torsdag 16. januar 2014

Haud Ædle Herre Nicolai Christian Friis

Bodin kirke i Bodø. Friis sitt rike.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi skal til Bodø i 1744. Dette året kom det ein ny sokneprest til Bodin kirke. Nicolai Christian Friis hadde vore kapellan på Alstadhaug etter at han vart ferdig med teologistudia i København, og på våren 1744 kom han til Bodø som eit skritt oppover i kyrkjehirearkiet. Med seg på flyttelasset hadde han mektige vener, store ambisjonar og ein plan. Planen skulle nok dreie seg mest om han og mindre om kyrkja, «for om nypresten var godt utrustet intellektuelt og hadde innsikter på en rekke områder, ble alt styrt av personlig ærgjerrighet.»[1]

Allereie året etter at han kom til Bodø gifta han seg, og sjølvsagt ikkje med kven som helst. Han gifta seg med Sophie, den tjue år eldre enka etter fogden i Salten som nylig var død. Fogden hadde hatt kallenamnet  «sølvfuten», noko som kan gje eit innblikk i kva Nicolai fekk med seg av medgift. Han var med eitt ein rik mann.

Nicolai Christian Friis hadde blitt rik, men karriera hans stoppa opp. Han vart rett nok ein form for frivillig ansvarleg for finnemisjonen i Nord-Norge, noko som gav han mogelegheit til å styre over andre prestar og også ei pengekasse å halde styr på, noko vi kjem attende til.

I 1748 stod bispestolen i Nidaros ledig. Biskopen i Nidaros hadde på dette tidspunktet eit mykje større område å halde styr på enn no, mellom anna låg Bodø under Nidaros. Friis meldte si interesse for setet, utan at han fekk det. Han vart verande i Bodø.

På dette tidspunktet hadde han allereie byrja å bygge seg opp som stormann i Bodø. I 1747 fekk folk i soknet beskjed om at dei i staden for å reparere husa på prestegarden som dei hadde ansvar for, skulle betale pengar. Desse pengane, saman med store delar av formua han hadde gifta seg til, brukte han på ein storslått prestegard som framleis verka blendande på besøkande nesten hundre år seinare.
Festlocaler, Gjæsteværelser, Bibliothek, Studerværelser, Kjøkken og Kjældere, i alt henved 40 Rum. De to stuer nedenunder var, hver enkelt, likesaa stor som den nye Anexkirke i Røst, nemlig henved 20 Alen lange og 14 Alen brede, den ene af dem udstyret med en pragtfuld Kamin. Der var rummelige sideværelser, solid og smukt decorerede med malede Tapeter forestillende Hyrdescener og Blomster efter den Tids Smag, ja lige til Dørlaasene anskaffede fra Kongens Kjøbenhavns Haandverkere og Mestere.[2]  
Han ville heilt klart sette monumentale spor etter seg, og gav også generøse gåver til kyrkja. I 1753/54 hyra han inn ein tysk målar som hadde base i Bergen til å dekorere både kyrkja og prestegarden. Han gav også ei diger lysekrone til kyrkja, ein bispestol og det dyraste han gav kyrkja er eit dåpsfat i sølv.[3]

Bodin prestegard i 1895.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Prestegjerninga var han ikkje så opptatt av. «Nicolai Friis hadde et helt useriøst forholdt til embedet han skulle skjøtte»,[4]  seier jubileumsboka for Bodin kirke. Han skal ha dreve fleire av kapellanane sine ut i alkoholisme, og var sjølv agressiv mot dei som ikkje gav han den respekten han meinte han burde ha.

Friis meinte han burde vere større enn det han var, og for ein mann med pengar kunne det sjølvsagt fiksast på, så i 1754 kjøpte han seg ein bispetittel for 8000 riksdalar. Han vart med dette «titulærbiskop», noko som ikkje var heilt uvanleg. Også N.F.S. Gruntvig hadde kjøpt seg ein bispetittel. Om det ikkje var uvanleg, skapte det derimot ein del problem. Nord-Norge hadde no plutseleg to biskopar. Den ordentlege biskopen sat i Nidaros, men i Bodø sat det ein rik titulærbiskop som i tillegg til bispetitteleg hadde ordna seg slik at han hadde kontroll med misjonen i nord, og dermed også ein del kontroll over prestane, til tross for at han eigentleg ikkje fekk noko makt med bispetittelen sin.

Men no byrja det å gå nedover med Friis. Det byrja allereie i 1752, då det dukka opp det som i dag ville blitt sett på som ein forsikringssvindel- eller skattesvindelsak. Problemet for Friis var at han som mest truleg var skuldig i dette sa at han hadde fått heile ideen frå soknepresten. Friis kom frå det heile med ei kraftig ripe i lakken, men nedturen hadde byrja.

I 1757 var det endå ein gong ei rettssak der han var innblanda. Ein bonde hadde blitt dømt til døden for, i ekstrem naud, å ha slakta ein av Friis sine kyr. Bonden anka til høgsterett der han vart frifunnen, noko Friis ikkje sette særleg pris på. Han påstod at retten var korrupt og hadde tatt imot pengar for å frifinne bonden, noko som gjorde at Friis sjølv plutseleg vart tiltala for å rette falskt klagemål motdomstolen. Til sjuande og sist stod han att med ei stor bot og endå ei ripe i lakken.

Så vart det endå verre. Friis hadde som vi var inne på tidlegare tilgang til misjonen sine pengar. Dette vart for lokkande for han, og ein byrja tydlegvis å få mistankar om at ikkje alle pengane gjekk til å gjere evangeliet kjent for nye folkeslag. I 1769 vart det gjeve ordre om å undersøke saka. Friis klarte å unngå rettsak, men måtte betale 16000 riksdalar for å få saka ut av verda.

Med dette var tida hans som stormann i Bodø ute. Han vart kort tid etter dette sokneprest i Korskirken i Bergen, og var der så engasjert i jobben at han fekk ein vikar til å gjere heile jobben fram til han sjølv gjekk av med pensjon i 1774.

Eit prakteksemplar i den norske prestestanden!

[1] Terje Gudbrandson, «'Ei alt for stor jord'. Glimt fra Bodin prestegårds historie» i Turid Følling Eriksen, Bodin kirke 750 år : "hvor elskelig dine boliger er...", Bodø 1990 s. 98.
[2] Ibid s. 101.
[3] Ibid s. 48-50.
[4] Ibid s. 99.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar