torsdag 11. juli 2013

Ferdaminni fraa Sumaren 2013: Niels Griis Alstrup Dahl

Minnestein for ikkje mindre enn
«Eivindvigens anden skaber»
Dei ordningsmessige pliktene ein prest har, førte meg til Eivindvik i sommar. Denne bygda har ei historie der mykje fell naturleg inn i St. Isidors minne sitt interessefelt, så vi kjem til å ta turen dit fleire gonger i tida som kjem.

 Den første som skal bli omtala er Eivindvik sin store son, Niels Griis Alstrup Dahl, som var prest i Gulen frå 1804 til han døydde i 1852. Dahl var ein stor mann. Han var så stor at han vart hylla i verseform av sjølvaste Henrik Wergeland.

Som prest skal han ha vore svært dugande, og ein typisk folkeopplysar. Han ivra for sparebanken, han moderniserte landbruket i Gulen og dreiv sjølv eit mønsterbruk på prestegarden, han bygde to skular lenge før faste skular var vanleg på landet, han ordna bibliotek i Gulen, han skreiv historiebøker og ikkje minst ivra han for vaksinasjon. Eigenhendig vaksinerte han rundt 3500
mennesker i Gulen mot kopper, noko som gjorde at prestegjeldet gjekk bortimot heilt klar av ein koppeepedemi som gjekk i området.

Han var også stortingsmann, og var på Stortinget fire gongar, mellom anna i 1814, og han var ordførar i Gulen i ti år.
Også ein andreskapar må døy. Her ligg han.

Ein flott mann, altså. Men ein flott mann er ikkje alltid interessant. Derfor er det bra at han også hadde eit anna område han var engasjert i: Fråhaldssaka. Og vi kan seie at Dahl gjekk grundig til verks for å få bukt med alkoholen.

I 1820 kjøpte han sjenkestaden i Brekke, og i 1840 var det skjenkestaden i Skjerjehamn som stod for tur.  I 1847 fekk den gamle eigaren i Skjerjehamn kjøpe serveringsstaden attende, men då med ei fabelaktig avgrensing: Han fekk kun selgje alkohol til folk som ikkje budde i kommunen! Som NRK Sogn og Fjordane skriv i sitt Fylkesleksikon: «Berre folk på gjennomreise fekk svinge begeret i Skjerjehamn!»

Her snakkar vi fråhaldskamp med futt i!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar