tirsdag 25. juni 2013

Den heilage forhuda

Vi får håpe dei brukte ein mindre kniv...
Biletet er frå Wikimedia Commons.
Sidan omskjæringsdiskusjonen ikkje ser ut til å gje seg med det aller første, kan det passe med eit lite blikk på kanskje den underlegaste av alle relikviar kyrkja har vore i kontakt med. Ein relikvie er grovt sett anten ein del av kroppen til ein helgen, eller noko ein helgen har eigd eller brukt, som ein bit av kleda, Peter sine lenkjer og slikt.

Det flottaste relikvien ville sjølvsagt ha vore ein bit av kroppen til Jesus, men sidan det er ein sentral del av kristen tru at Jesu kropp ikkje lenger er på jorda, er dette ikkje noko ein kan oppdrive, om ein då ser bort frå nokre bloddråper på krossen og slikt, då. Bortsett frå ein liten detalj! Jesus vart i tråd med religion og tradisjon, omskåre som barn. Altså kan ein sjå for seg at forhuda vart att.

Relikvielæra har vore ein del av kristendomen sidan dei første kristne, mellom anna tok ein vare på Polykarp si oske, men frå 800-talet fekk dette verkeleg fart på seg ute i folket, og det dukka opp helgenforhandlarar som både dreiv med gravrøveri for å skaffe seg likdelar, og solgte falske relikviar.

Det dukka etterkvart opp relikviar frå Jesus sjølv. Vi siterer frå katolsk.no om ein annan del av Jesu kropp ein kunne ha fått tak i:
Omkring 1119 skrev abbed Guibert av Nogent en bok om relikvier og helgendyrkelse, De pignoribus sanctorum. Her refset han den kritikkløse relikviedyrkelsen, og det som hadde vakt hans harme, var den tåpelighet munkene i hans nabokloster Soissons viste ved å påstå at de eide en av Jesu melketenner.
Tenner var ein ting, men på 800-talet byrja det også å dukke opp forhuder frå det same gutebornet. Den første forhuda skal pave Leo III ha fått i gåve frå Karl den Store, som nok var noko av ein relikviemann. Via relikvieskrinet sitt i Laterankyrkja i Roma, krigar og gløymte gøymestadar forsvann forhuda og dukka opp att i Calcata i Italia. Der vart ho gjennstand for ein kult, godkjent av paven, og eit viktig pilegrimsmål fram til ho forsvann frå huset til ein prest som av ein eller annan grunn hadde tatt han med seg heim i 1983.

Men denne forhuda var ikkje den einaste. I løpet av middelalderen dukka Jesu forhud opp rundt omkring i Europa. Kanskje var det så mange som bortimot tjue...

På slutten av 1800-talet dukka det opp endå ei forhud, og denne forhuda gjorde at vi ikkje høyrer så mykje om saka lenger. Denne fann ein i eit kloster i Frankrike, og det førte til diskusjonar internt i kyrkja. Det heile ebba ut med eit forbod mot å snakke om forhuda, med ekskommunikasjon som straff for dei som braut forbodet. Det heile vart faktisk skjerpa i 1954, så om  kjeldene har rett i det dei seier, får eg berre håpe Vatikanet anten har mjuka litt opp eller ser ein annan veg...

Vi trur gjerne vi er banebrytande og nytenkande her i Norge, men krangling om forhud er ikkje noko nytt.

1 kommentar:

Unknown sa...

Det er en del fascinerende, om enn undrende, tanker man kan gjøre seg om Bibelen. Det gamle testamente, eller den hebraiske Bibelen, har blant annet fortellingen om David og hans stridigheter med kong Saul. I forsøket på å få kongsdatteren og antagelig minst halvkongeriket forsøkte Saul å minske Davids iver ved å gi ham en oppgave: Brudens pris er kun 100 filistiske forhuder i det håp om at David ville bli drept i forsøket på å oppnå dette. David bragte tilbake 200 forhuder og ble deretter gift med Mikal.

Det kunne ha vært ører, neser, eller skalper, men det var altså forhuder.

Legg inn en kommentar