![]() |
Fødselskyrkja i Krokhino. Eit tidleg fargefoto frå 1909, tatt av fargefotopioneren Sergej Prokudin-Gorskij. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
I Krokhino var det fleire kyrkjer som forsvann i vatnet, men det er framleis ei kyrkje som held stand, og det er den vi skal konsentrere oss om no.
Biletet viser Fødselskyrkja i 1909. Dette var ei kyrkje i barokkstil med tre altarar og fleire kapell. Interessant nok har ein også fargefotografi av kyrkja frå så tidleg som 1909.
I 1961 vart Krokhino lagt under vatn for å lage ein kombinasjon av eit kanalsystem for transport og eit kraftverk. Landsbyen forsvann, med kun Fødselskyrkja ståande att i vatnet som eit monument over det som var. Like underleg som dei andre drukna kyrkjene. Om ein vil sjå fleire bilete av denne kyrkja, kan eg anbefale denne sida.
![]() |
Den same kyrkja i 1991. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Vi tar med oss endå ei kyrkje. På Twitter fekk eg eit tips frå personen med det sympatiske brukarnamnet «Nynorskingen» om klosterkyrkja i den tidelegare landsbyen Mologa. I denne landsbyen var det fleire flotte bygg, mellom anna fleire kyrkjer, det som ser ut som to kloster og ein katedral, noko ein kan sjå på Commons. I 1941 vart byen oversvømma, og alt hamna under vatn. Det eine klosteret kan vi følgje ned i vatnet
![]() |
Afanasiklosteret i 1917. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
![]() |
Afanasiklosteret vert tatt av vatnet i 1941. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar