onsdag 19. oktober 2011

Hurra for Bibel 2011

I dag har altså Bibel 2011 kome ut. Ut frå det eg har sett av GT, der heile kom i dag, og lese i NT som kom i 2005, er dette verkeleg bra saker. Den nye omsetjinga er prega av lettare formuleringar, noko som gjer at han vert meir brukande for folk. Samstundes ligg han tettare på bibelsk språkføring ein del stader, noko som er spanande, men ikkje alltid gjer det lett å lese... Ordmengda er også korta ned i høve til forrige omsetjing, noko eg trur er bra. Korte og konsise formuleringar er betre enn lange og kronglete.

Den forrige bibelomsetjinga vart kalla for verdas beste av Bo Giertz. Til no verkar denne endå betre. Eg trur min favorittforbetring er at han som vart kalla Junias i 78-omsetjinga, no har det meir riktige namnet Junia, og med det får ein ei kvinne med tittelen apostel! Spanande!

Eg har også lyst til å legge inn litt reklame for eige verk i samband med lanseringa. Hovudartikkelen på Wikipedia denne veka er Bibelen i Norge som tar for seg dei ulike bibelomsetjingane vi har hatt i landet vårt sidan Stórn på 1200-talet. Artikkelen er skreve av underteikna, og er nok mitt hovudverk på Wikipedia. I samband med den nye omsetjinga kan det høve godt med ein gjennomgang av korleis Bibelen har vorte omsett til norsk gjennom åra. Verdt ein titt.

5 kommentarer:

Arve Kjell Uthaug sa...

Ja, dette er ein stor dag. Eg har ikkje rokke meir enn å tusla bort på den lokale bokbua og henta den nye bibelomsetjinga, og så lesa ein gong gjennom Første Mosebok kapittel 1.

Men der står det jo ganske mykje. Inntrykket mitt er at omsetjarane har gjort ein super jobb. Språkleg sett er det eigentleg ikkje eit veldig stort steg frå omsetjinga som kom i 1978/85. Men dei små endringane som er gjort, er stort sett gode, og i eitt tilfelle også spennande.

Berre smak på formuleringa "Og slik vart det"; kor mykje ledigare ho er enn "Og det vart så", slik det tidlegare stod. Det høyrest òg bra ut at Gud skapte mennesket "som mann og kvinne". At ordet "fruktbar" har stiltra seg inn i det nynorske bibelspråket, og at lys har kome i staden for ljos, verkar òg klokt (utan eit vondt ord om det vakre ordet ljos).

Den verkeleg spennande formuleringa kjem i vers 11:

Gud sa: ´Jorda skal bli grøn!´".

Så enkelt og poetisk kan altså Guds store skaparprosjekt formulerast. Fantastisk! Eg finn ikkje denne setninga i dei andre biblane eg har kikka i, og må tilstå at eg lurar litt på kor godt feste ho har i grunnteksten. Kanskje har poetane lokka med seg omsetjarane her? Eg veit ikkje, eg kan dessverre ikkje språka som grunnteksten er skrive på. Setninga om at jorda skal bli grøn, bør i alle fall gleda alle som har engasjert seg i partiet Dei grøne... Men, spøk til side, det er ei verkeleg spennande formulering.

Sjølv om inntrykket frå første kapitlet i Genesis er godt, er det ein liten nedtur. I slutten av kapittelet ser Gud på alt han har skapt, "og sjå, det var svært godt!". Her hjelper det dessverre ikkje at det er putta inn eit ropeteikn. "Svært godt" vert for platt og puslete. Dette ordlaget møter vi mange gonger kvar dag. Typisk er det å møta formuleringa i vurderingar av prøvar og oppgåver der eleven har gjort ein bra innsats. "Svært godt!", skriv gjerne læraren då. I første kapitlet i Bibelen er det snakk om prestasjonar på eit heilt anna nivå. Det burde språket òg spegla. Her var "overlag godt", som var nytta i den førre bibelomsetjinga, langt betre.

Men i det store og heile, gav det stor glede å lesa det første kapitlet i den nye bibelomsetjinga.

Arve Kjell Uthaug,
Frekhaug

Steinar Sneås Skauge sa...

Sjølv gjekk eg på ein smell i går. Eg kjøpte meg ein Bibel utan å sjå kva målføre han var på. Det viste seg at eg kom heim med bokmålsutgåva, så eg har ikkje fått sett i han. Tenkte å stikke innom og bytte til ein på landsmål i løpet av dagen, så fram til det må eg nok halde meg vekke frå den eg har kjøpt....

Steinar Sneås Skauge sa...

No har eg også fått lese 1. Mos 1, og eg er heilt samd i det du seier, Arve Kjell. Alt i alt megte bra første kapittel.

Og sjølvsagt må ein like orda «Jorda skal bli grøn!»

Anonym sa...

Eventyr er og blir eventyr, og verdiløst.

Steinar Sneås Skauge sa...

Den anonyme bør slå opp i næraste bok om litteraturvitskap og lese seg opp på kva som definerer eit eventyr. Det kan sjå ut som om personen vil få seg ei lærerik stund.

Men eventyr er ikkje verdilause. Tenk kva verda hadde vore utan dei fantastiske forteljingane til Sherasad, forteljingane om Oskeladden, brødrene Grimm sine verker og liknande.

Legg inn en kommentar