tirsdag 20. mars 2012

Er det rettferdig?

Regjeringa hevdar at dei driv med ein asylpolitikk som er «human, rettferdig og konsekvent». Dei seier samstundes at kun dei av asylsøkjarane som fyller nokre svært strenge krav skal få vere i Norge. Dette er ein svært kreativ bruk av ordet «rettferdig».

Ein må spørje seg nokre spørsmål. Er det rettferdig at eg får ete meg mett kvar dag, medan andre ikkje får det? Er det rettferdig at eg slepp å uroe meg for om jobben min forsvinn, medan andre ikkje har ein jobb å gå til? Er det rettferdig at eg kan kjøpe dei bøkene eg vil, medan andre ikkje har pengar til å lære seg å lese? Er det rettferdig at eg får legehjelp for bagatellmessige ting som utslett, medan andre aldri får elemetære helsetenester? Er det rettferdig at eg kan gå kvar eg vil, medan andre ikkje kan late borna sine leike rundt husa på grunn av landminer eller «sikkerheitsmurar»? Er det rettferdig at eg har vore på fleire kontinent, medan andre aldri har hatt mogelegheit til å dra ut frå byen dei er født i? Er det rettferdig at eg lever i luksus, medan andre ikkje har ein brøkdel av mine ressursar, mogelegheiter og velferdsgoder?

Det er sjølvsagt ikkje rettferdig. I ei rettferdig verd har alle dei same mogelegheitene. Det vi gjer når vi stenger våre grenser for andre, er at vi er med på å oppretthalde den urettferdige strukturen i verda. Vi kallar dei som kjem hit for «lukkejegarar» og seier at det ikkje er bra nok for å få vere her i landet, medan vi sjølve flyttar til andre delar av landet eller andre land om ikkje den staden vi bur byr på jobbar eller kulturtilbod etter vår smak. Vi flyttar til andre bydelar for at borna våre skal få gå på dei gode skulane, medan vi nektar folk å kome til Norge for at borna deira i det heile tatt skal få skulegong. Vi jaktar på lukke og betre levevilkår frå vårt utgangspunkt, som er eit utgangspunkt marinert i privilegium, medan vi nektar andre å jakte på lukke og betre levevilkår frå utgangspunkt som er så langt vekke frå våre at vi ikkje er i stand til å fatte det.

Den store moralske krisa i asylpolitikken vår er ikkje at vi kastar born som er fødde og oppvaksne i Norge ut av landet og til land dei aldri har vore i. Det er ikkje at vi sender folk til tortur og svolt eller til samfunn utan infrastruktur. Det er ikkje at vi sender folk til eit liv på gata i Athen eller Torino. Dette er dei forferdelege konsekvensane av at vi fører ein politikk som handlar om å halde folk ute frå vår luksusverd. Der det som er våre sjølvsagte rettar og våre sjølvsagte gode ikkje vert rekna som sjølvsagt for andre. Det er den store moralske krisa.

Skal vi kunne snakke om ein rettferdig politikk må vi gje dei som kjem hit dei same rettane og mogelegheitene som vi har. Vi må sjå at kvar ein er født ikkje er det som skal styre kva mogelegheiter ein har i livet. Vi må sjå at våre goder og rettar er like sjølvsagte for andre som dei er for oss. Vi må sjå at det er ein menneskerett å søkje lukka.

Det er sjølvsagt problem som dukkar opp om ein fører ein slik politikk, men det er først om ein styrer etter desse prinsippa ein kan snakke om ein rettferdig politikk. No seier ein at ikkje alle har rett til å kome inn i Norge og få del i våre goder. Det er ikkje rettferdig. Det er grunnleggjande og systematisk urettferdigheit!

6 kommentarer:

Fetter André sa...

Kva tenker du ville vore rettferdig?

Steinar Sneås Skauge sa...

Det som i alle fall er nærmare rettferdig er at den retten til fritt å kunne ferdast over riksgrenser for å ta seg jobbar og betre tilhøva sine, ein rett vi tar som sjølvsagt og har formalisert gjennom lovverk, vert utvida til å gjelde alle, uavhengig av statsborgarskap.

På sikt må vi jobbe for å skape eit samfunn der skilnadane vert bygd ned, slik at staden ein vert født ikkje er avgjerande for kva utsikter ein har for livet. Dette er eit langsiktig mål, men det må framleis vere målet. På vegen dit trengs det radikale endringar i politikk og tenkemåtar, mellom anna på kva som er «rettferdig».

Arve Kjell Uthaug sa...

Har eg ein rett til fritt å kunna flytta til eit anna land og busetja meg der dersom eg vil?

Vil ikkje opne landegrenser føra til store folkeflyttingar, sterkt auka konfliktnivå og at eksisterande og ofte godt fungerande samfunnsstrukturar vil falla saman?

Du har heilt rett i det du så godt poengterer i starten av blogginnlegget. Det er ikkje rettferdig slik det er no. Men kan det vera at fri flytting over landegrensene vil skapa endå større problem og endå meir liding enn i dag, og at det er andre endringar som vil gje betre resultat?

Steinar Sneås Skauge sa...

EØS-avtale gjev oss rett til fritt å flytte på oss over landegrensene, og vi har liknande avtaler også for andre land. For mange land utan slike avtaler er det også ein rein formalitet for oss nordmenn å få det som vi vil, anten lovleg eller ved hjelp av pengar. Det er sjølvsagt land det ikkje er slik i, men alt i alt kan vi stort sett flytte på oss slik vi vil.

Fetter André sa...

Stort sett, er langt frå det same som fri flyt. Eg trur at 100% frie grenser ikkje er løysinga. Verda treng struktur og stabilitet for å være framsynt. Korleis skal ei regjering planleggje framtida om ein ikkje har gode peikepinnar til å hjelpe oss? Opne grenser er derfor ikkje løysinga for å få bort forskjellane i verda, då dei nettopp motarbeider dette. Ein treng absolutt fleksibilitet, men ikkje for ein kvar pris.

Eg trur at andre ting er viktigare enn frie grenser for å få ei meir rettferdig verd. Eg meiner kvart einskild land har ansvar for å gjere det som er best for befolkninga, og for å hjelpe andre land som treng det. Dette gjeld primært å sikre innbyggjarane matforsyningar, reint vatn, utdanning, stabile framtidsutsikter og tryggleik i kvardagen. Eg meiner det er mykje viktigare å hjelpe andre nasjonar til å oppnå dette, enn å opne grensene. Samtidig som ein ikkje gløymer seg sjølv. Lat oss feie for vår eiga dør, først!

At me her i Norge trakk eit lodd, betre enn førstepremien i lotto, er ikkje rettferdig. Heilt einig Steinar! Men eg er jammen glad eg trakk loddet likevel :)

Steinar Sneås Skauge sa...

Nei, stort sett er ikkje det same som fri flyt, men samstundes gjev vi oss sjølve rett til å flytte oss fritt innanfor den priviligerte delen av verda medan vi nektar andre å kome inn i det same området. EØS-avtala og Schengensamarbeidet set dette inn i system der vår priviligerte boble framstår som dei inngjerda rikmannsboligane som gjerdar seg inne bak høge murar for å halde dei fattige ute. Dette gjer vi samstundes som naboland til konfliktar og ulike katastrofar som kjem tar i mot millionar av flyktningar.

Ein møter snart på umogelege situasjonar når ein set ein nasjon sitt ansvar for dei som bur innan for nasjonsgrensene opp mot ansvaret for dei som bur utanfor grensene. Menneske er menneske uavhengig av nasjonalitet. All den tid nasjonar er bygde opp av menneske er ansvaret ein har for menneske likt uavhengig av om dei er innanfor eller utanfor ei nasjonal grense, då menneske har eit fellesmenneskeleg ansvar om å hjelpe kvarandre.

Å hjelpe andre nasjonar til å byggje opp velfungerande statsapparat står ikkje på nokon som helst måte i motsetnad til å gje folk rett til fritt å flytte på seg. Tvert om er det ein naturleg konsekvens av å sjå at alle menneske har dei same rettane. Ein gjev dei som ynskjer det del i dei rettane og pliktane ein får gjennom å bu i Norge/EØS, samstundes som ein og arbeider for at ikkje berre dei menneska som tilfeldigvis er fødde her eller har klart å kome seg hit på ulike måtar skal få del i dette.

Legg inn en kommentar