mandag 14. oktober 2013

Drukna kyrkjer IV - St. Nikolaskyrkja i Mavrovo

Vi skal endå ein gong sjå på ei drukna kyrkje, og denne gongen skal vi til Makedonia, og St. Nikolaskyrkja som låg i landsbyen Mavrovo. Kyrkja var frå 1850, og fekk fungere i litt over hundre år, før ho hamna under Mavrovosjøen i 1953, sjølvsagt var det eit kraftverk som fekk prioritet også her.

St. Nikolaskyrkja i Mavrovo har, som kyrkja i Potosi, dukka opp att frå vatnet. Etter årtusenskiftet har det vore lite vatn, og kyrkja har stort sett stått på tørr mark att. Vi skal sjå på nokre bilete av kyrkja her, og det er mogeleg å finne mange fleire på Wikimedia Commons.

Kyrkja under vatn i 2009.
Biletet er teke av Ggia og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

Kyrkja på tørr mark i 2007.
Biletet er teke av Sanja Nikolic og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-2.0)

Kyrkja på tørr mark.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

2 kommentarer:

Arve Kjell Uthaug sa...

Artig serie. Eg har late meg inspirera til ein liten artikkel om eit walisisk gudshus som - med landsby og gravplass - er senka under vatn: http://kokelur.blogspot.no/2013/10/there-are-places-i-dont-go.html.

Arve Kjell Uthaug

Steinar Sneås Skauge sa...

Ingenting er betre enn at serien spreier seg til fleire bloggar!

Legg inn en kommentar