søndag 25. desember 2011

Veni Redemptor Gentium

Folkefrelsar, til oss kom,
fødd av møy i armodsdom!
Heile verdi undrast på
kvi du såleis koma må.
Herrens under her me ser,
ved Guds Ande dette skjer.
Livsens ord frå himmerik
vert i kjøt og blod oss lik.
Utan synd han boren er
som all synd for verdi ber.
Han er både Gud og mann,
alle folk han frelsa kan.
Frå Gud Fader kom han her,
heim til Gud hans vegar ber,
ned han fór til helheims land,
oppfór til Guds høgre hand.
Du som er Gud Fader lik,
ver i vanmakt sigerrik!
Med din guddoms velde kom,
styrk oss i vår armodsdom!
Klårt di krubbe skina kan,
ljoset nytt i natti rann,
naud og natt til ende er,
trui alltid ljoset ser.
Lov og takk, du Herre kjær,
som til verdi komen er!
Fader god og Ande blid,
lov og takk til evig tid!
Koreansk framstilling av juleevangeliet.
Biletet er henta frå denne bloggen, og mala av  Kim Gi-chang.

«Folkefrelsar til oss kom» er skrive av Ambrosius av Milano. Vi syng han i norsk omsetjing gjort av Bernt Støylen med melodi frå 1524. Salmen finn vi som nummer 1 i Norsk Salmebok.

fredag 23. desember 2011

Tollesmesse

Thorlákr i fronten på
Nidarosdomen.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
Før jula kjem inn over oss rekk vi å ta med oss ein helgendag av det lokale slaget. I 1133 vart Þorlákur Þórhallsson født på Island. Han vart født inn i ein fattig, men relativt viktig familie på Island. Der fekk han god utdanning, og som femtenåring vart han diakonvigsla, og fire år seinare prestevigsla.

1150-talet tilbrakte han stort sett studerande i Europa, og då han kom attende til Island hadde han med seg nye skikkar som sølibatet til kyrkja . Han braut med tradisjonen på Island og valgte å leve i sølibat, slik presteskapet på kontinentet måtte. Thorlákr levde som ein enkel prest, før han etterkvart grunnla eit augustinerkloster der han vart den første abbeden. Klosteret tiltrakk seg ein god del folk, og han grunnla etterkvart også eit nonnekloster.

Han var berre abbed i to år før Alltinget valgte han til biskop for Skálholt. Han vart mest truleg bispevigsla i Nidaros, for begge dei islandske bispedøma låg under Nidaros. Med seg frå erkebiskopen i Nidaros hadde han dei naudsynte fullmaktene og eit oppdrag. Han skulle få kyrkja på Island under kontroll. Private kyrkjebygg, som det var vanleg at prestar og andre hadde, skulle inn under kyrkja sin kontroll og legfolk skulle ikkje lenger få utnemne prestar. I tillegg forsøkte han å innføre prestesølibat, han fekk inn reglar om faste og skriftemål og andre ting. Dette gjorde han ikkje til nokon populær mann mellom dei med makt på Island, og han vart utsett for fleire drapsforsøk.

Sjølv levde han beskjedent med fokus på andelege verdiar. Han vart rekna som ein stor andeleg rådgjevar med omsorg for dei svake i samfunnet. 23. desember 1193 døydde han.

Kort tid etterpå byrja kulten rundt han. I 1198 opna ein grava hans og vaska beingrinda, noko som tilsvara ei heilagkåring, og i 1199 fastslo Alltinget at 23. desember skulle vere messedag for Thorlákr. Dette gjer han til den einaste som har blitt kanonisert av eit parlament og Island sin første helgen. Heilagkåringa vart ikkje gjort formelt av nokon pave før Johannes Paul II gjorde han til Island sin vernehelgen i 1984. Då hadde allereie ein kalenderrevisjon i Den katolske kyrkja flytta festdagen hans til 20. juli, men på Island held ein framelis på 23. desember. Det var også denne datoen som stod avmerka på norske primstavar. 23. desember var "Tollesmesse"

Statue av Thorlákr i
domkyrkja i Reykjavik.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
Relativt kort tid etter at han var død, vart hans vita skrive. Kyrkjehistorikanen Reidar Astås seier om det vi veit om Thorlákr at skriftene "ligger kronologisk sett så nær opp til den biograferte persons levetid, at den nødvendigvis etter sitt anlegg må ha et sterkt autentiskbiografisk preg når det gjelder kontrollerbare faktaopplysninger."

I den såkalla Jærtegnsboken,[1] ei samling med under knytta til Thorlákr som vart lese opp på Alltinget i 1199, var det også samla forteljingar om han. Undera knytta til han var relativt beskjedne, men kven kan mislike eit mirakel som dette?
En gang de på en gård fikk dårlig gjær i ølstampen, tok de den gamle bispestaven til Thorlákr og satte oppi brygget, og straks ble det god gjæring, og få hadde smakt så godt et øl som dette.
Thorlákr vart ein populær helgen, særleg på Island, Vestlandet, Helgeland og på Færøyane. Sansynlegvis på grunn av ryktet han hadde som ein som var på lag med dei små i samfunnet og stod mot dei mektige. I tillegg hjalp det sjølvsagt på med enkle, kvardagslege under som dette ølunderet. Over 50 kyrkjer vart vigsla til han på Island, og også i Norge vart det vigsla kyrkjer til St. Thorlákr.

Frå kanskje så tidleg som byrjinga av det trettande hundreåret har ein liturgiske tekstar til ære for Thorlákr, meint for bruk på dødsdagen hans, altså 23. desember. Desse tekstane vart sunge, men dei melodiane ein kjenner til i dag, er ikkje eldre enn 1300-talet. Uansett er det at ein har slike gamle tekstar knytt til islandske helgenar svært spesielt, då dei fleste slike tekstar forsvann i samband med reformasjonen. Vi sluttar av med ein av desse tekstane i mi omsetjing frå den engelske teksten ein finn her.
Gud, du har gjeve oss denne dagen,
denne velsigna dagen med festen for den heilage Þorlákur, ditt vitne og prest.
Ver nådig med bønene til di Kyrkje, slik at Ho kan få din tryggleik,
for hans skuld som aukar Hennar ære med sine gjerningar.
Med Jesus Kristus vår Herre
Amen
[1] Eg undrar meg på om dette er ei digitalisert utgåve av denne boka på islandsk, men språkkunnskapa rekk ikkje til. Kanskje nokon veit det? Eventuelt om ein kan finne denne på nett eller bokform på eit språk ein kan forstå?  

mandag 19. desember 2011

Tysk, ekspresjonistisk advent

I går brukte eg kvelden på å sjå Fritz Lang sin klassiskar Metropolis. I denne dystopien frå 1927 vert vi tatt med inn i ein framtidsby der ein finn ein overklasse som lev i luksus medan ein stor arbeidarklasse er gøymt vekk under jorda og brukar liva sine til å slite med farlege maskiner som driv den flotte byen over jorda. Til arbeidarane kjem det ei slags profetinne, Maria, som fortel korleis det skal kome ein "mellommann" som skal ordne opp mellom arbeidarane og dei rike. "Hender" og "hovud" treng ein mellommann, og denne mellommannen må vere "hjarta". Mellommannen viser seg å vere Freder, sonen til den eineveldige sjefen for byen. Han har kome ned til arbeidarane, som han ser på som sine syskjen, og vert forferda over det han ser der.

 Det er ikkje så vanskeleg å sjå nokre paralellar til ei anna kjent historie i europeisk kulturhistorie om ein annan mellommann som, etter profetiar, steig ned til sine syskjen frå sin far. Alt er sjølvsagt ikkje heilt likt, men også i Metropolis er det ei adventscene. På YouTube har nokon delt opp filmen i småklipp, og Maria sin tale der ho snakkar om han som skal kome er eit eige klipp. Anbefalast i adventstida, om ein berre ser vekk frå musikken som er lagt på her.

tirsdag 13. desember 2011

Jomfrua med ljosa

Den heilage jomfrua med sverdet gjennom halsen.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det er sjeldan med feiring av helgendagar i Skandinavia. Endå sjeldnare med helgenfeiringar der ein minnast ein helgen som ikkje var frå våre traktar. Dagen har kome inn i vår kultur gjennom barnehagar i desperat ritualjag, sikkert sidan det kan verke som om ein tidvis kappast i å gløyme at det er noko som heiter adventstid, som har med seg mange gode tradisjonar, og då må ein finne opp nye. Men det er klart: Meiner ein jula startar 1. desember har ein ikkje tid til noko lang adventstid.. (Ein skulle jo tru at det at ein kallar ein dag for "Første juledag" ville gje eit slags hint om når jula byrjar, men nei...)

Uansett. Skulle ein først finne seg ein ny skikk og oppfostre borna i, var dette langt frå det verste ein kunne finne. Det er vel heller finfint at ein på denne måten får inn nokre helgendagar slik at vi kan hugse kva tradisjon vi står i. Ein kan vanskeleg hevde at martyriet og det religiøse har vore langt framme i den populære luciakulten i Norge, men det opnar sjølvsagt for å snakke om slikt på ein måte ein vanskeleg kunne ha gjort utan kvitkledde småborn med gurkemeiebollar.

Forteljinga om Lucia er på mange måtar ei klassisk forteljing om ein av dei tidlege martyrane, noko som også gjer den fin som ei startforteljing for dei som ikkje er vane med helgenforteljingar.

Lucia var ei ung jente som levde på Sicilia rundt år 300. Vi veit ikkje så veldig mykje om henne. Det vi veit sikkert, er at ho levde då ho gjorde, og at ho vart drepen fordi ho var kristen. Resten er legendestoff som vi ikkje kan ta for anna enn det det er. Legendene seier at allereie som ung avla ho løfte om å leve kysk, og ville gje alt ho eigde til dei fattige, utan at ho fortalte om dette løftet til nokon. Ho vart etterkvart ei veldig vakker jente, og mora lova henen bort til ein ung, hedensk mann. Dette ville ikkje Lucia, og etter ei pilegrimsreise for å be om hjelp frå ei tidlegare heilag jomfru, slik Lucia vert hugsa som i dag, fekk ho lov av mora til å sleppe. Mannen som hadde fått beskjed om at han skulle få gifte seg med Lucia vart sjølvsagt sint for dette, og fortalde styresmaktene at Lucia var kristen. Dette var under dei verste forfølgingane av dei kristne, der det å ha ei kristen tru svært ofte vart straffa med dødsstraff. Lucia vart arrestert og torturert, utan at ho endra meining. Ho vart etterkvart dømt til å sendast til eit bordell og verte hore. Dei tok ho ut av fengselet og sette henne på ei oksekjerre for å frakte henne til bordellet. Då oppdaga ein at fleire okser og mange folk ikkje klarte å rikke kjerra. Den stod bom fast medan Lucia sat på henne. Sjefen for det heile måtte finne på noko, så han fekk lagt masse ved rundt føtene til Lucia, og dei sette fyr på dette. Lucia sat midt i bålet utan å verte skada. Så helte dei kokande vatn på henne, utan at dette heller skada henne. Til slutt tok dei eit sverd og køyrde inn i halsen på henne. Ho levde då framleis lenge nok til å få nattverd og kome med ein profeti om at snart skulle forfølgjinga av dei kristne ta slutt.

Kitch-bilete av Lucia med augene på eit fat.
Kanskje frå eit bønekort?
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I diverse legender og legendevariantar mister ho augene sine. Anten fordi ho riv dei ut sjølv, for å gje beilarar det dei skraut av utan å gje noko meir av seg sjølv, eller fordi dei vart stukke ut som ein del av torturen og drapet på henne. Dette gjer sjølvsagt at ho mellom anna er skytshelgen for synet, blindheit og augesjukdomar og at ho ofte er mala med augene sine på eit fat.

Om ein ynskjer det, kan ein lese meir om livet til Lucia i ein hagiografi frå middelalderen som eit jesuittuniversitet i New York har vore hyggelege og digitalisert. Som alt sagt er det meste ein veit om Lucia, og då særleg detaljane, legendestoff. Mykje liknar på andre jomfru- og martyrlegender, utan at dette gjer det uinteressant av den grunn.

Uansett fekk Lucia etterkvart ein stor plass i kyrkja. Ho var til dømes ei av kun sju kvinner bortsett frå Jomfru Maria som var med i Gregor den store sin liturgi.

Trass i at forteljinga om martyriet og den sterke trua ikkje kjem særleg fram i den luciamarkeringa ein ser i dag, er dette eit godt høve til å ta fram akkurat dette. Eg skal sjølv forsøke på det på ei gudsteneste i dag. Hjå oss har luciadagen blitt ein slags lysfest, og også der er det mykje ein kan bruke for å sette dette inn i sitt rette perspektiv. Lysa i advent og lysa i luciatoga peikar på det store lyset som kom til oss og som vi feirar i jula. Vi bør absolutt gripe sjansen til å gje lysorgien i desember det bakteppet den bør stå i, men som det er lett at ein ikkje får auge på i snakket om "innekos", "lys i mørketida", "familiehygge" og andre ting som i og for seg er fint og flott, men som ikkje seier oss noko meir.

Svensk luciafeiring.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Dei fleste av oss kan det første verset i den mest kjente luciasongen i Norge. I Barnesalmeboka står det to vers til. Desse versa bør brukast meir, for dei gjev denne helgendagen det rette perspektivet.

Svart senker natten seg i stall og stuer.
Solen har gått sin veg, skyggene truer.
Inn i vårt mørke hus, stiger med tente lys
Sancta Lucia, Sancta Lucia 
Ondskap og mørkets makt, frykten oss binder.
Hvitkledd hun holder vakt, lyset oss finner.
Hør hva hun kommer med: Ordet om julens fred.
Sancta Lucia, Sancta Lucia 
Midt i den mørke natt lysene brenner.
Hun holder lyset frem, håpet det tenner.
I Jesu sterke ord så hun en flamme stor.
Sancta Lucia, Sancta Lucia

"Svart senker natten seg" står på nummer 13 i Barnesalmeboka. 1. vers er skrive av Arvid Rosén medan Åge Haavik har skrive dei to siste versa.

lørdag 10. desember 2011

Krystallpalass og nedrykksmeistrar

Eg hamna for ei stund sidan i eit ordskifte om pussige namn på fotballklubbar, og då er det sjølvsagt umogeleg å kome utanom Crystal Palace F.C., eit gamalt engelsk lag som høyrast meir ut som ein residens for ein magikar i ei bok med fantastisk litteratur enn ein fotballklubb. Ei bok som kanskje endar i eit stort slag der Queens Park Rangers angrip Krystalpalasset og trollmannen som bur der.

Crystal Palace er uansett eit skikkeleg fotballag, utan at det sa oss noko om kvar namnet kom frå. Vi var klar over at det er eit område i London som heiter det same, men hadde aldri høyrt om noko krystallpalass ein burde ta ein titt på medan ein såg på dei andre tinga ein bør sjå i London. Så kvar kom dette namnet frå?

Crystal Palace F.C. vart stifta i 1905, og var då faktisk den andre klubben med dette namnet. Den første vart stifta allereie i 1861 og hadde ein stolt historie. Den var ein av dei klubbane som var med og grunnla det engelske fotballforbundet og kom til semifinalen i den første FA cupen. Klubben hadde eit kort liv og vart oppløyst i 1876. Det pussige namnet fekk klubben på grunn av arbeidsplassen til spelarane. Vi er nemleg attende på den tida då ein fotballklubb ofte var ei sameining av fotballinteresserte med same arbeidsplass eller bustad i staden for ein kommersiell maskin. Spelarne på Crystal Palace var vaktmeistrar i ei internasjonal utstilling ein hadde i Hyde Park. Og der stod det faktisk eit krystallpalass!

Krystallpalasset i Hyde Park.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
The Crystal Palace vart bygd til denne utstillinga som vart halde i 1851. Det var sjølve utstillingshallen som utstillinga vart halde i, og var på heie 92 000 kvadratmeter. Utstillinga skulle vise dei siste teknologiske nyvinningane, og bygget var i seg sjølve ein teknologisk triumf. Ein hadde kome opp med ein ny måte å bearbeide glas på, og dette palasset var den største samlinga med glas i eit bygg i verda.

Bygget var svære greier med fullvaksne tre veksande inne og ei fontene på åtte meter. Det var også den første staden ein sette opp offentlege toalett i stor skala.

Krystalpalasset etter at det vart flytta.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Etter at utstillinga var ferdig flytta ein heile greia. Krystallpalasset stod i delvis ny form i 1854. Flyttinga kosta nesten ti gonger så mykje som å bygge det hadde gjort, utan at det framstår som ei strålande investering. Palasset vart brukt til alt frå katteutstillingar til markering av kroning av konge og dronning, men det gjekk konkurs i 1911. Under første verdskrig brukte marinen det til treningsbase for 125 000 soldatar.

Det stod dårleg til med finansane til eigarane, og bygget skal ha vore prega av forfall. I 1936 hadde ein heller ikkje forsikra det skikkeleg, og då brann palasset ned til grunnen, noko som gjer at ei vitjing i krystallpalasset ikkje er ein obligatorisk del av turistløypa i London. Men i januar i år offentleggjorde Crystal Palace F.C. planar om å flytte attende til denne tomta. For det var nemleg også ei fotballbane i samband med glashuset. Det var der klubben kom frå, og no vil dei altså attende.

Den noverande klubben vart stifta i 1905 av folk som jobba i det siste krystallpalasset, og har ikkje noko meir å gjere med den gamle klubben enn namnet og arbeidsplassen til spelarane. Dette er ein klubb ein nesten må få sympati med, og ikkje berre på grunn av det fantastiske namnet. Sidan dei vart stifta har dei med stort hell halde seg vekk frå titlar, i alle fall av det store slaget. Dei har sjølvsagt vunne regionalserier og dermed rykka opp i systemet og slikt, og i 1991 vann dei den svært kortliva Zenith Data Systems Cup. St. Isidors minne har tidlegare tatt fram fotballag med negative rekordar, og også Crystal Palace er eit slikt lag. Sidan ein danna FA Premier Leauge i 1992, er Crystal Palace den klubben som har rykka ned flest gonger, med fire nedrykk. Dei har også rykka ned på strategiske tidspunkt. I den første PL-sesongen (92/93) rykka dei ned, og då ein spelte den einaste sesongen der fire lag rykka ned (94/95), var dei med der også. Dei var også eit av tre lag som rykka ned den einaste sesongen alle dei nyopprykka laga rykka rett ned att. (97/98)

Dette er altså klubben med det fantastiske namnet. Crystal Palace kjem faktisk frå eit krystallpalass, sjølv om det ikkje budde ein magikar der.

søndag 4. desember 2011

Adventstankar

Den gravide jomfrua.
Biletet er frå ei alter-
tavle i Sveits og ligg på
Wikimedia Commons.
I det siste har ein diskutert den nye omsetjinga av Bibelen. Det har særleg vore eit par ting som har vorte diskutert: Fader vår/ Vår Far og spørsmålet om det skal stå «jomfru» eller «ung kvinne» i Jesaja 7,14.

I Bibel 2011 står det altså «Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.» i staden for «Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.» «Møy» er altså blitt til «ung jente».

Dette er sjølvsagt noko det vert reagert på. Pussig argumentasjon som at «Underet er borte fra denne utgaven [...] Her er det nemlig snakk om et under og da er det bare ordet ”jomfru” som kan og skal benyttes!» kjem fram. Det vert og hevda at dette er å dundre laus på sanninga om at Jesus vart født av ei jomfru som ein del av ein «tsunami av bibelskepsis som velter inn over de unge i samfunn, kirke og teologi». Frå heilt andre kretser slår ein bombastisk og kunnskapslaust fast at no «kan debattene om hvorvidt Jesu mor var jomfru og like vel fødte en sønn stilne av. I den nye Bibelen, som tas i bruk fra 22. oktober, er jomfru Maria blitt til «ung kvinne».»

Eg nemner slike reaksjonar fordi eg meiner dei bommar. Eg trur den nye omsetjinga kan gjere trua på jomfrufødselen sterkare. Det som nemleg kjem tydlegare fram i den omsetjinga vi no har fått, er det unødvendige med jomfrufødselen. Det er fullt mogeleg å bedrive kontrafaktisk teologi hjå dei første kristne og tenkje seg inkarnasjonen utan noko som helst snakk om jomfrufødsel. Det vert kanhende litt annleis, men den seinare soningsdøden kan fint verte like viktig og sentral.

Folk i Middelhavsområdet for 2000 år sidan var fullt klar over korleis born vart til. Å snakke om at ei mor var jomfru var like lite eigna til å framstå som truverdig då som no. Det at dei første kristne likevel valgte å fortelje om jomfrufødselen tyder på at dei meinte dette var viktig å fortelje om. Det var så viktig at dei valgte å fortelje dette med dei konsekvensane det fekk for truverdet på det dei sa. Det hadde dei ikkje gjort om ikkje dei trudde det var sant.

Dette vert endå tydelegare i den nye omsetjinga. Jomfrufødselen er sjølvsagt ikkje borte frå Bibelen. Ordlyden i GT gjer ikkje at dei mykje tydlegare orda i NT endrar meining, men vi ser tydelegare korleis læra om jomfrufødsel ikkje er noko dei første kristne tok med seg som ei krampeaktig lære dei arva frå eldre skrifter, men korleis dette var noko dei trudde på og tok med i sine skrifter, til trass for at det var eit like dårleg salsargument for ei ny lære då som no. Dette gjorde dei ikkje fordi dei måtte, men fordi dei meinte det var slik Jesus vart til.

Fra Angelico sitt maleri av denne forteljinga.
Biletet ligg på Wikimedia Commons.
Vi går vidare i adventstida med forteljinga om jomfrua som får bodskapen om at ho skal få ein son:
Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:
          «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
          
    Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
          og du skal gje han namnet Jesus.
          
    Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
          Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
          
    Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
          og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Engelen svara:
          «Den heilage ande skal koma over deg,
          og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
          Difor skal òg barnet som blir fødd,
          vera heilagt og kallast Guds Son.
Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne. Luk 1,26.37

torsdag 1. desember 2011

Dagen for oppløysing av militæret

President Ferrer knuser ein vegg i Curatel Bellavista som eit
symbol på at han legg ned militæret.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne vil i dag ta fram ein sak til inspirasjon. 1. desember 1948 oppløyste José Figueres Ferrer, presidenten i Costa Rica, landet sitt militærvesen etter at han hadde gått sigrande ut av ein borgarkrig. Etter dette har ikkje landet hatt militære styrker, og i 1949 kom ei ny grunnlov. Denne slår «ovanligt nog fast att landet inte ska ha någon armé», som den svenske ambasaden formulerer det på sine landsider om landet.

Det er sjølvsagt enorme summar å spare på eit slikt grep, og også når det gjeld omfordelinga av desse pengane går Costa Rica føre med eit strålande døme for oss andre. Dei brukar sjølvsagt noko pengar på sikkerheit, men det flotte er at dei også brukar dei pengane dei «får til overs» på utdanning og kultur. For å understreke sine forpliktingar som eit kulturland, har ein gjort om det gamle militærhovudkvarteret, Curatel Bellavista, til nasjonalmuseum. Då ein gjorde det, reiv ein også tårna på bygget, for å fjerne det militære preget på hovudstaden.

Landet brukar som sagt noko pengar på sikkerheit sjøl om dei ikkje har noko militærvesen. Dei har ein liten styrke dei kallar Fuerza Pública som består av rundt 6000 mann som har ansvar for vanleg politiverksemd, sikkerheit, ro og orden. Dette er delvis ein politistyrke, delvis spesialeiningar, grensevakter, kystvakt og likande.

Det vert gjerne hevda at ein må ha eit militærvesen for at eit land skal fungere og vere trygt. Den svenske ambasaden seier følgjande om Costa Rica:
Costa Rica är ett land som skiljer sig markant från resten av Centralamerika. Till skillnad mot i grannländerna, har den costaricanska befolkningen levt i fred och demokrati sedan 1948 då landets militär avskaffades. Den sociala och ekonomiska utvecklingen är i ett regionalt perspektiv långt framskriden. Utbildningsnivån är god och strukturen på landets näringsliv har moderniserats.
Eg seier berre: Sjå til Costa Rica!