tirsdag 31. desember 2013

Nyttårsmiddagen eg helst ville ha vore på

Iguanodonstatuane.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
(Fotograf: Jes. CC-BY-SA-2.0)
31. desember er gjerne prega av meir eller mindre vellukka middagar, der ein skal «feire» den kalenderjippoen eit nytt år er. Slike middagar er gjerne mindre minneverdige enn propagandaen skal ha det til, men det er i alle fall ein slik nyttårsmiddag som på mange måtar er verdt å minnast. Dinosaurmiddagen i Crystal Palace Park i London i 1853.

Som vi tidlegare har vore inne på på denne bloggen, var Crystal Palace, nettopp det det høyrast ut som: Eit krystallpalass. Det vart bygd i Hyde Park til verdsutstillinga i 1851. Då den var ferdig vart heile palasset flytta til det som i dag heiter Crystal Palace Park. Her kjem dinosaurane inn i biletet.

I samband med flyttinga fekk Benjamin Waterhouse Hawkins, ein skulptør som hadde spesialisert seg på naturhistorie og var sentral i arbeidet med verdsutstillinga i oppdrag å lage skulpturar av utdøydde dyr i skala 1:1. Dette skulle vere første gongen ein gjorde noko slikt. I utgangspunktet tenkte han å kun lage pattedyr, men Sir Richard Owen fekk han inn på tanken om å lage dinosaurar i staden, og i dag står det 33 dinosaurstatuar i naturleg storleik i parken.

«A face to frighten babies»
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. (PD)
Sir Richard Owen, anatom og paleontolog, var mannen som kom opp med ordet «dinosaur» og skal ha vore ein glitrande vitskapsmann, men ein heller ubehageleg fyr å vere i nærleiken av, med dårleg humør og «a face to frighten babies». Han var i konflikt med fleire av sine samtidige vitskapmenn, mellom anna Charles Darwin og Gideon Mantell. Mantell var mannen som mellom anna oppdaga iguanodonen, ein dinosaur vi snart møter att i forteljinga. Mantell vart utsett for ei ulukke som øydela ryggraden hans, noko som gjorde livet mykje vanskelegare for mannen. Owen nytta denne opninga til systematisk å gje nye namn til artar Mantell hadde gjeve namn til, sørge for at Mantell sine forsøk på å publisere artiklar ikkje lukkast og tok æra for fossilfunn Mantell hadde gjort. I 1852 gjekk det heile så langt at Mantell tok livet sitt. Som ei siste ærekrenking var det den store anatomen Sir Richard Owen som fekk den skadde ryggraden til å forske på etter at Mantell var død. Owen tok også på seg å skrive ein nekrolog for Mantell i Literary Gazette. Nekrologen var sjølvsagt anonym, og teikna eit bilete av Mantell som ein middels anatom med små bidrag til paleontologien. Oppdaginga av iguanodonen vart i nekrologen tillagt ein viss Richard Owen...[1]

Moderne modell av ein iguanodon frå Oxford University
Museum of Natural History.
Biletet er tatt av Ballista frå engelsk Wikipedia og ligg på
Wikimedia Commons (CC-BY-SA-3.0)
Så kjem vi til nyttårsafta 1853. I parken står det no klar 33 dinosaurar i fullskala. Alle er laga av Hawkins, støypte i betong og var anatomisk korrekte slik ein trudde dei ulike artane hadde sett ut. At vi i dag knapt kan kjenne att iguanodonen slik vi har sett desse dyra andre stader, skuldast at ein i dag veit at dei hadde ein slags form for tommel i staden for det lille hornet statuane har på nasa og at dei gjekk på to i bein, ikkje fire slik statuane gjer. Dr. Matthew C. Lamanna skriv om statuane og selskapet at «though Iguanodon was big in real life, the Hawkins model was bigger. (It would be hard to have more than two or three people eat dinner inside a truly life-sized Iguanodon.) The size error wasn't the only problem with these statues. By today's standards, their anatomy is very inaccurate. But it's not fair to blame Owen and Hawkins. Surely some things we think about dinosaurs today will seem strange and inaccurate to future paleontologists.»[2]

Nyttårsafta 1853 vart dinosaurmiddagen halde. Dei som skriv om festen er litt ueinige om den var inne i forma iguanodonen var støypt i, eller inne i sjølve statuen. Mest sansynleg var det inne i forma. Inne i dinosaurforma var det dekka bord, og rundt bordet sat rundt 20 menn samla for å feire det nye året og dei storslåtte statuane. Heidersgjestane var Hawkins, som hadde laga statuane, og Owen, som hevda han hadde oppdaga iguanodonen og som hadde kome opp med tanken om dinosaurstatuar. Kva dei snakka om, veit eg ikkje, men med tanke på krinsen av folk om kvar dei var, er det naturleg å tenke seg at dei snakka om dinosaurar. Ser ein på teikninga under, ei teikning av middagen frå 1854, kan vi sjå at namnet «Mantell» står på ein av plakatane. Mannen burde sjølvsagt ha vore der, men Owen dreiv han til sjølvmord året før...

Teikning av middagen frå 1854.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Dette er nyttårsmiddagen eg helst ville ha vore på. Inne i ein dinosaur saman med kremen av vitskapsfolk. Når ein så blandar dette med ein solid dose rivalisering og arroganse har ein oppskrifta på ein minnerik måte å gå inn i eit nytt år.

Godt nyttår!

[1] Bill Bryson, A Short History of Nearly Everything, s. 118-122.
[2] Matthew C. Lamanna, «History of Dinosaur Discoveries» i Thomas R. Holtz Jr. (red) Dinosaurs, s. 8

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar