar,
Historie,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar
mandag 11. april 2011
"...står om enn tårnene faller..."
Østre Porsgrunn kirke brann ned til grunnen i natt, noko som på mange måtar er trist, særleg om det skulle vise seg at brannen var påsett. Frå det eg les på kunsthistorie.com kan det sjå ut som om dette var ei flott kyrkje med historisk verdi, og med dette eit tap for Kyrkja og samfunnet.
Samstundes er det verdt å minne om kva Kyrkja verkeleg er. Confessio Augustana seier at kyrkja er samfunnet av dei truande. Kyrkja er ikkje bygga vi samlast i, og er heller ikkje avhengige av desse bygga. Kyrkjebygga våre er i utgangspunktet ikkje meir enn hjelpemiddel i Kyrkja sitt oppdrag: Å forkynne Evangeliet og forvalte sakramenta. At enkelte bygg har historisk og kulturell verdi i tillegg til dette er ein bonus, og noko vi kan vere takksame for, men vi må ikkje gløyme at Kyrkja ikkje er avhengig av bygga. Bygga er derimot avhengige av Kyrkja for å ha sin fulle funksjon.
Det som har skjedd i Porsgrunn er trist for kyrkjelyden som har mista samlingslokalet sitt. Eg vonar dei har gode alternativ, slik at dette ikkje vil ramme kyrkjelydsarbeidet. Det ser også ut som at det er trist fordi samfunnet har mista eit kulturhistorisk minnesmerke.
For Kyrkja er derimot ikkje ein slik brann nokon krise. Tvert om ser ein ofte at kyrkjelyder som har opplevd slike brannar blomstrar opp i ettertid, og dei får ofte meir tenelege kyrkjebygg. Og for Kyrkja og det oppdraget vi skal oppføre, er det ikkje slik at eit gamalt bygg er betre eller meir heilag enn eit nytt. Alle bygg som vart brukt som forsamlingslokale for Kyrkja tener den same nytta, som ein stad der Evangeliet vert forkynna og sakramenta forvalta.
Eg vil avslutte med å sitere nokre vers frå ein salme av N.F.S. Gruntvig.
![]() |
Biletet av kyrkja er henta frå kunsthistorie.com. Brukast på dei vilkåra ein finn der. |
Det som har skjedd i Porsgrunn er trist for kyrkjelyden som har mista samlingslokalet sitt. Eg vonar dei har gode alternativ, slik at dette ikkje vil ramme kyrkjelydsarbeidet. Det ser også ut som at det er trist fordi samfunnet har mista eit kulturhistorisk minnesmerke.
For Kyrkja er derimot ikkje ein slik brann nokon krise. Tvert om ser ein ofte at kyrkjelyder som har opplevd slike brannar blomstrar opp i ettertid, og dei får ofte meir tenelege kyrkjebygg. Og for Kyrkja og det oppdraget vi skal oppføre, er det ikkje slik at eit gamalt bygg er betre eller meir heilag enn eit nytt. Alle bygg som vart brukt som forsamlingslokale for Kyrkja tener den same nytta, som ein stad der Evangeliet vert forkynna og sakramenta forvalta.
Eg vil avslutte med å sitere nokre vers frå ein salme av N.F.S. Gruntvig.
Kirken den er et gammelt hus, står om enn tårnene faller;
tårnene mange sank i grus, klokker enn kimer og kaller,
kaller på gammel og på ung, mest dog på sjelen trett og tung,
syk for den evige hvile.
[...]
Vi er Guds hus og kirke nu, bygget av levende stener,
som under kors med ærlig hu troen og dåpen forener.
Var vi på jord ei mer enn to, bygge dog ville han og bo
hos oss med hele sin nåde.
Samles vi kan da med vår drott selv i den laveste hytte,
finne med Peter der er godt, tok ei all verden i bytte.
Ånd er og liv i hver en stund ordet til oss av Jesu munn,
ordet kun helliger huset.
Dog våre hus med kirkenavn bygget til Frelserens ære,
der han de små tar mildt i favn, er oss som hjemmet så kjære.
Herlige ting er i dem sagt, der har han gjort med oss sin pakt,
han som oss himmelrik sjenker!
Kategoriar:
Historie,
Kristendom,
Poesi,
Samfunn
lørdag 9. april 2011
Phil Ochs
I dag er det dødsdagen til Phil Ochs, ein av dei store visesongarane. Phil Ochs skreiv protestsongar rundt tematikk som Vietnamkrigen, borgarrettar og arbeidarar sine rettar. Tekstane hans var humoristiske, skarpe, treffsikre og ofte fantastisk gode.
Han gav ut nokre platar, men som så mange andre musikarar var den mentale helsa skral og vart verre og verre utover på 70-talet, før han tok sitt eige liv i 1976.
Phil Ochs og Bob Dylan var vener i byrjinga på deira respektive karrierer. Dei hadde ein form for venskapeleg rivalisering, der det vart sagt at Ochs på dette stadiet var betre enn Dylan. Tenk korleis karriera til Ochs kunne ha gått om han hadde vore frisk!
For å minnast denne fabelaktige musikaren og poeten legg eg ved ein video som viser Phil Ochs spele det som på mange måtar vart signatursongen hans, I Ain't Marching Anymore, ein protestsong som handlar om den amerikanske trangen til å gå til krig rundt omkring i verda. Den vart skreve i samband med Vietnamkrigen, men fortel historia om korleis ein ung soldat må marsjere ut for å døy i ei rekkje med krigar amerikanerane har vore med i sidan nasjonen vart grunna. Songen er flott, teksten er flott, moralen er flott, men dei historiske sanningane er fæle.
Han gav ut nokre platar, men som så mange andre musikarar var den mentale helsa skral og vart verre og verre utover på 70-talet, før han tok sitt eige liv i 1976.
Phil Ochs og Bob Dylan var vener i byrjinga på deira respektive karrierer. Dei hadde ein form for venskapeleg rivalisering, der det vart sagt at Ochs på dette stadiet var betre enn Dylan. Tenk korleis karriera til Ochs kunne ha gått om han hadde vore frisk!
I just can't keep up with Phil. And he just keeps getting better and better and better.Eg har tidelegare skreve ein bloggpost om ein av dei andre viseheltane mine, Victor Jara, der eg siterte ei skildring av korleis Ochs og Jara traff kvarandre i Chile og song saman. Av alle songstunder i historia er dette ei av dei eg helst skulle ha vore på!
Bob Dylan, 1965
For å minnast denne fabelaktige musikaren og poeten legg eg ved ein video som viser Phil Ochs spele det som på mange måtar vart signatursongen hans, I Ain't Marching Anymore, ein protestsong som handlar om den amerikanske trangen til å gå til krig rundt omkring i verda. Den vart skreve i samband med Vietnamkrigen, men fortel historia om korleis ein ung soldat må marsjere ut for å døy i ei rekkje med krigar amerikanerane har vore med i sidan nasjonen vart grunna. Songen er flott, teksten er flott, moralen er flott, men dei historiske sanningane er fæle.
[I Ain't Marching Anymore] borders between pacifism and treason, combining the best qualities of both.
Phil Ochs skildrar teksten i plateomslaget.
torsdag 7. april 2011
Carissimi og ansvar for kyrkja
![]() |
Carissimi sin logo. Henta frå http://www.carissimi.nu/ |
Kyrkja har gjort eit vedtak om at vi har to syn i den saka Carissimi reagerer på, nemleg homofilisaka. Dette lever eg godt med, men Carissimi meiner det ikkje er haldbart at dette ikkje får andre konsekvensar enn det vi ser no. Dei vil ha mogelegheit for tilsyn frå biskopar som står for det same som dei sjølve. Dette er eit legitimt synspunkt som dei må få fremje, og sjølvsagt eit synspunkt vi har rom for i kyrkja. Konsekvensen ein dreg frå dette går derimot til ein konsekvens som eg stussar på. Ein har truga med og trugar framleis med å gå ut av Den norske kyrkje på grunn av dette, og Vårt Land melder at ti prestar allereie har gjort dette, sjølv om nokre av desse avgangane nok skuldast pensjonsalder og liknande.
Meiner ein noko er feil, ja grunnleggjande feil, i den læra Kyrkja forfektar, skal ein sjølvsagt kjempe mot dette slik Carissimi-prestane gjer, men eg kan ikkje forstå anna enn at den beste plassen å kjempe frå er frå innsida av kyrkja.
![]() |
Gjer som Maximus, Carissimi! Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Hadde Maximus gjort som Carissimi-prestane trugar med, hadde det kanskje ikkje vore nokon att som kjempa for ein ortodoks kristologi!
Eg er som sagt ikkje einig med Carissimi-prestane, men eg vil på det sterkaste oppmode dei til å bli i Den norske kyrkje. Meiner dei at vi gjer noko feil, bør dei verte verande i vårt fellesskap og kjempe for si sak mellom oss. Frå utsida har dei inga gjennomslagskraft. Ein skal tenkje svært mørkt om homofilisaka om ein meiner det er verre vranglære enn alle mogelege andre vranglærer Kyrkja har vore plaga med og overvunne. Hadde dei rett-truande tatt halen mellom beina og gått, kunne Kyrkja si lære sett svært annleis ut i dag.
Mitt hjartesukk til Carissimi er: Bli blant oss og gjer så godt de kan for å overtyde oss andre om at de har rett! Hugs at carissimi tyder elskede. Det beste de kan gjere for dykkar elska Kyrkje er å stå i fellesskapen.
Kategoriar:
Helgenar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Kyrkjepolitikk
mandag 4. april 2011
St. Isidors minne minnast St. Isidor
I dag, 4.april, er det minnedag for Isidor av Sevilla, mannen denne bloggen har tatt namnet sitt frå. Fleire har spurt meg om kven denne Isidor var, og eg vil nytte høvet til å seie litt om dette i dag.
Isidor av Sevilla var biskop i Sevilla i over tre tiår i tidleg middelalder (rundt år 600). Han jobba for å samle kunnskap, og står bak det enorme encyklopediet Etymologiæ, der han freista å samle all kunnskap han kunne for ettertida. I dette verket, som var på 20 bind, samla han mange skrifter frå dei gamle filosofane som Aristoteles og andre. Gjennom fleire hundre år var det kun gjennom Isidor sitt arbeid at det kristne Europa hadde kjennskap til desse skriftene. Han skreiv også andre vikige verk, til dømes ei historie for den iberiske halvøya, biografiar for personar som vert nemnde i Bibelen, ei synonymordbok og ei astronomisk avhandling.
Han oppretta også eit institutt og bibliotek i Sevilla så både presteskap og andre skulle få utdanning. Dette leia han sjølv, og han fekk også gjennomslag for at alle bispedøme skulle ha slike institusjonar. I desse skulane, som vart forløparar for dei seinare universiteta innførte han også faga medisin, jus, hebraisk og gresk i tillegg til dei vanlegare allmenne faga og latin.
Som biskop og teolog var han også viktig. Han jobba hardt for å overvinne arianismen som var på frammarsj i Spania, og han var ein viktig person i å gje Filioque-tillegget i Nikenum aksept i vestkyrkja. Han gjorde også ferdig den såkalla mozarabiske liturgien, ein liturgi som i dag berre vert brukt i Toledo, han samla tidlegare kyrkjelege lover og vedak i samlinga Collectio Isidoriana og skreiv ei handbok i liturgi og kyrkjeleg embedslære.
I 1598 vart Isidor kanonisert og i 1722 utnemd til kyrkjelærar, ei ære kun 33 personar har fått. Han har i seinare tid vorte fremja som skytshelgen for internett, noko han i praksis nok også kan seiast å ha vorte. Han har også gjeve namn til denne bloggen. Eg er ikkje i stand til å heidre minnet etter denne mannen på ein tilstrekkeleg måte med mine skriblerier, men eg kan i det minste minne folk om ei av dei verkelege kjempene i kyrkjehistoria.
![]() |
Isidor av Sevilla i bispesetet. Biletet henta frå Wikimedia Commons. |
Isidor av Sevilla var biskop i Sevilla i over tre tiår i tidleg middelalder (rundt år 600). Han jobba for å samle kunnskap, og står bak det enorme encyklopediet Etymologiæ, der han freista å samle all kunnskap han kunne for ettertida. I dette verket, som var på 20 bind, samla han mange skrifter frå dei gamle filosofane som Aristoteles og andre. Gjennom fleire hundre år var det kun gjennom Isidor sitt arbeid at det kristne Europa hadde kjennskap til desse skriftene. Han skreiv også andre vikige verk, til dømes ei historie for den iberiske halvøya, biografiar for personar som vert nemnde i Bibelen, ei synonymordbok og ei astronomisk avhandling.
![]() |
Ei side frå Etymologiæ med eit typisk T-O-kart som viser den bebudde verda. Biletet er frå Wikimedia Commons. |
Som biskop og teolog var han også viktig. Han jobba hardt for å overvinne arianismen som var på frammarsj i Spania, og han var ein viktig person i å gje Filioque-tillegget i Nikenum aksept i vestkyrkja. Han gjorde også ferdig den såkalla mozarabiske liturgien, ein liturgi som i dag berre vert brukt i Toledo, han samla tidlegare kyrkjelege lover og vedak i samlinga Collectio Isidoriana og skreiv ei handbok i liturgi og kyrkjeleg embedslære.
![]() |
Også for Isidor var dei fire elementa sentrale i vitskapen. Biletet er frå Wikimedia Commons. |
Kategoriar:
Blogg,
Helgenar,
Historie,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Litteratur,
Merkedagar
fredag 1. april 2011
My Father My King
![]() |
Coverbiletet er henta frå engelsk Wikipedia. |
Eg står snart klar på Rockefeller for å få med meg kongane av post-rock, Mogwai. Det første eg høyrde av dette bandet var det majestetiske musikkstykket «My Father My King». Dette stykket introduserte meg for bandet og musikksjangeren, og er derfor eit viktig stykke musikk for meg.
Tekstmessig høver det også godt inn på St. Isidors minne. Det vil seie; det er ein instrumental, men melodiane i stykket byggjer på to melodiar som tradisjonelt vert brukte til den jødiske bøna Avinu Malkeinu, som byrjar med orda som på engelsk vert «My Father, My King».
Bøna er i tysk språkdrakt slik når den vert brukt til Jom kippúr.
Unser Vater, unser König, wir haben gesündigt vor dir.Mogwai avsluttar ofte konsertane sine med denne. Eg kan ikkje hugse om dei gjorde det då eg såg dei på Øya-festivalen for nokre år sidan, men eg vonar dei gjer det i morgon. Fram til då får dette opptaket frå La Route du Rock Festival gjere nytta.
Unser Vater, unser König, es gibt für uns keinen König außer dir.
Unser Vater, unser König, tue mit uns um deines Namens willen.
Unser Vater, unser König, mache nichtig über uns verhängte schwere Entscheide.
Unser Vater, unser König, mache nichtig die Gedanken unsrer Hasser.
Unser Vater, unser König, vereitle den Rat unsrer Feinde.
Unser Vater, unser König, sende Heilung den Kranken deines Volkes.
Unser Vater, unser König, halte zurück Plage von deinem Erbe.
Unser Vater, unser König, halte fern Pest und Schwert und den Verderber von den Söhnen deines Bundes.
Unser Vater, unser König, gedenke! Denn Staub sind wir.
Unser Vater, unser König, tue es um deinetwillen und nicht um unsertwillen.
Unser Vater, unser König, zerreiße unser Urteil.
Unser Vater, unser König, merze aus das Dokument unserer Verschuldungen.
Unser Vater, unser König, verzeih und vergib unsere Verfehlungen.
Unser Vater, unser König, wisch weg und beseitige unsere Verschuldungen von deinen Augen.
Unser Vater, unser König, bring uns zurück in völliger Buße vor dich.
Unser Vater, unser König, schreib uns ins Buch des Gedenkens.
Unser Vater, unser König, schreib uns ins Buch der Verdienste.
Unser Vater, unser König, schreib uns ins Buch der Ernährung und Versorgung.
Unser Vater, unser König, laß sprossen für uns Heil in Bälde.
Unser Vater, unser König, nimm an in Erbarmen unser Gebet
Unser Vater, unser König, tue es um deinetwillen und nicht um unsertwillen.
Unser Vater, unser König, tue es um deines großen Namens willen.
Unser Vater, unser König, tue es um deines großen Erbarmens willen und erbarme dich über uns.
Unser Vater, unser König, wir haben keinen König außer dir.
Unser Vater, unser König, um deinetwillen erbarme dich über uns.
Unser Vater, unser König, nimm in Barmherzigkeit und Wohlgefallen unser Gebet an.
Unser Vater, unser König, o laß uns nicht leer vor Dir ausgehen!
Unser Vater, unser König, tue es um deretwillen, die für Deinen heiligen Namen erschlagen wurden.
Unser Vater, unser König, tue es um deretwillen, die für Deine Einheit hingeschlachtet wurden.
Unser Vater, unser König, tue es um deretwillen, die für die Heiligung deines Namens den Tod durch Feuer und Wasser erlitten.
Unser Vater, unser König, ahnde vor unserer Augen das Blut deiner Knechte.
Unser Vater, unser König, tue es deinetwillen, wenn nicht unsertwillen.
Unser Vater, unser König, tue es deinetwillen und rette uns!
Unser Vater, unser König, tue es um deines großen Namens willen!
Unser Vater, unser König, tue es um deines großen, mächtigen und furchtbaren Namens willen, der über uns genannt wird!
Unser Vater, unser König, aus Gnade erhöre uns, denn wir haben keine verdienstvollen Handlungen, erweise und Milde und Huld und hilf uns!
Henta frå talmud.de
Skru opp lyden og nyt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)