Slik ser drakta ut. Biletet er frå Wikimedia Commons. Foto: Martin Munch/Roskilde Stift |
Det som gjer saka i Folkekirken underleg, er at dei insiterer på at prestane skal gå med den svarte prestekjolen med pipekrage som vi heldigvis kvitta oss med i Norge for mange år sidan.
Presten som har starta debatten seier at «Præstekjolen og de sorte sko og sokker er en hellig ko, som ikke har nogen som helst symbolsk betydning, der peger i retning af, at vi skal efterfølge Jesus.», og dette er heilt sant, all den tid dei går med desse draktene.
Dansk Wikipedia kan fortelje oss dette om desse draktane:
Den sorte præstekjole og den hvide pibekrave er en almindelig borgerdragt fra 1600-tallet, som er blevet "fastlåst" som embedsdragt for folkekirkepræster. Luther mente, at præsten skulle bære den samme dragt som sine ligemænd – borgerne i menigheden, og derfor blev den almindelige borgerdragt valgt. Dette lutherske princip er altså gradvist forladt, i takt med at tiderne har ændret borgernes almindelige påklædning, mens præsternes beklædning er beholdt gennem 400 år.Luther sin tanke var på sett og vis god, men ein kjem ikkje vekk frå at denne drakta ikkje har nokon som helst liturgisk symbolverdi, men står fram som ein framandgjerande anakronisme. At det er ein framandgjerande anakronisme kan nok også hevdast om våre liturgiske draktar, men dei har stor symbolsk verdi og står i ein økumenisk tradisjon og samanheng. Den svarte drakta i Danmark gjer ikkje det heller.
Prosten i det aktuelle prostiet påpeiker, heilt riktig: «Man bærer præstekjole for at minde sig selv om, at man er i et andet ærinde end sit eget.» Og nettopp derfor er det ein ikkje skal kle opp prestane i svart, men i kvitt - fargen for reinskap og heilagdom som minner oss om den store kvite flokken.
Fram til Folkekirken får bytta ut den ubrukelege prestedrakta si med den økumeniske albaen, vil eg gje mi fulle støtte til ein kvar kollega i Danmark som trer på seg kva sko det måtte vere. Vote with your feet!
Post by folkekirken.dk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar