På torsdag går landet vårt inn i eit djupt mørke når vi vert det einaste landet i Europa som sender menneske til Etiopia. Regjeringa la «ein del ressursar» i å få sluttført denne avtalen som ikkje kan kallast noko anna enn skammeleg og djupt umoralsk.
Human Rights Watch skriv mellom anna følgjande i sin 2012-rapport om Etiopia:
Ethiopian authorities continued to severely restrict basic rights of freedom of expression, association, and assembly. Hundreds of Ethiopians in 2011 were arbitrarily arrested and detained and remain at risk of torture and ill-treatment.
Attacks on political opposition and dissent persisted throughout 2011, with mass arrests of ethnic Oromo, including members of the Oromo political opposition in March, and a wider crackdown with arrests of journalists and opposition politicians from June to September 2011.
[...]
Human Rights Watch continues to receive credible reports of arbitrary detention and serious abuses of civilians alleged to be members or supporters of ONLF. These civilians were being held in detention facilities in Ethiopia’s Somali region.
Long-term pre-trial detention without charge, often without access to counsel, is common, notably under the Anti-Terror law, which allows police to request additional investigation periods of 28 days each from a court before filing charges, for up to four months. Human Rights Watch is aware of at least 29 opposition party members, journalists, and an actor who at this writing were currently held in remand detention under the Anti-Terror law.
No independent domestic or international organization has access to all of Ethiopia's detention facilities; it is impossible to determine the number of political prisoners and others arbitrarily detained or their condition.Dette er altså landet regjeringa vel å arbeide hardt for å sende folk til...
[...]
On August 27, 2011, an Amnesty International delegation to Ethiopia was ordered to leave the country following a series of meetings with members of the political opposition; two of these members were arrested after their meeting with Amnesty International.
I Bergen bur det ein seks år gamal gut. Nathan, som denne guten heiter, er født og oppvaksen i Bergen. Denne guten, som berre er ein av mange i liknande situasjonar, kjenner ikkje noko anna liv enn livet som ein vanleg gut i Bergen. Likevel meiner Jens Stoltenberg at det er mest riktig å sende han til Etiopia. I eit brev som omhandlar denne særskilde saken seier han:
Barnets beste er et grunnleggende hensyn, fremhevet i både utlendingsloven og barnekonvensjonen. Det finnes imidlertid ikke alltid et entydig svar på hva som er barnets beste, og dette hensynet må veies opp mot andre viktige hensyn.Til dette er det å seie: Det er eit heilt eintydig svar på kva som er det beste for denne guten. Det beste for han, og andre born i same situasjon, er å få bli der dei har budd heile livet sitt. Det er å få vere ein stad der dei har vener, kan språket, går på skule og lever trygge liv. Det er ikkje å bli sendt med tvang til eit land som driv med vilkårlege arrestasjonar og tortur.
Regjeringa, med Stoltenberg i spissen, legg fram denne saka som om det er ei vanskeleg sak. Det er det ikkje. Alt talar for at ein ikkje kan sende folk til Eitiopia. Det er eit land som ikkje er i nærleiken av å halde menneskerettane og som ingen andre land det er naturleg å samanlikne seg med har liknande avtaler med. Ikkje minst er det eit land som heller ikkje vi hadde nokon avtale med før regjeringa fekk i stand ei slik avtale. Situasjonen er altså heilt sjølvpåført frå regjeringa si side. Dette er ein ynskja politikk frå regjeringa. Det er regjeringa som har vore aktive pådrivarar for å kome i ein situasjon der ein kan sende folk til eit regime som driv med tortur. Det er regjeringa sjølv som ikkje ser at born som har budd heile livet i Norge høyrer heime og har det best her.
Det er regjeringa som er skuld i denne situasjonen. Ikkje vaksne asylsøkarar, og minst av alle dei borna som har budd heile livet sitt i Norge. Men det er desse som må betale prisen for regjeringa sin politikk.
Eg vil be regjeringa om å stoppe denne umoralske og umennesklege politikken, men eg har ikkje nokon tru på at dei vil snu. Dette er ikkje eit problem ein er påført frå utsida. Dette er noko ein har arbeida fram mot og noko ein ynskjer frå regjeringa si side. Vis gjerne at eg tar feil, Jens Stoltenberg, men gjer du ikkje det vil torsdag verte ståande i historia som din mørkaste dag.
1 kommentar:
Eg trur dei som arbeider med asylpolitikk og asylsaker, må ha ein frykteleg vanskeleg jobb. Dei gjer sikkert så godt dei kan, og prøver - som oss andre - å gjera det rette. At ikkje alle som vil, kan få busetja seg permanent i Norge, skjønar eg òg.
Men når born har vokse opp i Norge, budd her i årevis og slått røtter her, då skjønar eg ikkje at familiane må reisa herifrå. Her kan norske styresmakter statuera eit eksempel. I det å vera medmenneskelege. La dei bli her, la omsynet til borna vega tyngst-
Arve Kjell Uthaug
Legg inn en kommentar