Viser innlegg med etiketten Drukna kyrkjer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Drukna kyrkjer. Vis alle innlegg

søndag 10. november 2013

Drukna kyrkjer VII - Kyrkja som ikkje drukna

Eit litt uklart bilete av Masi kyrkje tatt av underteikna ein
nydeleg vinterdag i 2008.
Biletet ligg på Wikimedia Commons.
Etter at St. Isidors minne har fått særs mange nye bekjente på grunn av forrige innlegg, er det på tide å ta lesartalet ned til det normale att. Vi gjer dette med den (foreløpig?) siste artikkelen om drukna kyrkjer. 

Denne gongen skal vi til Norge, og vi skal til ei kyrkje som ikkje er drukna. I den lille bygda Masi, eller Máze, i Kautokeino kommune ligg det ei lita kyrkje frå 1965. Eg har vore i denne kyrkja eit par gonger, og det er ikkje på nokon som helst måte ei spanande kyrkje. Ho vart bygd etter at ei kyrkje frå 1931 vart ein del av det tyske flammehavet i 1944, og kan vel ikkje by på noko meir spanande enn levande liturgi på samisk, noko som jo i seg sjølve er verdt ein tur.

Det som gjer at denne kyrkja er noko eg tar fram her, er at eg trur dette er det næraste vi har kome ei drukna kyrkje i Norge. På 1970-talet kom det nemleg fram at ein hadde planar om å demme ned heile bygda i samband med utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget. Dette utløyste, som vi alle veit eit voldsomt spetakkel, og Masi, som kanskje er den mest genuine samiske bygda i Norge, kom tørrskodd frå dei heile. Eg har blitt fortalt at hadde planane gått gjennom, ville ein i dag kun ha sett kyrkjespiret på kyrkja, og det ville ha vore alt ein såg av bygda. Slik vi har sett på nokon av dei drukna kyrkjene vi har sett på til no.

Eg trur altså at Masi kyrkje er det næraste vi kjem ei drukna kyrkje i Norge, men om nokon har eit betre forslag, er det berre å skrike ut!

Altaret i Masi kyrkje.
Biletet er tatt av madammen og ligg på Wikimedia Commons.

mandag 4. november 2013

Drukna kyrkjer VII - Sharp's Station Methodist Episcopal Church, Tennessee

I dag skal vi sjå på ei kyrkje som har forsvunne under vatn, men her har også kyrkjesamfunnet gått inn i historia, eller rettare sagt gått inn i eit anna kyrkjesamfunn. Methodist Episcopal Church finnes ikkje lenger i den forma ho ein gong hadde, men vart ein del av United Methodist Church i 1968. Då hadde allereie Sharp's Station kyrkja i Loyston, Tennessee vore dekka av vatn i over tretti år.

På byrjinga av 1930-talet bygde ein Norris-demninga som igjen skapte Norrissjøen. Denne innsjøen la mellom anna Loyston under seg med kyrkje og det heile. Dei to bilete vi skal sjå vart tatt i 1933, altså omtrent i det ein byrja å bygge demninga som skulle ta knekken på kyrkja.

Slik såg kyrkja ut i 1933. Biletet er tatt rett etter ei gudsteneste.
Biletet er tatt av Lewis Hine og ligg på Wikimedia Commons. (PD)

Pågåande gudsteneste i 1933.
Biletet er tatt av Lewis Hine og ligg på Wikimedia Commons. (PD)

fredag 1. november 2013

Drukna kyrkjer VI - St. Ivan Rilski-kyrkja i Bulgaria

Kyrkjeruinane i kanten av vatnet.
Biletet er tatt av Ivan Hadji og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)
Vi tar turen til Bulgaria og St. Ivan Rilsku-kyrkja, ei kyrkje omtrent midt i landet. Ho vart lagt under vatn då ein bygde ein dam på 1960-talet.

Alt eg veit om denne kyrkja har eg frå ei maskinomsetjing frå bulgarsk Wikipedia, så eg er open for at eg har feil, men det ser ut som om det er ei kyrkje frå 1895, vigsla til Bulgaria sin nasjonalhelgen St. Ivan Rilski.

På 1960-talet lagde ein ein dam, og i løpet av 1965 vart kyrkja, og resten av landsbyen Zapalnya oversvømma. Dei restane av kyrkja som står att i dag skal vere dei einaste ruinane av det som var ein landsby. Kvifor kyrkja ligg på land på bileta veit eg ikkje, men kanskje dammen vert tappa ned av og til?

Slik kan det sjå ut inne i ei kyrkje etter at vatnet har fått råde.
Biletet er tatt av Ivan Hadji og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

onsdag 30. oktober 2013

Drukna kyrkjer V - Spanske kyrkjer

Vi skal sjå på endå fleire drukna kyrkjer, og denne gongen tar vi turen til Spania, der eg har funne bilete av to drukna kyrkjer på Wikimedia Commons.

Vi byrjar med Santa Romà-kyrkja. Sau-dammen som la seg over denne kyrkja var ferdig i 1962, så vi kan vel gå ut ifrå at det var då kyrkja forsvann, sjølv om ho framleis er synleg når det er lite vatn i dammen. Lat oss sjå på nokre av dei mange bileta som ligg på Commons.

Slik såg det ut i 2005. Ein kan sjå kyrkja på tørt land ute i elva.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Kyrkja på nært hald i 2007.
Biletet er tatt av Francesc Ojeda og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

Kyrkja under vatn i 2013.
Biletet er tatt av DagafeSQV og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)
Så går vi vidare til kyrkja i Mediano. Dette er ei kyrkje frå 1500-talet som no ligg under vatn. Ut frå bileta kan vi sjå at det her også er kraftutbygging som er syndaren, men når dette skjedde veit eg ikkje. Også her ligg det fleire bilete på Commons.

Oversiktsbilete der vi ser kyrkjetårnet midt ute i vatnet.
Biletet er tatt av Jesus Abizanda og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-2.0)

Og her ligg kyrkja.
Biletet er tatt av Juan R. Lascroz og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)
Skulle du ynskje å sjå endå ei drukna kyrkje, har Arve Kjell Uthaug blitt inspirert av denne serien, og skriv om ei drukna kyrkje i Wales på sin blogg. Vel verdt å lese!

mandag 14. oktober 2013

Drukna kyrkjer IV - St. Nikolaskyrkja i Mavrovo

Vi skal endå ein gong sjå på ei drukna kyrkje, og denne gongen skal vi til Makedonia, og St. Nikolaskyrkja som låg i landsbyen Mavrovo. Kyrkja var frå 1850, og fekk fungere i litt over hundre år, før ho hamna under Mavrovosjøen i 1953, sjølvsagt var det eit kraftverk som fekk prioritet også her.

St. Nikolaskyrkja i Mavrovo har, som kyrkja i Potosi, dukka opp att frå vatnet. Etter årtusenskiftet har det vore lite vatn, og kyrkja har stort sett stått på tørr mark att. Vi skal sjå på nokre bilete av kyrkja her, og det er mogeleg å finne mange fleire på Wikimedia Commons.

Kyrkja under vatn i 2009.
Biletet er teke av Ggia og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

Kyrkja på tørr mark i 2007.
Biletet er teke av Sanja Nikolic og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-2.0)

Kyrkja på tørr mark.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

søndag 6. oktober 2013

Drukna kyrkjer III - Fødselskyrkja i Krokhino og klosteret i Mologa

Fødselskyrkja i Krokhino. Eit tidleg fargefoto frå 1909, tatt av
fargefotopioneren Sergej Prokudin-Gorskij.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi held oss til Russland og deira drukna kyrkjer, og byrjar med det som fram til 1961 var landsbyen Krokhino.

I Krokhino var det fleire kyrkjer som forsvann i vatnet, men det er framleis ei kyrkje som held stand, og det er den vi skal konsentrere oss om no.

Biletet viser Fødselskyrkja i 1909. Dette var ei kyrkje i barokkstil med tre altarar og fleire kapell. Interessant nok har ein også fargefotografi av kyrkja frå så tidleg som 1909.

I 1961 vart Krokhino lagt under vatn for å lage ein kombinasjon av eit kanalsystem for transport og eit kraftverk. Landsbyen forsvann, med kun Fødselskyrkja ståande att i vatnet som eit monument over det som var. Like underleg som dei andre drukna kyrkjene. Om ein vil sjå fleire bilete av denne kyrkja, kan eg anbefale denne sida.
Den same kyrkja i 1991.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Vi tar med oss endå ei kyrkje. På Twitter fekk eg eit tips frå personen med det sympatiske brukarnamnet «Nynorskingen» om klosterkyrkja i den tidelegare landsbyen Mologa. I denne landsbyen var det fleire flotte bygg, mellom anna fleire kyrkjer, det som ser ut som to kloster og ein katedral, noko ein kan sjå på Commons. I 1941 vart byen oversvømma, og alt hamna under vatn. Det eine klosteret kan vi følgje ned i vatnet

Afanasiklosteret i 1917.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Afanasiklosteret vert tatt av vatnet i 1941.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I følgje Wikipeda vert det kvart år framleis halde messe midt ute på vatnet, der kyrkjespira stikk opp av vatnet. Det er eit initiativ ein må like!

onsdag 2. oktober 2013

Drukna kyrkjer II - Klosteret i Kaljazin

Det er på tide å sjå på ei ny kyrkje som ligg under vatn, og i dag skal vi til Russland, og Kaljazin som ligg i nærleiken av grensa til Kviterussland. På 1400-talet vart Makarjevskij-klosteret grunnlagt på motsett side av elva av der byen ligg no. Klosteret fekk etterkvart fleire flotte og viktige byggningar, ikkje mist ei kyrkje dedisert til St. Nikolas, og det kom også endå eit kloster til området. Rundt 1800 vart det så bygd eit skikkeleg landemerke i klosteret. Ein bygde eit klokketårn som var neste 75 meter høgt, noko som framleis held til å vere mellom dei tretti høgaste, ortodokse kyrkjene i verda.
Kaljazin i 1917. Både kyrkja og det store tårnet er dominerande.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Så kom vatnet. Også her var det eit ynskje om å lage elektrisitet som førte til at byen vart lagt under vatn, og det var ein fråfallen prestesprire frå Georgia som vart banemannen. Josef Stalin bestemte at det skulle byggast ein stor demning, noko som førte til at klostera og mesteparten av gamlebyen vart lagt under vatn i 1940. Det som stod att var det enorme klokketårnet til klosterkyrkja. Det har blitt eit landemerke, og framleis held ein gudstenester i tårnet fleir gonger i året.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

fredag 27. september 2013

Drukna kyrkjer I - Kyrkja i Potosi

Der nokre kyrkjer brenn ned, er det andre som slit med det motsette problemet. Dei kjem under vatn. Det er mange døme på dette, og det ser eigentleg like underleg ut kva gong. Eg avgrensar meg her til det eg har funne av drukna kyrkjer på Wikimedia Commons, sidan det er gøyast om ein kan legge ut bilete av desse kyrkjene.

Kyrkjetårnet i Potosi.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Først ut er kanskje det raraste av desse tilfella. I Venzuela låg byen Potosi som vart lagt under vatn for å få på plass eit kraftverk i 1985. I byen låg det også ei kyrkje, og alt ein såg av denne kyrkja dei neste 25 åra var toppen av kyrkjetårnet som stakk opp av vatnet.

I 2010 kom så El Niño, og med dette verfenomenet kom det også tørke. Resultatet av dette vart at kyrkja i Potosi plutseleg stod på tørr mark att og det vart plutseleg mogeleg å spasere rundt i restane av kyrkja.

Mesteparten av kyrkja hadde forsvunne i løpet av åra under vatn, men beingrinda av kyrkja stod framleis. Eg har ikkje heilt forstått om vatnet har kome attende eller ikkje, men eg trur ikkje det. Eg vil anbefale ein titt på Atlas Obsurca som har mykje betre bilete av denne kyrkja enn dei heller kjipe bileta som ligg på Commons.

Kyrkja i Potosi har kome fram frå vatnet att.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.