fredag 5. september 2014

Skjeggeskatt

Eit bevis på betalt skjeggavgift.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
5. september 1698 såg historia det som kanskje er ein av dei raraste skattereglane verda har sett.

Historia er slik: I 1698 var Peter den store på ein av turane sine i Europa. Det han såg der, gjorde at han tenkte nytt om den mannlege hårmoten i Russland. For i Europa såg han at menn stort sett ikkje hadde skjegg. Dette var svært ulikt Russland, der mennene hadde store skjegg, noko som både var ein kulturell skikk, og grunna i den ortodokse kyrkja sitt syn på korleis ein mann skulle sjå ut.

Peter fann ut at han ikkje kunne ha eit rike av skjeggete menn, og umiddelbart etter at han kom heim til Russland gjekk han til aksjon. 5. september, på velkomstfesten, som sjølvsagt var full av skjeggete menn, beordra han alle saman til å barbere seg.

For å få folk til å følgje den europeiske moten, la han ein gigantisk skatt på dei som hadde skjegg. 100 rublar i året, ein sum som var ein liten formue.

Reglane gjaldt kun i byane og for overklassen, og prestane hadde særlege reglar som gjorde at dei fekk ha hårveksten sin i fred. Bønder fekk behalde skjegget, men om dei skulle inn i ein by, måtte dei enten barbere seg eller betale ein kopek i skjeggavgift. Betalte ein avgifta fekk ein eit bevis på at ein hadde lov til å ha skjegg. Dette var forma som ein mynt, og på dei to sidene var stod det at avgifta var betalt og «Skjegg er ei overflødig byrde.» I tillegg var «mynten» prega med eit bilete av skjegg og bart.

Denne skrivaren vil driste seg til å vere ueinig med Peter, uansett kor stor han var. Barbering er ei overflødig byrde!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar