mandag 8. september 2014

Jokke - Den store poeten

Foto: May-Irene Aasen.
Biletet ligg på Wikimedia Commons.
Frå tid til anna dukkar det opp folk som klarar å fange verda rundt seg med ord. Joachim Nielsen var ein av dei.

Få, om nokon andre, tekstforfattarar har på same måte som han klart å fange vennskap og svik, kjærleik og kranglar, fest og kvardag, personlege tragediar og draumar, byliv og stoveliv, samstundes som han mala eit univers med personlegdomar det var lett å bli glad i og lett og hugse.

Jokke vert lett oversett som rølpesongaren som sang om øl i kjøleskapet og hasjrøyking i mørket. Han gjorde det også, men Jokke hadde så mykje meir. Om ein avskriv han som ein rølpete rusmisbrukar, går ein glipp av ein musikalsk og tekstmessig skatt. 

Eit liv med og i rus vert skildra med beinhard realisme, samstundes som humor og varme ligg i tjukke lag. Han skildra ei verd eg ikkje kjenner. Den slitne delen av Oslo for nokre tiår sidan. Likevel grip det meg, og eg får sympati med denne kulturen som eg aldri har vore eller kjem til å bli ein del av. Dei gripande miljøskildringane og levande personane tar tak i lyttaren, og slipp ikkje taket.

Det er ei anna verd, men tekstane er så allmennmennesklege at også eg kjenner meg att i. Dei handlar om meg også. Probemstillingane er universelle og evige. Kjærleik. Draumar. Vennskap. Kvar ein høyrer heime. Ingen som har samla på teikneseriar i barndomen kan vel unngå å bli gripe av «Tempo» og kven kan ikkje tidvis kjenne seg att i «Verdiløse menn» eller hat-elsk forholdet til heimstaden  i «Trygge Oslo»?

Personleg vil eg hevde at teksten om den klønete avstandsforelskinga i «For pen» kanskje er den vakraste og varaste kjærleiksteksten på norsk.

Når desse tekstane vert støtta av feiande flott rock - ikkje nyskapande og ikkje ekstraordinær, men likevel feiande flott - står vi att med ein av dei verkelege gigantane i norsk rock.

Jokke fortener å bli hugsa som noko meir enn berre ein «narkoman», men eg vil likevel avslutte med den sangen. For det er ein av dei mest gripande han skreiv. Den vart både skrive og spelt inn i heroinrus. Rett etter innspelinga segna han om. Då kom han seg, men to månader seinare døydde han av endå ein overdose.   

Hadde han levd, ville Jokke blitt 50 år i dag. Mannen er død. Musikken og tekstane lever!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar