tirsdag 25. oktober 2011

Mysteriet med dei eksploderande paddene

Eksplosjonsfare!
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I april 2005 vart Hamburgområdet ramma av ein serie hendingar som kunne vore tatt rett ut av ei bok av Haruki Murakami. St. Isidors minne tar eit skritt utanfor sin vanlege tematikk og tar opp mysteriet med dei eksploderande paddene.

I april 2005 fann ein over tusen oppsvulma, eksploderte og då sjølvsagt daude padder i eit overklassestrøk i Hamburg. Også danske grenseområde vart ramma av denne paddeepedemien som spreidde frykt både mellom dyrehelsestyresmaktene og vanlege folk. Særleg eitt vatn var hardt ramma av dei bisarre dødsfalla.

Det som skjedde med dei stakkars paddene var at dei svulma opp som ein ballong medan dei rykka og hadde kramper i fleire minutt. Så eksploderte dei plutseleg. Innvollene vart spreidde over eit så stort område som ein heil kvadratmeter, men dei stakkars paddene døydde faktisk ikkje umiddelbart, men måtte lide i fleire minutt før dei endeleg fekk døy. Avisene kalla vatnet «Dødsvatnet» og råda born og hundar til å halde seg vekke.

Det vart sjølvsagt spekulasjonar rundt kva som skjedde. Enkelte meinte paddene tok sjølvmord, medan andre meinte, kanskje meir truverdig, at det skuldast sjukdom frå hestar. Ein tok sjølvsagt prøver av vatnet, utan å finne noko gale.

Til slutt fann ein ekspert på amfibium ei løysing på mysteriet. Det var kråker som stod bak. Frank Mutschmann, altså eksperten, oppdaga at alle paddene hadde eit lite hol på ryggen, på storleik med eit fuglenebb. Så oppdaga han at dei også mangla leveren sin. Ingenting anna var vekke. Han meinte at dette peika på kråkene; dei var kloke nok til å vite at huden på padda var giftig, og at det einaste etande var leveren. Andre dyr hadde gjerne ete heile padda. Når først ei kråke hadde fått ideen til å gjere dette, er dei andre kråkene smarte nok til å lære, og epedemien av eksploderande padder var eit faktum.

Når padda så merkar at han har vorte angrepe og at leveren er vekke, slår den naturlege forsvarsmekanismen for ei padde inn. Han bles seg opp. Då kjem eit nytt problem: Utan ribbein eller noko skal som held dei saman, er det leveren som stoppar oppblåsinga frå å gå amok. Utan leveren på plass, bles lungene seg opp til det heile går gale og padda eksploderer.

Ei historie for god til å gløymast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar