fredag 25. oktober 2013

Taddeus McCarthy - bortimot ein biskop

Taddeus McCarthy.
Biletet er lånt frå katolsk.no
I dag er det minnedag for den salige Taddeus McCarthy. Taddeus var ein ire som levde på siste halvdel av 1400-talet. Han var nok ein flink prest og heilt sikkert ein from mann, men det er ikkje det som gjer at eg tar han fram i dag. Taddeus klarte nemleg kunststykket å bli utnemnd til biskop i to bispedømme, utan at han faktisk vart biskop nokon plass. Det skjedde på denne måten:

Taddeus vart født og vaks opp i Irland. Han fekk muligens uttdanning av irske fransiskanarar, og i alle fall ein onkel av han var prest og gav han opplæring. Han hadde også ein slektning som underviste ved universitetet i Paris, og der var Taddeus ei stund før han vart ordinert i Cork. Etter dette dro han til Roma for å studere vidare.

Taddeus må ha gjort det godt i Roma, for medan han var der utnemde paven han til biskop i Ross, sør i Irland. Taddeus var då berre 27 år gamal. Han vart så vigsla i Roma og drog til Irland for å ta over bispedømmet, noko som skulle vise seg å by på problem. Den gamle hjelpebiskopen hadde då allereie blitt vigsla til biskop i bispedømmet av erkebiskopen, og Taddeus hamna midt inne i ein kamp om makta i Irland mellom rivaliserande klanar; McCarthy-klanen på den eine sida og O'Driscoll på den andre. Begge sider hevda at dei hadde den rette biskopen.

Saka hamna hos paven, som desverre for Taddeus ikkje var den same som hadde utment han. Dei mektige støttespelarane til den sitjande biskopen i Ross fekk i første omgang overbevist paven om at Taddeus var ein bedragar, og han vart bannlyst frå kyrkja. Då han klaga vart begge biskopane kalla inn til paven, før det vart to år med undersøkingar som endte med at Taddeus vart frikjent og tatt inn i varmen att. Den sitjande biskopen kom også godt ut av det heile, då han fikk bli sitjande i setet. Dette var kanskje som ein kunne forvente, men det var kanskje meir overraskande at Taddeus i same slengen vart utnemt til biskop i eit nytt bispedømme, no i Cork og Cloyne.

Heller ikkje her skulle det ordne seg for Taddeus. Då han kom  til katedralen viste det seg at ein heller ikkje her ville ha ein biskop frå McCarthy-klanen. Kyrkja var barrikadert slik at Taddeus ikkje kom seg inn, noko han heller ikkje gjorde dei neste åra. I to år forsøkte han å krevje retten paven hadde gitt han, men lukkast i så lita grad at han til og med mista støtta frå McCarthyane. I eit siste forsøk på å ordne opp drog han til Roma, og fekk der med seg eit brev frå pave Innocent XIII som beordra den sterkaste hærføraren i Irland til å rydde veg for Taddeus.

Med brevet i hand la så Taddeus i veg nordover att. Kledd som ein vanleg pilegrim vandra han nordover, til han ein dag la seg til å sove i eit vertshus dreve av munkar nord i Italia. Der døydde han 24. oktober 1492, utan at han nokon gong vart biskop i Irland. Han har minnedag 25. oktober, ein minnedag som vert feira i Ivrea i Italia, der han døydde, og i Ross, Cork og Cloyne bispedømmer i Irland. Dei han aldri fekk.
Altar i Ivrea med relikvie av Taddeus.
Biletet er tatt av Laurom og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar